Ferdig med å lesa siste Harry Potter-bok; Deathly Hallows

Då er eg ferdig med å lesa den siste Harry Potter-boki, Deathly Hallows. I går natt var meg, Rebecca, Tonje og ein haug andre i byen for å kaupa boki eitt minutt yver eitt då ho vart sluppe. Fredagen fyrr fekk eg ein utruleg hug til å lesa boki raskt. Ikkje la heile verdi få lest ho fyrr meg. Og no er eg altso ferdig, ikkje alt for lengje etter det var mogleg å få henne. Og du treng ikkje lesa med lukka augo, for eg vil ikkje spolera boki.

No vil eg eigentleg berre fyka av garde, so eg limer inn ymse ting eg hev skrive til andre. Ein lett enkel måte å unngå å seia dei same tinga om att heile tidi.

Meg og Børge um «spoleringar» (spoilers, uh)

me: Hei, ferdig med Deathly Hallows?
Børge: nope, har akkurat startet på kapittel 9
du er alt for rask! : )
me: hehe. [nose smile] Koseleg.
Herleg at du tek deg tid, berre ikkje kom borti for mange folk som vil øydeleggja for deg.
Det er no same kva ganske vanskeleg, sidan boki er komplisert nok til at det er umogleg å «spoila» mykje med mindre du ynskjer å høyra det sjølv.
Børge: nei, det er det jeg er redd for, da..
ok, godt : )
me: Og dei fleste spoilarane eg hev lese no er berre tull.
(eller ikkje serleg viktuge)
Eg klarar ikkje formulera ein skikkeleg bra spoiler sjølv heller, for det finst eigentleg ikkje [tongue]

Meg og Leif Arne

Leif: [Leif Arne tinga boki til jobben] So eg får henne i morgon.
me: Hum. Er best å kaupa i butikken [nose wink] Då fær ein boki med ein gong.
Leif: Du har nog rett!
Men du er ferdig?
me: Ja, eg var ferdig for litt sidan. So no hev eg ete, dusja, rydda huset, teke ut av oppvaskmaskini og alt anna som hev ligge brakk sidan i går natt.
Leif: hehe
Då var ho god lesnad?
me: Ja, absolutt-absolutt [grin]
Leif: Trist å vera ferdig med serien?
Sent at 7:54 PM on Sunday
me: Nei, den siste boki er so ekstremt god og so fantastisk herleg spanande, oppklårande og søt at det berre kjennest godt. [tongue]
Leif: Oioi, det er imponerande.
me: Detaljert med mykje herleg informasjon, mange hopp, krinkar og krokar. :]
Leif: Eg gler meg alt.
Kva er sidetalet?
me: 607. [nose smile]
Leif: Det er kann henda til og med stuttare enn den førre?
me: Ja, ikkje veit eg. Ganske likt vil eg seia. Ser iallfall like feit ut.

16 tankar om “Ferdig med å lesa siste Harry Potter-bok; Deathly Hallows

  1. Monique

    Eg e ferdig, eg e ferdig!:D Gawd, eg føle meg heilt tom. Det e någe som mangle i livet mitt, tror eg. F.eks flere Harry Potter bøker, eller Rupert Grint.

  2. Espen Aarhus Klausen

    Odin, me lure oss bare sjøl. Heller ver oppriktig nå å innrømm at bogå va ei bøtta me hesteavføring og gå videre me live ditt! Ingen e interessert i lesa løgner!

  3. Odin

    Monique: Hehe, mm. Herleg bok. Koseleg å sjå at du hev kome med innspel i det sista :D Sers bra :D

    Espen: Det er ikkje lygn, du hev jo ikkje lese bøkene ein gong. Du veit ingenting :-) Eg var vel òg mot Harry Potter fyrr eg las bøkene. Eller, eg meiner framleis det kunne vore hypa litt mindre, men eg forstår betre kvifor det er slik no.

  4. Kristine

    Hmm.. Himla kjapp du var med å lesa den ferdig da! Eg var ikkje ferdig før på mondagskveld, eg. (Men eg har bøttevis med grunnar for det, men det er kategorisert for spesielt interesserte). Det eg egentlig sko sei var at eg tok meg den fridomen å leggja deg til på koplingslista på den rykande ferske bloggen min:]

    (faktisk så rykande fersk at det ikkje står noko der, enda)

  5. Odin

    Kristine: Ja, eg er ein, uh, kjapp ein ;-) Eg hev òg grunnar for å vera so sein, eg hang på laurdag kveld leeengje med kameraten min Espen etter me hadde vore på kino. So eg kunne vore raskare. Dessutan sov eg lengje og godt. :-)

    Jadå, flott det :-) Eg hev ikkje ei slik lenkjelista sjølv, men eg tek det vel attende når eg fiksar på heimesida mi.

  6. Odin

    Espen: Ja, det er jo leeeeengje! Du kom tidleg, me såg film og du hang. Til saman, lang tid. :-)

  7. børge

    Nå er jeg og ferdig, og jeg må si et par ting:

    Først: Det var dust av deg å si så mye som du sa, for når du sier at det ikke finnes noen én stor spoiler, så er jo det en enorm spoiler i seg selv. For da sier du jo at:

    Ingen av de virkelig viktige personene, Harry, Ron, Hermione, og sansyligvis heller ikke Ginny eller Hagrid, dør.

    Hverken Ron/Hermione eller Ginny/Harry har seg, og ingen store forandringer i forhold (Harry/Hermione) finner sted.

    Det skjer ingen veldig alvorlige splittelser mellom hovedpersonene (det var jo et par litt alvorlige, men ikke noe veldig seriøst)

    og kanskje noe mer også som jeg ikke har kommet på. Så alt i alt så var nok du den som spoila mest for meg. Den eneste andre «spoiler»en jeg leste viste seg å ikke stemme.

    Annen: Argh, boka var ganske skuffende og middelmådig.. Sorry, Odin. Spesielt ble jeg skuffa over epilogen, som var så sukkersøt at det var rent kvalmende..

    Tredje: Før boka kom ut virka Rowling veldig opptatt av å sørge for at franchisen ikke skulle kunne ta helt av, og en annen forfatter fortsette med nye HP-bøker etter hennes død. Men nå har hun jo avslutta det så open-ended som det over hodet er mulig å gjøre det! Ikke bare kan historien om Harry Potter etter at Voldemort er død bli fortalt, men også historien om barna hans og Ron/Hermiones barn. Jeg ser for meg tegneserier om barna på Disney Channel, på samme måte som Løvenes Konge har ført til masse tullete Timon & Pumba-tegneserier. Ugh!

    «Finished ‘Potter’? Rowling tells what happens next»:http://www.msnbc.msn.com/id/19959323/ «Stop your sobbing! More Potter to come»:http://www.msnbc.msn.com/id/19935372/

  8. Odin

    Børge: Innspelet hev ligge i moderasjonskø sidan eg ikkje hev noko stort av internett på turen min gjennom Noreg.

    Og det er heilt rett det du seier um spolering. Tenkte ikkje so langt :p

    Sjølv syntest eg boki var god. Vil du utdjupa kvifor han var skuffande og middelmåtig? Epilogen likte ikkje eg heller stort. Eg hadde nok eigentleg ynskja at det hadde vore litt meir negativ slutt, men dei som verkeleg likar HP-bøkene ser alle ut til å vilja hava ei slik ending. So eg er ikkje einig med deg i at boki er middelmåtig.

    Eg tenkte på det sjølv; ho fær jo ikkje total slutt på alt av HP på denne måten. Men han er ikkje spesiell lengre, må ha vore noko slikt ho meinte. Det er ein definitiv slutt, Voldemort står ikkje opp att.

  9. Egil

    Boken var bra (hadde ein aen bok som måtte lesast først, sjøl om eg skaffa an sama dag) men epilogen var fantastisk drit.

  10. Synnøve

    Det som verkeleg irriterer meg, er at Rowling i alle intervju etter at boki kom ut, på daud og liv skal fortelja oss kva som hende etter hovudhandlingi var ferdig, eller koma med «informasjon» um hovud- og bipersonar, altso stoff som ikkje vart med i bøkene. Eg meiner, kvifor kann ho ikkje overlata slikt til fantasien åt lesaren? Ho freistar tydelegvis å hindra fansen i å danna eigne idear (utan å lukkast, heldigvis). Sjølv hev eg den haldningi at stend det ikkje i boki, er det ikkje canon.

  11. Odin

    Synnøve: Vel, det er no mange-mange som faktisk vil hava den informasjonen. Det er sikkert endå fleire som hadde vore irriterte um ho ikkje hadde sagt meir.

  12. Synnøve

    Greitt nok, men eg tykkjer det vert feil å kalla det «informasjon». Det er rettare å kalla det for «Rowling sine idear um kva som hende etter at boki var ferdig». Eg vilde føretrekt at ho havde sagt meir um det som faktisk hev stande i bøkene, og som ikkje er skikkeleg klåra upp i.(Kva tyder det til dømes at foreldri til Harry hev fornekta Voldemort tri gonger?)

  13. Rebecca

    Grrrrrrrrrrr! Jeg har nevene knytta etter å ha lest alle de negative kommentarene her. Jeg forstår dere ikke, men jeg skal holde kjeft, for de kommentarene jeg gjerne vil komme med til disse biiiiip personene er ikke særlig barnevennlige, akkurat. Hvis noen fornærmer Harry Potter eller J.K Rowling blir jeg personlig dødsfornærma sjøl.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.