Harry Potter og Føniksorderen saug faktisk ikkje

Det starta med Harry Potter-filmane 1 (Dei vises stein) og 2 (Mysteriekammeret), heilt greie typiske Hollywood-filmar. Eg var slett ikkje imponert – det hadde vore ei av dei litt betre filmane me kann sjå på TV Noreg (ikkje å hoppa i taket for altso). Den tredje filmen kunne eg sjå, smila og gløyma. Ingenting vondt um det, filmen var god den. Eg irriterte meg ikkje stort. Det er lengje sidan eg hev sett honom, men eg trur eg kunna gjeve han 3,5 av 6. Yver snittet altso.

So kom den fjerde (Ildbegeret)

Å hekkan. Eg hugsar den filmen godt. Eg hugsar då eg køyrde Rebecca heim og prata sers eldhuga um filmen, ganske likt i kveld faktisk. Men eldhugen eg hadde var alt frå positiv um filmen. Eg var so totalt fullstendig forskrekka yver den søppelhaugen av ein film dei hadde klårt kasta saman. Den filmen var dårleg. Manusforfattar hadde gjort ein reint elendig jobb. Ein viktug ting å hugsa for Harry Potter-tilhengjarar, manusforfatterar og regissørar;

Bøker og film er forskjellege kunstformar.

Du kann ikkje laga god film av god bok utan god tilrettelegging. Og ikkje prøv å få med so mykje som mogleg av boki – ikkje lat ho diktera filmen! Sjølve handverket i filmen var godt – men regissør og manusforfattar hadde verkeleg lagt doavlaupet ned i grunnvatnet og øydelagt filmen frå rota. Enkeltståande scenor i filmen var gode, men sett saman til ein film, held det ikkje.

Ei radikal endring med Harry Potter og Føniksorderen

På same måte som sist køyrde eg og Rebecca heim medan eg ivrig prata um filmen. Denne gongen var det ei mengd positive ord som flaug mot vindskjermen. Produsent hadde gjort det einaste fornuftige og sparka heile gjengen med kreativ kontroll etter den skandalen med førre film. I all hovudsak er det tri funksjonar som hev vorte signa med nye sinn.

  1. *Regissør David Yates* hev gjort ein stor, stor jobb. Eg trur mykja av æra til at denne filmen er so fantastisk god ligg hjå han. Historieforteljingi er framifrå i Føniksorderen, medan førre film var eit skrekkdøme på det motsette.

    Filmen er ei rein glede med Yates sitt gode arbeid med skodespelerane (dei syg ikkje i denne filmen(!)) og sitt tydelege blikk for båesmå detaljar og den viktuge heilskapen. Han hev laga ein mykje meir utradisjonell film enn kva dei andre viste, ein meir, um eg fær seia det europeisk film. No er eg ingen filmkjenner, men måten Yates fortel med kjenslor, ljos og musikk medan han frir seg meir frå den tunge Hollywood-trøya og lagar ein film som er mykje mindre «korrekt» viser meg at her er ein «europeisk» film.

    Elles gjeng òg manusforfattar Michael Goldenberg herunder, for det er sikkert mykje av honoms æra at filmen er so godt samansveisa no og ikkje berre ein haug enkeltscenor som er slengt inn «fordi dei må vera der». Det er mykje morosam dialog i filmen, mange replikkar teke rett frå boki (i fylgje Rebecca) og mange lure løysingar på korleis ein gjer bok til film utan å verta diktert av boki.

    Elles hev Mark Day som hev klippt filmen gjort ein fantastisk jobb, eg veit ikkje kor mykje som er Yates og kor mykje som er Day av den spreke og godt klippa filmen me hev fengje. Men redigeringi var iallfall spektakulær.

  2. *Musikken av Nicholas Hooper* var heilt fantastisk. Eg hadde aldri meint at førre musikkskribent burde sparkast, han hev vore med frå starten og laga flott musikk til filmen. Men Nicholas Hooper hev gjort ein endå betre jobb, saman med det nye blodet til Yates klarar dei laga fantastisk ferske scenor som det er ein fryd å sjå. Eg vart verkeleg positivt yverraska yver musikken.
  3. *Fotograf Slawomir Idziak* hev leikt med ljoset, funne kameravinklar som hev understrekt meiningi til biletet og vald rette linsor. Han hev turd bruka vidvinkellinsor som me sjeldan ser i denne typen filmar, og han hev gjort alt saman på ein fantastisk smakfull måte.

    Eg vart ikkje serleg yverraska då eg fann ut at fotografen til Føniksorderen er same fotograf som eg hev på ein film eg hev sett berre grunna fotografien; La double vie de Véronique. Den filmen hev eg i samlingi mi for fantastiske bilete og intelligent bruk av fargar. Mange meiner at den meir kjende filmen «Le Fabuleux destin d’Amélie Poulain» er inspirert av denne (og det er jo òg ein vakker fotografert film).

    Ein annan ting som kann henda hev mykje med kvifor eg elska bileti i denne filmen, er at me såg han digitalt på ein 2k-prosjektør (trur eg iallfall). Eg vart so utruleg yverraska då eg såg dei fyrste bileti i filmen, eg vart med ein gong hugteken av kvaliteten. Eg hadde vanskar med å skjula kor godt det var å sjå so ekstremt god biletekvalitet. Frå då visste eg at eg ville sjå filmen slik han var meint til å sjåast, og eg vart glad.

    For eitt år sidan var eg i Oslo på «Digital Cinema conference», der eg høyrde fyren som fargekorrigerte Føniksorderen prata um korleis han hata filmkopiar. Mykje av det harde arbeidet honoms gjekk vekk i filmkopiane. Men sidan me såg ein digital kopi skjedde ikkje dette. Bileti var sjølvsagt òg sylskarpe. Film er verkeleg bra på kino att!

Skodespelarprestasjonar

Det einaste eg beit meg merke i av opplagt negative ting, var at ho som speler Ginny ikkje klarte å le truverdig når dei hadde jolemiddag. Det irriterte meg. Elles spelte Humlesnurr ekstremt mykje betre no, etter tragedien i førre film. No er han mykje nærare slik Humlesnurr skal vera, sjølv um han framleis ikkje er Humlesnurr på same måte som han førre fyren var det. Hovudskodespelerane gjorde det òg mykje betre i denne filmen, eg er van med å grina yver kor dårleg Daniel Radcliffe (Harry Potter) speler, men denne gongen var han ganske OK. Rupert Grint (Ronny) speler bra, som normalt (som eg må innrømma, trass i at Rebecca meiner det same og hev sagt so fyrr meg (:P)) og Emma Watson (Hermoine) speler betre enn fyrr. Imelda Stauton (Dolores Umbridge) treng eg nesten ikkje nemna, ho er perfekt i rolla.

God underhaldningsfilm

Jepp. Det vart kann henda litt langt, men slik er det no ein gong. Eg vil gjerne sjå denne filmen endå ein gong for å finna problem med han. Eg hadde forventa noko so dårleg at eg ikkje tenkte eg trong sjå nøye etter for feil. Der tok eg altso feil.

Dette er ein god film for kva det er. Det er nok langt frå min favorittfilm, trass kor positivt yverraska eg vart og trass kor mykje bra eg hev skrive um han. Eg hev ganske enkelt sett filmen inn i ein bås (Hollywood underhaldningsfilm laga frå populær bok) og hatt forventningane mine deretter. Sjølv um eg er freista til å gjeva han 6/6 for å vera langt yver det eg trudde slike filmar kunne vera, so lyt eg ikkje gjeva han meir enn 5/6 um eg ikkje skal diskriminera på sjanger. Hehe.

Men det gjorde altso ikkje vondt i hjarta å sjå Harry Potter og Føniksorderen.

Ein tanke om “Harry Potter og Føniksorderen saug faktisk ikkje

  1. Monique

    Akk, du e så dramatisk du.

    Eg tror ikkje eg la merka t någe av det du snakte om, egentlig. Foruten at eg hadde lyst t å kaldkvela Umbridge, me det e jo ein bra ting. Eg hadde sett filmen uansett om han va dritt eller ei, bare fordi Rupert og tvillingene e med i an. Emma Watson kan ikkje spella «fo shit».

    Koselig å se deg igjen i går:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.