Helg i Kviteseid

Frå fredag til måndag var meg og Rebecca i Kviteseid. Familien min hev no yverteke barndomshuset til mamma der. Butikken i underetasjen er lagt ned (og rydda), og sjølve huset er ein feriestad no. Eg likar meg kjempegodt i Kviteseid, og er sers glad for at Rebecca kjenner det same. Me vitjar nok Kviteseid ein del når me vert faste Oslo-buarar båe tvo :-)

Me hadde ein fin biltur fram, trass i at me køyrde oss vekk. Eller, eigentleg ikkje – eg hugsa stoppet me køyrde forbi, men trudde me kunne velja ein annan veg. Etter eit par mil var eg heilt vekk. Me fortsatte og fortsatte. Etter kombinert dopause og kartlesing fann me ut at me var på veg til Hovden. Litt lengre oppe låg Haukeli. So eg hev no køyrd yver Haukeli for fyrste gong. Me vart mykje raskare framme enn det eg hadde rekna, men eg trur likevel Haukeli-vegen er lengre enn om Åmli.

Var flott i Kviteseid som alltid. Herleg og roleg. Det er ein fantastisk plass, ingen støy. Det er so rart å kjenna det på kroppen. All ljoden ein normalt ikkje merkar når ein er inne heime (i ein by) summar heile tidi i bakhovudet. Me hadde eit par rolege dagar, der den største oppgåva var å laga middag kvar dag. Det var veldig moro, men vart ein god del omelett (som eg hev vorte so god å laga :p Heh). Me hev lese bøker og Rebecca hev inspisert huset. Herleg.

Men det hev ikkje berre vore fryd og gaman i laupet av helgi. No er eg på NMU sumarleir, og i går var eg på Landsstyremøte. Eg hadde miksa datoar slik at eg trudde LST-møte = 11, og leir = 12. Diverre viste det seg at LST = 10, og leir = 11. Eg hadde kaupt billett til Rebecca den 11, og hadde planlagt å vera saman heile den tysdagen òg. So fekk eg dette problemet, eg måtte vekk ein heil dag fyrr Rebecca sitt tog gjekk. Ganske teit.

Me måtte dra kl. 0730 tysdag for å få Rebecca av på toget, og meg på LST-møte. Me hadde ikkje rydda skikkeleg natta fyrr so me drog ikkje fyrr 0800. Då hadde me tvo timar til toget gjekk. Det skulle gå bra, sidan Gule sider rekna at me ville bruka 1t 50min. Eg veit eg er raskare enn det Gule sider reknar. Me klarte å køyra feil. Ganske. Tenkte det var for seint å snu. Burde ikkje tenkt slikt, ein time seinare var me der me skulle på E18. Ein time sløsing, ein diger omveg um Skien. So kom me bak trailerar og måtte køyra seeint. Me kom 20 minutt for seint etter ein god del feilkøyringar til. Vondt.

Mista altso andre tog, og måtte ut med endå meir pengar. Måtte venta til neste tog, hadde omtrent ikkje bensin att. Me fann det, fann mat (bensinstasjon) og såg American Beauty i bilen. Etter fire timar kom toget.

Eg fann ut frå Rebecca at ho ikkje betalte togbillett til Stavanger, so det vart ikkje so mykje pengar brukt lell. Men turen var alt i alt superfin. Berre irriterande kor mykje problem som dukka opp.

2 tankar om “Helg i Kviteseid

  1. Torbjørn

    Au! Var det til Oslo de skulle? Eg kjenner den geografiske nerden i meg berre krympar seg ved tanken på å køyre frå Kviteseid til Oslo via Skien. Men eg reknar med at det var ein annan plass de skulle nå toget.

  2. Odin

    Torbjørn: Haha, du er so god :D Eg skulle til Risør, og ho skulle hoppa av på togstasjonen rett ved Risør. Me køyrde jo faktisk forbi einannan togstasjon, so hadde me stått der og venta so hadde alt gjenge bra (men då hadde eg jo òg kome for seint til LST-møtet fyrr sumarlægeret).

    Elles, tusen takk for at du skreiv eit innspel på dette innlegget, no hev dei 63 siste innleggi alle minst eitt innspel! Wey! Slikt vert eg glad av :P Eg vert so vonbroten når det finst innlegg utan innspel.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.