Frå Nordkapp til Ballangen

På sundag kom eg med fly opp til Honningsvåg, etter middag køyrde me til Nordkapp der det var frålandsvind og ikkje ei sky i himmelen. Inga tåke, fantastisk v^er. Frå der hev me køyrd vidare ned gjennom Noreg og no kome fram til Ballangen, som var eit stort stoppested for oss med konserter og Harley Davidsson-treff.

Sundag, flyturen opp til Honningsvåg

Eg hadde ingen problem med å koma på flyet på Sola kl. 1100. Eg hadde betalt 1300 kr for turen, sers dyrt til Oslo; men eg var sein med å kaupa. Eg hadde det forresten utruleg moro med å sjå på folk som prøvde å gå gjennom tryggleiksslusone som slepp folk ut or tryggleiksområdet på flyplassen.

Motorsykkel, Harley Davidsson i Nord-Noreg

Ei dame kom traskande i ein stor kø, prøvde døri i midten; ånei, den ville ikkje opna seg. So ho gjekk inn i den til høgre der det var ein mann som nett hadde gjenge inn. Mannen kom ut, men då lukka dør 2 seg. Dama prøvde so vidt å få opna døri, men so snudde ho seg og innsåg at slaget var tapt saman med den andre fyren som no hadde kome inn i folkeslusene med ei dør på kvar side. Men denne døri lukka seg òg. Då såg ein panikken i augo hennar, ho vart slege brutalt av redsel. Mannen virka lettare forfjamsa han òg. Dei stod der i eit par sekund medan eg lo, til døri ut til baggasjehentingi opna seg. Det verste var at det hendte heile tidi, so eg hadde masse underhaldning sett burt i frå boki eg starta på då («The Thief Lord», av Cornelia Funke).

Men i Oslo fær eg problem

Det hadde vore kommunikasjonssvikt, eg hadde trudd Pat hadde kaupt billettar til meg frå Oslo til Honningsvåg (via Bodø og Tromsø). Det hadde han ikkje. Eg måtte ikkje berre kaupa billett til Oslo, men til Bodø òg. Det skapte problem. Eg kunne ikkje taka den direkte korresponderande ruta, for eg vart for sein. Måtte skaffa nye billettar. Etter litt om og men fann eg Oslo-Bodø med SAS for 1800 kr.

Eg klarte òg å rekkja korresponderande fly vidare til Tromsø. Eg hadde møtt Kenneth og Pat på flyplassen i Bodø, og me måtte no venta i nesten tvo timar på neste fly. Frå Tromsø til Hammerfest tok me eit lite Widerøe-fly. Det same flyget gjekk vidare til Honningsvåg. So etter ei 12 timar lang reise kom me fram til Honningsvåg.

Me åt ein betre middag, men nesten heile gjengen tok «entrecote», som visstnok ikkje var bra. Eg tok ørret, og han var heilt fantastisk god. Eg måtte lukka augo for å njota den herlege maten. Fiskesuppa som Svein og Pat tok var visst òg god.

Måndag, Nordkapp med flott midnattssol

So sklei klokka yver 00-talet og det vart måndag.

Me køyrde til Nordkapp og eg starta filmingi. Me fekk lov å koma ut til globusen med bilen og motorsyklane. Tok bilete og video der i lang tid medan klokka kraup mot 0300. Då me hadde teke dei siste bileti drog me nedyver mot campingplassen for å sova, me filma ein del på vegen i det flotte solskinnet (det var sjølvsagt flott midnattssol heile tidi frå 0000–0400). Me la oss 0400, men Pat snorka som eit uv^er og eg fekk ikkje sova. Klokka 0600 var eg ganske irritert då eg kom på eg hadde øyreproppar med meg. Eg dytta dei inn og sov ein god svevn til kl 1000. Me skulle dra vidare 0900, so det var litt seint.

Og so køyrde me vidare. (Og eg ser eg må hoppa yver ein god del for å ikkje skriva for langt)

Mat på ei hytta i fjæresteinen

Frå hotellet (etter ein lang tur sørover sjølvsagt) vart me køyrd ut til ei hytta. Idyllisk rett ved havet og med heile tri bål på ymse plassar. Eitt kose-bål, eitt steike-mat-bål og eitt koka-bålkaffi-bål. Me fekk heilt fersk fisk (nam), og reinsdyr-gryterett. Det kjendest allereie som um me hadde vore på tur i ei vìka, sjølv um det kunne seiast å vera fyrste dagen (starta ikkje på turen fyrr etter 00 på sundagen).

Det var absolutt god stemning då me sette nasen mot hotellet att i 0200-tidi.

Tysdag, Tromsø, Mack Bryggeri, fjellheisen og Sumarøyi (:P Sommarøya)

Eg vakna seint att, men klarte få i meg eit par braudskivor i bilen.

Me kom inn til Tromsø, der eg hev vore fyrr. Fekk ein veldig kul omvisning på Mack (bryggeri) som eg filma store delar av. Eg smakte på det alkoholfrie ølet deira «Freeze», som alle motorsyklistane vart seriøst yverraska yver. Tilogmed Kenneth «Kula» som seier nett kva han meiner og var sers skeptisk til alkoholfritt øl tykte det var bra. Eg vart yverraska yver at det ikkje smakte pest og plage. Det hadde eg aldri trudd. Menmen, pappa drikk alltid alkoholfritt øl når han skal hava seg noko; so eg kann jo alltids smaka på det òg.

So drog me på Ishavsmuseet og såg på selane. Diverre var det ikkje mat og trening då me var der (det var sist gong eg var der), so eg fekk ikkje filma det.

Kamera gjekk heile tidi. På toppen av taubanen fekk me ein herleg tri-rettars middag. Eg åt fisk (om att, ja, supergodt!). Det var òg superdyrt, men «Destinasjon Tromsø» var gode gutar og gjelda rekningi. Oppe på toppen av fjellet som ser ut yver Tromsø skulle me intervjua Svein Erik frå Destinasjon Tromsø. Der gjekk det andre batteriet mitt… Hekkan so flaut. So ekstremt fantastisk flaut. Eg var heilt frå meg. Og berre for å gjera alt «betre» so kom det sørenmeg tvo hekkans revungar rett bak dei eg filma. So eg fekk korkje gjort intervjuet på toppen der, eller filma revungane. Argh!!!

Revunge oppe på fjellheisen i Tromsø

Me køyrde til ein absolutt fantastisk plass kalla Sommarøya. Budde på Rica-hotellet der. Eigaren var heilt fantastisk stilig. Full av energi og godhug. Etter den flotte køyreturen fram til øyi, tok han oss med ut i båt. Det var herleg å vera på sjøen att. God hav-lukt og friskt saltvatn.

Onsdag, fram til Andøya, sjå på Orion-fly

Hadde ein betre frukost på det flotte hotellet. Dei hadde ein demning for stranda rett ved hotellet. Slapp inn sjøvatn og lot soli varma det. So fekk me dra upp på ein militær-base ved hjelp av hotellsjefen sine kontaktar. Fekk sjølvsagt filma òg, sjølv um det er ulovleg.

Me tok båten til Senja. Veret vart dårlegare, og det var ein lang tur. Mykje vind, mykje tåka. Til slutt var me framme på Andøya der me skulle vera den dagen. Meg og Pat fekk rom saman att, men Pat likte ikkje rommet (trur eg, hehe) og fekk ordna gratis suite av hotelleigaren som kjende han frå ein konsert tidlegare. Forresten var rommet eg sov på òg gratis (det var det òg på det fantastiske hotellet på Sumarøyi).

Me reiste burt til fyrvoktarboligen på Andøyi og møtte ein pilot i forsvaret. Han tok oss med inn på flybasen for å sjå på Orion-flyane som vert brukt til søk og til å halda auga med ubåtar o.l.

Torsdag, Kvalsafari og tur til Ballangen

Eg stod opp alt for seint og trudde alle hadde drege på Kvalsafari. So tusla burt til hovudbygget til hotellet og skulle få meg noko mat. Der var dei alle saman og åt. So dei hadde ikkje drege, dei ville truleg ikkje gjera det åleine heller. Eg skar braud, og klara skjæra ein diger del av min venstre peikefinger med. Det er fingen eg fokuserer på kamera med. Eg blødde som ein helt, og det gjorde sers vondt. Eg visste ikkje braudknivar skar so godt inn i hud.

Kvalsafari

So drog me på Kvalsafari. Ut med båt på dei store etterdønningane frå gårsdagens uv^er. Båten var full av turistar. Det var skikkeleg deilig å vera på ein stor liten båt att. Bølgene var større enn båten (stoore) so han svaia som berre det. Folk spydde til hjartas lyst, men eg var god heile vegen. Eg elska den gode svaiande kjensla. Ein kunne sjå at det var mange som ikkje var sjøvande på båten.

Så fann me ein 50 tonn tung kval, og såg han tri gongar. Moro. På vegen attende fekk me grønsakssuppa, og det var skikkeleg godt. Utruleg. Eg må lera meg å laga grønsakssuppa.

Tur vidare til Ballangen

Etter ei god stund fann me vegen vidare til Ballangen (etter mat osb). På det siste strekket vart me møtt av fleire folk. Det var seint på kvelden og gjekk mot ny dag, – men eg stod i takluka på bilen og filma. Eg hadde lite klede på, so eg vart utruleg kald ganske raskt. Fortsette å filma lell.

So kom me fram og ymse hende fyrr me la oss.

Fredag, HOG-treff dag 1

Fekk sein frukost sidan me var seint oppe att. So drog me ut på køyretur. Eg i bilen att saman med Mari, som ikkje hadde køyrd den stilige bilen fyrr. Me kom fram til ein absolutt hjartesmeltande bygd mellom fjelli. Eit lite, utruleg gamalt bakeri hadde bollar og kaffi til oss då me kom fram.

Dei hadde ein steinomn som var bygd fyrr 1900, der dei framleis laga braud og bollar. Det var kjempestilig.

So var det konsertar, fyrst eit lokalt band med 16—åringar. So Blue Hawgs og so til slutt Pat Savage Band. Det var lite liv, folk hang borte med baren og sat inni telti; då dei fyrste tvo gruppone spelte var det omtrent ingen framme. Kenneth «Kula» i Blue Hawgs tykte det gjekk kjempedårleg. Då Pat spelte mykje seinare på kveldingi hadde Blue Hawgs fengje lokka fram eit par menneskje, so det var litt mindre tomt. Gruppor med folk trekk til seg fleire folk, og difor vart det ein liten gjeng framfor scena.

Pat spelte bra saman med den heilt nye trommisen, Andreas frå Bodø. Den eigentlege trommisen var heime med ungane. Dei spelte utan å øva i det heile teke, alt berre kommunikasjon mellom kvarandre på scena. Veldig kult, heilt ekstremt stileg.

Me drog til hytta kl 0400, for alle saman ville hengja med ymse folk. Eg ville sova. Forresten er det interessant å merkja seg at eg skreiv eigentleg «heim» i staden for «til hytta». Syner seg at eg kjenner ein kvar stad eg bur på i denne stund ser eg på som «heim».

Laurdag

Ny utflukt. Denne gongen sat eg i sidevogni til Kenneth. Det var drittøft, eg fekk filma mykje, og sjølve turen var kjempeherleg. Harley-en hadde ein fantastisk ljod som minna um ljoden frå snekkor; saman med den svaiande kjensla av demperane og den friske luften i andletet heldt eg på å sovna. Det var kjempedeilig.

Denne dagen spelte unggutane ein del anna musikk, og det var mykje betre. Dei er eit svartmetall-band og spelte si eiga song i starten. Eg filma det. Dei var ekstremt skuffa av at det var so få folk då. Det var heilt sant, det var ingen framfor scena.

Eg låg og halvsov i hytta då Blue Hawgs starta, eg høyrde med eitt at det gjekk mykje betre i dag. Pat sa det same uavhengig av meg. «You can hear their energy today!». Då me kom burt viste det seg å vera sant, dei pøste på med energi og spelte knallbra. Eg vart rett imponert.

Det regna no, regna som berre det. Noko som var veldig synd, for folk kom ikkje fram til scena då. Det kann òg henda det var mykje av grunnen til at det kom so få folk elles òg. Men det var likevel fleire enn eg hadde trudd då Blue Hawgs slutta.

So starta Pat Savage Band å spela. Peter (bass), Andreas (innleigd på trommer) og Pat (gitar). Dei spelte kulare musikk, og hadde eit heilt forrykande show. Folk dansa som antilopar trass i at regnet stod på som ei vannkran. Det var utruleg moro. Eg prata med eit par «lokale» (vel, bur i Asker, men hadde ei hytta i Ballangen) som digga kva dei hadde sett. Alle var i godt humør, og konserten hadde vore ovbra.

Eit par, uhm, store jentor kasta seg yver Peter. Eg køyrde folket heim (jentone med i bilen, so me var for mange) og ga streng melding um at dei måtte vera i si eiga hytta, eg ville sova. So, etter hacking på intarwebben, la eg meg.

Sundag

I dag. No sit eg her og skriv, det hev teke alt for lang tid. Eg skaffa fleire kassettar, for dei gjekk eg tom for i går (12 stk). Flaut og irriterande, det var so mykje bra eg ikkje fekk filma. Eg burde hatt med siste del av konserten til Pat Savage Band – det var so bra. Klokka er 1345. Me dreg 1500.

Unnskuld for den lange lengda. Men eg skal bruka dette her til å lesa gjennom når eg skal redigera videoen for å hugsa betre kva som skjedde. Der kom Peter og Andreas ut av hytta, Pat stod nett opp. Jeppjepp.

9 tankar om “Frå Nordkapp til Ballangen

  1. Kristine

    Altså, herleg rev! Revar er veldig allrighte dyr, eigentleg. Må uansett seie at eg fekk litt vondt av deg, då batteriet tok kvelden, men slikt skjer. Du overlevde sikkert, vonar eg. Ellers så ja, brødknivar har på ingen måte ein positiv innverknad på hud. Nei, Odin, nei.

  2. Skjalg

    Herleg, herleg. Eg synest du er heldig som får vere me på ei slik reise. Kan tenke meg for flotte bilete du tek med både video og stillkamera. Eg likte det fine av reven, eit blinkskudd! Kjekkt du skriv noko som er sers gjevande for oss utanfor din venekrets odin, fortsett med det. Ser fram til fleire opplevingar frå denne inspirerande turen i det lange landet vårt!

  3. Pat Savage

    Hey there Odin. Great job on the daily tripping. I understand a great deal of it and would love to have it in english to post! You played a big part in the successful run we made. Long and tiring but all on film and believe me Im watching it now. Very exciting! Tusen takk skål du ha min snill venn!

    pat

  4. Marita

    Den samiske delen av familien er frå Ballangen. Tøft at nokon faktisk nemner staden i bloggen sin.

  5. Truls

    Halla kompis ;-) glimmrende beskrevet. Å tusen takk før en kanon tur. Glede mæ t d ferdige resultate. Får du en ny tur opp hit e d bare å si fra, du e hjertelig velkommen.

    Truls

  6. Odin

    Alle: Takk for innspel, ah, eg skulle so gjerna skrive Ballangen-Lillehammer snart; men eg hev so lite tid og det vil verta so langt (sjølvsagt må eg halda meg).

    Kristine: Rev er bra. Fingen er nesten heilt god no.

    Skjalg: Eg gler meg til det eg òg, vert flott å få 1) skrive ferdig del tvo, 2) redigert alt eg filma på turen.

    Pat: Oh, I couldn’t write that again, I’m trying hard to write about the second trip; but it is so much, so much.

    Marita: Ah; eg traff jo ei koseleg samejenta der oppe. Me var inne i lavoen til ein same og åt reinsdyrsgryta. Det var forresten mange samar i og rundt Ballangen. :-)

    Truls: Takk-takk! :-D Det var ein kanon tur, verkeleg :-)

  7. Pat Savage

    Odin! Please contact me immediately after reading this. Im booked in Manzanillo Mexico from Feb 25th we leave Amsterdam till March 10th. Can you come film the daily events on the bikes this time not venturing so far from our hotels! Good money paid immediately after filming duties.

    savage

  8. Truls

    Halloen Odin;) lenge sia æ har hørt noe fra dæ. Æ e flytta til væsterålen (heim plassen) å stor kosa mæ. Kor d går ellers?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.