Skal prøva å vekkja sida att

Eg hev ikkje oppdatert på lengje. Det hev samaheng med at eg ikkje fekk ferdig del 2 av turen til Nord-Noreg. Han var so stor og skremmande og eg hev vore eksepsjonelt uppteken den siste tidi. Å setja seg ned og skriva eit par avsnitt er enkelt – å skriva fleire sidor tekst er verre. Eg bur no saman med Rebecca i ein ny parbustad på Kringsjå. Elles er eg sers uppteken med NMU (der eg no sit i sentralstyret) og universitetet.

Eg tek fira fag no; inf1060, inf1300, inf1400 og inf2220. Eg kutta ut inf1800 (logikk) av di det var keisamt og kutta ut stk1000 av di eksamen kræsja med eit anna fag. I NMU er det so alt for alt for mykje å gjera. Dessutan er eg ikkje åleine lengre, og det er veldig herleg. Eg ser menneskje kvar dag med andre ord. Eg hev ikkje sitte inne ein einaste heil dag. I går var eg ute ein halvtime på kvelden, sjølv um det eigentleg hadde vore ein sitja-inne dag for meg. Og eg såg altso menneskje sidan Rebecca bur saman med meg. Ganske herleg :] Det er litt problematisk med rydding, vasking og slik. Eg er ikkje so glad i det, men sambuaren min insisterer på at me skal hava det reint. Må truleg rydda òg, sidan det er rotete her.

Sidan eg hev øydelagt «ullteppet» som hadde lagt seg yver netsida no, vonar eg at eg kann gjera ferdig del tvo av nordkapp-til-Lillehammer-turen og oppdatera sida oftare. :-) Forresten brukar eg Twitter mykje meir, so det er sikkert mykje meir interessant å fylgja med på Twitter-kjelda mi.

4 tankar om “Skal prøva å vekkja sida att

  1. Odin

    Egil: Jo, som sagt tidlegare so vil eg integrera Twitter på sida. Men eg hadde tenkt å gjera det når eg fikser på nettbunaden eg hev no. :-) Altso ved ei større oppgradering av sida mi.

  2. Skjalg

    Kjekkt med litt liv på sia di Odin. Det har me alle savna, spesiellt me i familien. Unni har spurt meg titt og ofte om det er skrive noko nytt, ho er ikkje på veven så ofte veit du. Det er frytelig kjekkt at du hev sambuar som kan ta deg i øyro og nakken og lera deg å rydda og vaska. Det gler oss mykje – så Rebecca du har vår moralske stønad med den saka – det er sikkert. Og no kjem me snart på vitjing!

  3. Monique

    Rebecca FTW seie bare eg :) Hu kan godt flytta inn med meg når eg ein dag flytte for meg sjøl. Eg trenge ei så kan ta seg av vaskingå every once in a while. Forbered dokk på at eg ein dag kjem på vitjing :))

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.