Velmont – Odin Hørthe Omdal

Eg hev lyst på nytt objektiv

axelbs kom inn på PING med det nye objektivet si for nokon dagar sidan. Det var eit Nikkor 50mm f/1.8-objektiv, ganske likt (om ikkje heilt likt) som det eg skal kaupa ein gong (:p). Det er eigentleg tvo 50mm-objektiv eg ser på, f/1.8 og f/1.4. Men lat oss fyrst sjå på tvo bilete eg tok med kamera, det eine med det objektivet eg hev no (Nikon Nikkor 18–135mm f/3.5–5.6), det andre med objektivet til bs (Nikon Nikkor 50mm f/1.8).

Les meir…

9 innspel

Blog Action Day, Børge er friganar (freegan)

Som del av Blog Action Day, hev kamerat Børge nett skrive at han er ein friganar (freegan), som vil seia han lever på andre sitt yverforbruk. Melder seg ut av forbrukarsamfunnet og brukar ting folk kastar. Ein reaksjon på presset miljøet er i no. Veldig bra, veldig kult. Eg klarar aldri å finna noko på Kiwi sjølv – men Børge er veldig flink til det. Eg stør prosjektet honoms fullt ut. Då eg var liten rota eg ofte i søpla til folk – fann dritmykje kult (og nyttig).

Les meir…

6 innspel

HEKKANS DRITTVEGAR I OSLO!!!!

AAAARGH! Meg og Rebecca var nett på IKEA på Slependen (Asker). Etter me brukte nesten ein time på å finna vegen sør-vest ut av Oslo for nokre månader sidan, visste eg enkelt og greitt kvar vegen gjekk sør-vest ut av Oslo no (og dimed kvar eg skulle køyra for å koma til IKEA-en der). Grunna ein eller annan baderomsklutsleikande vassjækel ikkje hev hatt ein einaste annan idé i hovudet enn kva stinkande hundepiss og kattelort han skulle eta til middag då han skulle designa og ikkje minst skilta dei byllepestinfiserte vegane i og utanfor Oslo, so er det rett nok umogleg å finna fram. Ja, med mindre du allereie hev brukt fleire timar på å køyra feil medan du gjeldar den snørrdryppande bomringen 20-kroning på 20-kroning til du sørenmeg ikkje hev fleire pengar og må byrja bruka bankkortet slik dei kann suga pengane dine rett frå kjelda. Då kann det henda du hev til slutt lært deg den fælslege vonskapen når du hev måtta ofra dagens middag til ein kommune som sørenmegikkje klarar skilta dei inni granskauen vanskelege vegane sine ein gong.

Les meir…

12 innspel

Dagane mine i på garden i Ålvundfoss: Kristiansund VGS, Sunndal VGS og Tingvoll VGS

Eg lovte eg skulle skriva um resten av turen, men det vart ikkje mykje tid fyrr no. Det er ein time til eg må tenkja på nattbussen til Oslo – so eg er i ferd med å dra. Eg hev budd godt på garden honom Nils Ulvund dei siste tri dagane. Ei ekte perla i Nordmøre. Sjølvsagt hev eg òg bruka dagane på å reisa på målferd til skulane rundt meg.

Les meir…

2 innspel

Eg er trøytt som ein fisk: I Kristiansund, på målferd

Eg sit på ein cafè som heiter «Onkel og venane honoms». Gratis internett, men absolutt ikkje gratis kaka/kaffi. Min reddande engel, mållagshelten (ho må vera helt for å seia ja til å hava meg til yvernatting) Liv Kromsvik er stadig ikkje komen. Eg hev hatt problem med mobiltelefonen – han vart låst, og no er han utan batteri. Eg trudde eg hadde hugsa alt, men eg hev visst gløymd ladar til Nokia-mobilen min. Off so teit.

Les meir…

6 innspel