Eg hev lyst på nytt objektiv

axelbs kom inn på PING med det nye objektivet si for nokon dagar sidan. Det var eit Nikkor 50mm f/1.8-objektiv, ganske likt (om ikkje heilt likt) som det eg skal kaupa ein gong (:p). Det er eigentleg tvo 50mm-objektiv eg ser på, f/1.8 og f/1.4. Men lat oss fyrst sjå på tvo bilete eg tok med kamera, det eine med det objektivet eg hev no (Nikon Nikkor 18–135mm f/3.5–5.6), det andre med objektivet til bs (Nikon Nikkor 50mm f/1.8).

Nikon Nikkor 18–135mm f/3.5–5.6, på 50mm med blendar 5.0 og lukkar 1/4 sek

larsod med Nikon Nikkor 18-135mm f/3.5-5.6, på 50mm med blendar 5.0 og lukkar 1/4 sek

For å forklara litt for dei som ikkje er heilt «inne i» kamera-terminologi. 50mm seier kor mykje eg hev «zooma inn», so eg hev «zooma inn» like mykje som den faste linsa til axelbs «ser». Mitt objektiv gjeng frå 18 til 135mm, so det er ei «zoom-objektiv». Eg kann endra utsnittet. For å laga ei zoom-objektiv treng me meir glas (fleire linsor) enn når me lagar eit objektiv med fast optikk. Eit objektiv med meir glas tek vekk meir ljos (ljoset må gå gjennom fleire glas). Altso, kort sagt; mi zoom-objektiv slepp inn mykje mindre ljos enn axelbs sitt faste objektiv. Me plar visa kor mykje ljos som slepp inn gjennom objektivet med f-stop; jo lavare dette talet er, jo meir ljos slepp gjennom. Som me ser på mitt objektiv, so er f-talet 3.5 når objektivet «ser 18mm» (er heilt zooma ut).

18-135mm linsa

axelbs sitt objektiv kann stoppast heilt ned til f/1.8 når han er 50mm (som han er heile tidi). Han slepp altso mykje meir ljos inn. Lat oss sjå på larsod gjennom axelbs sitt objektiv:

Nikon Nikkor 50mm f/1.8 (50mm (sjølvsagt) blendar 1.8 og lukkar 1/25 sek)

larsod med Nikon Nikkor 50mm f/1.8 (50mm (sjølvsagt) blendar 1.8 og lukkar 1/25 sek) 50mm-linsaDette biletet ser veldig annleis ut. Sjå kor godt fokuspunktet i biletet er separert frå resten. Sjå kor dynamisk biletet er – kor lite «flatt». Dette er berre «peik og klikk», ingen av bileti var meint som noko meir enn enkel test. Likevel hev dette biletet ein mykje større estetisk kvalitet enn det andre. Hadde eg hatt eit lite drittkamera (Ixus, Cybershot og andre kompaktkamera) kunne eg prøvd teke det same biletet med det kamera; det hadde vorte det dårlegaste av alle. Men attende til saki; du seier kannhenda:

«Men kva med ljos som du prata um, desse bileti ser jo ganske like ut der!?»

Ja, det er jo greitt nok å forklara. Eg hev ikkje prata um lukkar, lukkar seier kor lenge kamera hev «lukkaren» sin open når han tek biletet. Altso, kor lengje han let ljoset strøyma på biletesensoren. Det fyrste biletet med mitt objektiv trong 1/4 sekund, altso 0,25 sekund. Det er veldig lengje når ein held eit kamera for hand. Ser du på biletet so ser du at det er litt rørsle i det grunna dette. Då vert biletet uklårt og ikkje bra. Med objektivet til axelbs klarte kamera å taka same biletet (med nok ljos) på 1/25 sekund. Mykje snøggare (raskare). Difor plar ein seia at objektiv som hev lågare blender-verdi er «snøggare objektiv».

f/1.4 eller f/1.8

Objektivet eg eigentleg vil kaupa er 50mm f/1.4, og ikkje f/1.8 som axelbs hev. Men det er store skilnader i pris på desse tvo. f/1.8 kostar 900 kr, veldig billig, f/1.4 kostar ~2500 kr! Dette for eit objektiv som er 0.4 f lysare. Men det kann visa seg å vera masse, difor vil eg testa båe objektivi fyrr eg evt. kauper eitt av dei.

Hev merka meg at det eg likar best å taka bilete av, er folk. Og dette er eit veldig godt portrettobjektiv. Forresten fekk eg eit herleg innspel på eit av bileti i biletegalleriet mitt i går:

Nice. Et av de beste bilder jeg har sett av ikke-proffe på lange tider. Utrolig søt jente og da :) Heldiggrisen ;-)

Slikt fær meg til å vilja taka endå fleire bilete. :]

Oppdatert: Endra linsa til objektiv, og fiksa dei tvo gongene eg hadde skrive alex til axel.

9 tankar om “Eg hev lyst på nytt objektiv

  1. børge

    Objektiv heter det! Objektiv! Jeg trodde først du hadde lyst på nye kontaktlinser..

    (Ett objektiv består av opptil mange linser)

  2. Skjalg

    Eg hadde eit Canon FD50mm f 1:1,4 ein gong. Flott objektiv. Men det er ikkje sers godt til portrett. Desse Normalobjektiv som dei vert kalla kan laga fordreining av objektet når du går for nære. Ein må vere eit stykke frå for å take eit godt portrett. Nå kan det hende at nyare objektiv er betre enn dei var for 20 år sian, men eg tviler på det…. Det beste objektiv til portrett er 85mm. Og den trur du kan få til 1:1,8 – men det er dyrt. Elles så har eg tidligare sett 50mm med lysstyrke 1:1,2. Stanley Kubrik brukte objektiv med lysstyrke 1:0,85 på «Barry Lindon» Det kan en sjå på dei flott interiørbileta….

  3. Odin

    Skjalg: Det du må hugsa på, er at 50mm på D80-en ikkje er det same som 50mm på dine Canon 35mm-kamera. Biletebrikka er mindre enn 35mm film, difor er det eit mindre område der ljoset vert fanga. Dette 50mm-objektivet er altso tilsvarande eit 75mm-objektiv til 35mm fotoapparat. Altso ganske nært 85mm.

    Eg hev sett på «spesialobjektivet brukt i Barry Lyndon»:http://en.wikipedia.org/wiki/Barry_Lyndon#Photography, det skal visstnok vera f 1:0,70 og ikkje 0,85.

    Hev tenkt å leggja fleire bilete ut snart ja. Fylt heile kortet no. Problemet mitt er at eg hev so lite plass att på maskini mi, må få eit anna system for biletelagring. Tok masse bilete på ideologiseminarhelgi nett no.

  4. Tilbakeping: Kjempeflott fødedag, fekk Nikon D90! | Velmont - Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.