HEKKANS DRITTVEGAR I OSLO!!!!

AAAARGH! Meg og Rebecca var nett på IKEA på Slependen (Asker). Etter me brukte nesten ein time på å finna vegen sør-vest ut av Oslo for nokre månader sidan, visste eg enkelt og greitt kvar vegen gjekk sør-vest ut av Oslo no (og dimed kvar eg skulle køyra for å koma til IKEA-en der). Grunna ein eller annan baderomsklutsleikande vassjækel ikkje hev hatt ein einaste annan idé i hovudet enn kva stinkande hundepiss og kattelort han skulle eta til middag då han skulle designa og ikkje minst skilta dei byllepestinfiserte vegane i og utanfor Oslo, so er det rett nok umogleg å finna fram. Ja, med mindre du allereie hev brukt fleire timar på å køyra feil medan du gjeldar den snørrdryppande bomringen 20-kroning på 20-kroning til du sørenmeg ikkje hev fleire pengar og må byrja bruka bankkortet slik dei kann suga pengane dine rett frå kjelda. Då kann det henda du hev til slutt lært deg den fælslege vonskapen når du hev måtta ofra dagens middag til ein kommune som sørenmegikkje klarar skilta dei inni granskauen vanskelege vegane sine ein gong.

Kven i sopplyngen veit kvar Drøbak ligg? Kven utanfor Drøbak bryr seg ein fugledrit um Drøbak? Eg pisser so totalt i Drøbak at det er rart kloakksystemet framleis fungerer. Ja. Og kva står det på alle skilti i Oslo? Drøbak. GAAAH! Ah. Faktisk. Du kann vera heldig um du køyrer motsett veg – då stend det «Drammen», som er ein plass eg veit kvar er. Men det seier meg ikkje ein flipp meir kvar i hanereiret Kringsjå ligg, eller korleis eg kjem til litt større plassar, som t.d. Ullevoll, Sinsen eller Alna. Kvifor kann ein ikkje berre skriva kvar vegane gjeng??? Eg vil tri ting:

  1. Ein stor veg? Skriv at han gjeng sør-vest, sør-øst, nord eller kva-faen. Når eg skal til Stavanger veit eg at sør-vest er bra. Vidare:
  2. Ein stor plass seier du? Ja, skriv iallfall opp dei store områdi der vegen gjeng til, ikkje sakkans Smestad som ingen veit, eller bryr seg kvar er.
  3. Og sei i frå at no køyrer du ut av bomringen, so no må du for faen meg snu um du ikkje vil ut.

Aaargrgrrrr.

Diverre er eg ikkje like sint no. Sidan eg fann fram til sist, hev fengje mat og vorte roa ned av mamma, pappa, Kitty Karina og Rebecca. Forresten so fann eg fram til slutt, noko som er heilt utruleg når ein tenkjer på kor idiotisk skiltingi og vegane er i Oslo. Eit rot verre enn bokmål (!).

Forresten hev eg eigentleg ingenting mot Drøbak, men eg synest det er heilt utruleg at det er den einaste plassen det vert skilta til i Oslo. Og det gjer meg veldig, veldig sint.

12 tankar om “HEKKANS DRITTVEGAR I OSLO!!!!

  1. Odin

    Egil: Me var på Furuset ein gong, og fann ut Slependen var mykje finare med kulare ting osb. Dessutan hadde me ærend i Slependen. Rebecca sine besteforeldre bur eit kvarter frå IKEA-en.

  2. Egil

    Det beste hadde jo vært om Ikea hadde utviklet en netthandel istedenfor den teite boten Anna som ikke er god for noe som helst.

  3. Odin

    børge: Offdå :-)

    Egil: Hev IKEA utvikla boten Anna? Wtf?

    Monique: Takktakk. :-) Eg skal vera oftare sint då. Trur neppe Rebecca vert glad, ho synest ikkje det var serleg kjekt skjønner du.

  4. Skjalg

    Sånne som deg ska ikkje kjøyre bil i store stadar…. Du skal sykle, kjøyre rennebrett, stå på rulleskjøyter eller vandre på dei to beina dine…

  5. Tilbakeping: Kom på vitjing til oss - Velmont - Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.