Kristiansund VGS, Sunndal VGS og Tingvoll VGS

Eg lovte eg skulle skriva um resten av turen, men det vart ikkje mykje tid fyrr no. Det er ein time til eg må tenkja på nattbussen til Oslo – so eg er i ferd med å dra. Eg hev budd godt på garden honom Nils Ulvund dei siste tri dagane. Ei ekte perla i Nordmøre. Sjølvsagt hev eg òg bruka dagane på å reisa på målferd til skulane rundt meg.

Tysdag, Kristiansund VGS

Etter eg skreiv førre innlegg gjekk det endå litt tid fyrr Liv Kromsvik kom. Eg vart litt meir vaken att då me drog for å kaupa mat. Kaupte ei bok òg, av di eg hadde allereie lese den eg hadde (gah!). Liv var alt for koseleg, so me prata til langt ut på kveldingi. Då eg la meg var det ikkje lengje til eg måtte opp for å dra tidleg til Kristiansund vidaregåande skule. Eg hadde dundrande hovudverk og var ganske i ørska då eg vart plassert framfor tvo klasser i auditoriumet på skulen. Eg prata for påbygg-klassane i tvo timar fyrr eg byta klassa. Det gjekk toleleg greitt, men eg tulla masse med målsoga og fekk ikkje serleg god kontakt med elevane. Likevel trur eg det var ei (dritkul, sjølvsagt) jenta som melde seg inn i Målungdomen.

Eg gløymde òg å seia alderen min (som vanleg). Det er ganske synd, i og med at folk trur eg er 25–35 og ikkje 20 som eg faktisk er. Eg er «meir som dei» um eg er 20 (berre 1–2 år eldre), medan 25–35 er vaksne. Den andre klassa gjekk ein del betre, det var enklare å få litt kontakt og kommunikasjon. Det synte seg å vera ein herleg klasse so det gjorde ikkje stort at då eg rota på målsoga. Det er alltid mykje vanskelegare å halda interessa oppe i del 2, som er målsoga. Eg kjenner ho ikkje godt, og eg klarar ikkje vera serleg engasjerande. Eg lyt nok kutta ned litt på ho og finna min eigen måte å gjera det på. Fyrste del um språkvalsmekanismar plar gå lett, det kjem frå hjarta.

Ah. Forresten synast eg å hugsa eit par veldig snille andlet i denne klassa, det var skikkeleg hyggeleg. Dessutan trur eg det var ein (eller tvo) som melde seg inn! :D Wey!

Til Ålvundfoss

Ålvundfjord (nær Ålvundfoss)

So drog eg til Nils Ulvund. For ein plass! Eg fekk god mat og herleg seng. Nett som eit gjestebod. Kjende meg litt som Ivar Aasen der eg kom inn på ein liten gard der det hev budd folk i fleirfaldige generasjonar. Eg må halda det kort um eg skal rekkja bussen, men det var storstas å koma til Nils og Helene i Ålvundfoss.

Onsdag, Sunndal VGS

Eg sat oppe til langt på natt og gjorde ei obligatorisk oppgåva til eit svadafag på universitetet. Den skulle leverast fyrr kl 10.15. Heldigvis viste det seg at Sunndal ikkje kunne hava meg tidleg på dagen slik som planen var, so difor kunna eg dra burt 13.00. Eg stod tidleg opp og gjorde ferdig arbeidet fyrr eg leverte akkurat på fristen. I ettertid ser eg at det tilogmed vart litt i seinaste laget – so eg vonar ho gjeng gjennom lell. Sjølve arbeidet vart ferdig fyrr fristen. Eg var framleis daudtrøytt etter sers lite svevn, og då eg drog burt til Sunndalsøra var det ikkje stort betre.

Eg kom fram og fekk ein påbygg-klasse i tvo timar. Dei var ein bitteliten klasse som alle hadde datamaskinar. Eg hugsar faktisk ikkje heilt korleis det gjekk, var ikkje spesielt nøgd, men heller ikkje det motsette. Det var ein god klasse, men eg rota kannhenda litt vel mykje på målsoga. Eg fekk gode underskriftar på oppropet og so var det neste klasse.

Dette var tvo klassar i ein. Eit større klasserom og berre ein time. Eigentleg passa det meg ypparleg, hev eg berre ein time slepp eg rota på målsoga. Eg trur likevel at alt-i-alt so er det bra når eg tek med målsoga, for sjølv um eg er ein rotefant so trur eg folk fær med seg hovudbodskapen og tenkjer litt etter det. Sjølv um ingen er einige med meg (iallfall av dei som pratar :p ). Same kva, i denne timen var det ikkje tid. Eg konsentrerte meg litt meir um språkvalsmekanismer og det heile flaut betre (av di det var seinare på dagen og eg hadde vakna litt?). Trass i at det var tvo klassar i ein, klarte eg å få litt respons. Det var mange skikkeleg glupe elevar i desse klassone og mange såg utruleg koselege ut. Ei jenta sat og ljosa (nokon må hjelpa meg med det verbet) av seg sjølv (nesten). Det var veldig godt å sjå det snille andletet ljosa slik gjennom timen – då me var ferdige kom ho burt til meg og lurte på korleis ein melder seg inn. Ahh! Hjartesukk, so fantastisk herleg av ho!

Eg likte den timen sers godt.

I Ålvundfoss

Attende til den fantastiske plassen med dei herlege folki. Kjempegod fisk til middag, og herleg kveldsmat. Meg og Nils tok oss ein tur rundt på garden der han fortalde um historia og viste meg kva som hadde skjedd dei siste åri. Skikkeleg koseleg. Og so fekk eg verdas beste bringebærsyltety som pålegg.

Tingvoll VGS

Stod opp tidleg i dag, for bussen gjeng berre 0730 og rundt 12. Sidan eg skulle vera der 12, so måtte eg taka den tidlege. Då eg kom fram viste det seg at eg likevel hadde masse å gjera på morgonen. Fyrst ein time, som eg ikkje hugsar skikkeleg. So tvo timar med ein klasse som eigentleg hadde studieretningsfag og vart sinte på at dei måtte hava norsk. Likevel synte dei seg å vera ein god klasse som var koseleg å vera i. Gjorde det litt betre enn fyrste time (som vanleg) og tulla litt mindre på målsoga enn normalt. Gløymde som alltid å seia alderen min, men kom på det i midten. Då fekk dei gjetta, det var sjølvsagt langt yver mine eigentlege år. Trur ei jenta melde seg inn. Eg vart veldig glad då.

Målferd, tavla, eg hev teikna

So kom eg til den siste klassa eg hadde på målferdi mi, der halvparten av elevane sat oppe med datamaskinene. Eg fekk ganske god kontakt med klassa, og sjølv um eg rota i målsoga so er eg no mykje betre enn det kadaveret eg leverte i starten av vìka. Godt. Ingen innmeldingar i denne klassa, men dei var ein so god herleg gjeng at det kjendest som um dei hadde halv-meldt seg inn same kva. Hehe. Eigentleg som dei fleste klassane eg var i på turen, men eg ser ut til å alltid hugsa den siste best.

Attende på garden, Ålvundfoss

Ahh. Og so attende. No skal eg ned å eta litt super kveldsmat att, fyrr eg fær med meg nistepakke til den vonde bussturen. Må skunda meg no. Kannhenda eg legg inn eitt av dei tvo bileti eg tok på turen (ehm).

2 tankar om “Kristiansund VGS, Sunndal VGS og Tingvoll VGS

  1. Skjalg

    Kjekkt å lese dine opplevingar… Det høyrest noko slitsomt ut, men eg missunnar deg denne moglegheita du har å sjå landet vårt. Men ikkje meir enn to bilete på denne lange turen Odin…. Eg trur eg hentar kamera til Stavanger. Eg har ikkje hatt skikkeleg kamera på eitt år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.