Ideologiseminaret til NMU ferdig

Jadå, eg veit at det er lengje sidan (førre helg), og jadå, eg veit at eg aldri vert ferdig med desse innleggi, men likevel prøver eg. Kvar haust hev me ein slags «fagleg» tilskiping i NMU. I år skulle det ikkje vera «Målstrid» som det plar vera, men eit «ideologiseminar» for våre eigne medlem. Det fungerte knallbra, og eg kann trygt seia at dette er den beste hausttilskipingi eg hev vore på! :D

«Målstrid»-konferansen er laga for å draga folk inn i NMU. Gjera målfolk av bokmålingar. Det hev vore ei utetteretta tilskiping. I det siste hev det vist seg at det i stor grad kjem mest folk som allereie er i NMU; og at målferd fungerer mykje betre enn Målstrid same kva. Difor var eg glad at me i år skulle prøva noko anna.

Kva skjedde so på ideologiseminaret?

  • Rebecca var med (hennar fyrste NMU-tilskiping)
  • Me hadde karaoke (ikkje slik teit singstar, men ekte)
  • Eg hadde andsvar for folk frå Sogn og Fjordane, Finnmark, Buskerund og Aust-agder
    • I mine fylke kom berre folk frå Sogn og Fjordane, i frå Firda MU
    • Janne Kristin, Jostein og Mariell kom frå Firda MU
    • Til gjengjeld var dei heilt fantastisk superkule, so det gjorde ingenting at eg ikkje hadde andsvar for fleire menneske
    • Det var Janne Kristin og Jostein si andre hausttilskiping, dritbra at dei kjem att (godhug!!!)
    • Vil jobba mykje med Sogn og Fjordane frametter, gjera NMU meir sexy og kult
      • Det trengst visst der
      • Av ein eller annan grunn veit dei ikkje at me er det allereie! :S
    • Eg vil dra til Sogn og Fjordane, det fær eg sikkert snart no
    • Lillesysteri til Janne Kristin, Anette, er òg dritkul, men ho fekk ikkje koma ( :-( )
  • Dette vart litt av ei lista
  • Eg hadde laga ein bitteliten videosnutt av ymse DVD-ar omsett til nynorsk
    • Klipp frå desse filmane:
      1. James Bond – Casino Royale
      2. The Da Vinci Code
      3. Pirates of the Caribbean – Dead Mans Chest
      4. Finding Nemo
      5. Narnia – Lion, Witch and the Wardrobe
    • Det vart OK. Spesielt moro var omsetjingi mi når ein franskmann seier «que?» med «kva?» av di det høyrast ut som um han eigentleg seier kva
    • Eg brukte alt for mykje tid på å få det til, Avidemux2 til Linux redda meg til slutt
  • Mi fyrste tilskiping der eg sit i sentralstyret i Norsk Målungdom (SST)
  • Var ein heil haug kule folk der (ikkje berre Rebecca+Firda MU-gjengen)
  • Eg sat ikkje på maskini mi å nerda
    • Jens var redd for at eg kom til å gjera dette
  • Eg trur ikkje lister er tingen for meg – det vert berre meir rotete enn ein normalt tekst :P
  • Eg gler meg alt til neste tilskiping
    • Som er vinterleiren, jeei!
    • Tilskipingi vert dritbra
      • Eg er i vinterleirnemndi
        • Noko som eigentleg vil seia at det ikkje vert dritbra
          • Men eg skal prøva
          • Kos vert det i alle fall
  • Eg trur ikkje eg skal misbruka listone meir

Slik. Då fekk eg iallfall sagt meir enn det eg plar seia. :-) Ideologiseminarnemndi gjorde ein skikkeleg god jobb – vonar dette er teiknande for korleis resten av arbeidsåret vil ganga.

Forresten:

Men. Stopp.

4 tankar om “Ideologiseminaret til NMU ferdig

  1. Synnoeve

    «Que»? Sikker paa at det ikkje var «quoi»? (Som vert uttala «kwa»…)

  2. Odin

    Synnøve: Ja, absolutt. Du hev jo heilt rett! :D So moro med innspel frå sjølvaste Synnøve :D

  3. Odin

    Synnøve: Eg tenkte på det etter eg hadde skrive det; «det kann jo høyrast ironisk/sarkastisk ut». Det var ikkje på nokon måte meint sarkastisk eller ironisk. Det er «sjølvaste» av di du er no som alle dei andre store NMU-personane som «alle dei nye» ikkje kjenner, men høyrer um.

    Og so er du langt vekk, og me ser ikkje mykje til deg; so det var ganske moro å sjå at du framleis var rundtum i verdi :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.