Kom på vitjing til oss

For ein månad sidan var mamma, pappa og veslesyster Kitty Karina på vitjing til meg og Rebecca. Det var veldig koseleg. Dei fekk sjå bustaden vår, og me fekk låna bil for å kaupa ting på IKEA. Då kaupte me mellom anna hyllor. På sundag sette eg opp ei av dei, det vart ganske kult. Den andre stend stadig og latar seg mot veggen. Eg gler meg til me hev sett upp den òg, det vert supert. Då kann me prøva å rydda bustaden litt (han er eigentleg ganske ryddig) og taka eit par nye bilete. So kann eg endeleg leggja det ut på nett.

I helgi kjem det òg mange folk som er i landsstyret i NMU til Oslo, difor kjem me til å innkvartera nokre av desse. Eg trur dei fær eit fint upphald på Hotell Rebecca og Odin. Forresten gjeld dette alle saman; me er veldig glad i vitjing – og hev so langt havt alt i frå veslesystrer, til vener og familiar på vitjing. Me hev framleis ikkje innkvartert uvener eller fiendar, men dei hev ikkje spurd um å få koma; so det hev ein naturleg grunn.

So, um du framleis ikkje hev teke bodskapen: kom på vitjing til oss.

Det er forresten kult um de tek oss med på kino eller noko anna moro når de kjem; og kaupar middag til oss. Sjølve innkvarteringi er gratis, men me kann diverre ikkje spandera mat – men me vert gjerne påspandert mat!

Klem frå Odin (eg skal ikkje seia noko frå Rebecca utan godkjenning :p)

2 tankar om “Kom på vitjing til oss

  1. Skjalg

    Jo det var kjekkt å koma. Eg vil at Falke skal ta seg en tur. Han kjem kanskje snart. Elles så håpar eg at dykk har fått opp gardinene. DEt er jo gjort på 3-4 minuttar. Og så må du ta bilete snart… Og legge ut fleire på galleriet!

  2. Monique

    Åh, dokk komme t å angra på at dokk sa det! :D Ska se om eg ikkje kan ta meg ein tur opp ein eller annen gang og spandera litt på dykk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.