Nynorsken og dialektane, IKKJE dialektane og nynorsken!!!

Eg hev starta høyra på «Språkteigen» på statskanalen vår sin kulturkanal; NRK P2. Etter no fleire år i NMU og hard skulering, ein heil haug ordskifte og eit lass med leste sidor um språkstoda i Noreg hev norsk språkstode og nynorsk vorte eit slags spesialfelt1 for meg. Ei inngåande forståing av nynorsken, kva han er for noko og kva som er styrande for kva språk me vel.

PS: Alt dette er meiningar – og det er ikkje NMU sine meiningar. Det er mine provoserande tabloide meiningar der eg ikkje underbygg det eg seier på ein god måte. NMU er for alle, inkludert bokmålske «nynorsk er fint i dikt»-folk(!)

Ah. Gah. Ferdig med det, eg gidd søren meg ikkje pakka ting inn – det gjeng inni potetsekken treigt og eg vil veldig gjerne verta ferdig med å få ut meiningi mi. Då drit eg like godt i um ikkje heile verdi heng med meg. Det hev teke meg tvo år å forstå mykje av dette sjølv, so eg trur neppe eg klarar overtyda ein einaste maur um noko som helst i mine små, halvleselege innlegg på netsida. Men ARGHRGHR, eg vert so inn i hampen sint når eg sit på t-banen og høyrer på Språkteigen og det vert sagt so mykje idiotisk teit der.

Ok-ok, ikkje idiotisk teit, men lite nyansert og ekstremt lite fornuftig. Altso; ingen intellektuelt ordskifte, men det same vrøvlet me høyrer gong på gong av folk som ikkje hev sett seg inn i saki. Sjølve folki i ordskiftet er fjonge og bra, eg er stor tilhengjar av verki deira båe tvo – men eg vert vel meir vonbroten på verdi (altso Noreg) når det vert sagt so mykje opplagt platt, keisamt og utruleg lite oppbyggjande. No veit framleis få kva eg pratar um; men eg skal prøva å seia det utan å forklåra stort (so det er stor grunn til at du (med rette) fnys av det og tykkjer det sers feil):

Nynorsken var ikkje, er ikkje og bør ikkje verta talemålsnær!

Heile navla landet hev ei feil og ukorrekt oppfatning av kva nynorsken er. HAN ER IKKJE TALEMÅLSNÆR OG MÅTTE GUD FORBODA AT HAN NOKON GONG VERT DET! Det er 1000 dårlege argument for dette, men òg ovmange fantastisk gode. No vrir du deg sikkert i stolen og seier høgt «Men kva med dialektane, Odin, DIALEKTANE!», slik at nabokatta må leggja hovudet på skakke og lura på um du er ein av dei som helst burde vore hjå syster hennar som er ein institusjonskatt på Dale2.

«Jadå, din hekkans masekopp», seier eg då og ser olmt opp i vêret for å visa at eg himlar med augo av deg.

Det verste er sjølvsagt at eg berre brukar masse hersketeknikkar på deg utan å eigentleg forklåra kva eg eigentleg meiner. Difor kjem du altso automatisk på bakbeina og tenkjer eg (kannhenda rett nok) er ein stor idiot, medan du fyrer laus fleire slemme setningar: «Ja, det var då jammen meg konstruktivt din hekkans drittsekk».
«Åja!? Og du då, din vesle parasitt av ein møllsleikande…», prøver eg fyrr eg kjem på ein betre idè og ser filosofisk ut i lufti; «Ja. Kva er me eigentleg? Er me i det heile teke? Kven er eg? Og kven er du? Finst du? Finst eg?».
Ganske raskt forstår eg dette er berre teit og kjem igjen på andre tankar, men fyrr du vert redd so kann eg avsløra at me er inne på sporet att; me er attende til saki, eller «målsakji™» som eg hev sett ein idiot skriva på kvar artikkel som hev noko med nynorsk å gjera. Han er mindre… nei, han er minst kul synest eg. Men so er eg på viddene att.

Eg tenkjer kort på viddene i Nord-noreg der eg var på tur, fyrr eg atter ein gong prøver å spora inn på det eg liksom skal seia noko fornuftig um (det trur eg du allereie hev mista trui på).

«Ja, du ser. Hmm. Kvar var eg no?», seier eg fyrr det gjeng upp for meg at dette faktisk ikkje er ein samtale, men ein teit tekst og at eg difor berre kann lesa det eg hev skrive fyrr. So her var eg: «Kva med dialektane, Odin?». Ahh. Ja. Kva med dei? Denne forferdelege forpestingi av norsk språk som eg er programforplikta å elska sidan eg er medlem i NMU? Åja. Dei dialektane ja.

Det førre eg skreiv er vel eigentleg ikkje det eg meiner, men eg la det til sidan mange sikkert trur eg meiner det. Diverre må eg skuffa dei. Eg skal heller prøva å svara på «Kva med dialektane, Odin?».

«Kva med dialektane, Odin?»

Dialekt er fint, dialekt er best, dialekt er det som eig mest. Det kann ein seia, og få vil mukka (ymta motførestellingar). Det er jo bra. Og det er sant, dialekt og nynorsk heng faktisk saman. Eg likar dialektar. Likar spesielt jentor frå Vest-telemark og Sogn og fjordane. Uhm, måten dei pratar på altso. Sikkert mange av jentone òg, men det er ikkje poenget. Eg hev berre godhug for dialekt. Ja, eg elskar dialektane til og med, um eg fær seia noko so på kanten. Det eg ikkje elskar, er at folk trur at nynorsk == dialekt.

  1. Nei, nei, nei, nynorsk er ikkje det same som dialekt.
  2. Nei, nei, nei, nynorsken skal ikkje vera det same som dialekt.
  3. Nei, nei, nei, dialektnær nynorsk er ein styggedom – ikkje noko me bør prøva å jobba for.

Problemet mitt her er at det er so ekstremt mange som meiner 3 er feil. Altso; dei kann seia ting som:

  • «Du hev nynorsknær dialekt, difor må du skriva nynorsk»
  • «Nynorsknormalen må vera vid slik at eg kann kjenna meg att i han og skriva dialektnært»
  • «Det vert enklare å læra nynorsk når du brukar di eiga dialekt som utgangspunkt»

Alt dette meiner eg er riv ruskande feil og grunnfest i ei feil førestilling um kva nynorsken er; ei nedskriving av dialekt.

Kva er nynorsken då?

Nynorsken er eit systematisk språk tufta på fellestrekk i alle dialektane i heile Noreg.

Ikkje ein, ikkje tvo, ikkje femten dialektar. Men alle. Og ikkje ei rotete suppa (som bokmålet), men eit systematisk språk. Ikkje systematisk som Esperanto heller (som er konstruert), men eit norsk språk som tek vare på systemet som finst i norsken.

Skal me skriva talemålsnært, skriv dialekt. Ska’me skRiva talemålsneRt, så skRiv dialekt fåR ‘faen. (Store r-ar for skarre-r). Det vert jysla stress med so mange skriftspråk i landet. Og folk flest er ikkje interessert i å skriva «deira nynorsk» (trass i kva dialekt-nynorsk-folki trur), folk er interessert i å skriva rett. Det ser me enkelt av korleis folk skriv; nyttar dei «valfridomen» (teit å bruka eit fint ord for tilroting av gramatikken)? Nei, dei nyttar han ikkje. Ein plass der me bør hava valfridom, derimot, er i ordtilfanget – desse ordi tek me sjølvsagt frå alle moglege dialektar. Men det er ingen, eg gjentek ingen verdi i å hava 27 forskjellege måtar å bøya eit ord på. Verdien fær me i mange ord, mange nyansar – ikkje i mange bøyingssystem (det er berre tull).

Det finst ein utruleg god tekst på dette

Aaargh. No er eg berre trøytt og ikkje sint lengre. So eg hev fengje det ut av meg. Diverre er ingen smartare. Du kann jo synast det er positivt at eg ikkje er sint lengre (det likar eg!); elles kann det henda du er sint av di eg berre hev skrive tull og kasta burt tidi di. Det er òg ein liten sjangs for at du faktisk vil vita kva eg meiner; ahh, då finst det ein utruleg god tekst på dette. Det er ikkje eg som hev skrive han (so han er altso bra, det er ikkje berre noko eg seier) og han ligg på NMU sine nettsidor. Eg gjev deg, Målføra og nynorsken.

Dette burde verkeleg vore pensum for alle. Spesielt alle som vil meina noko um dialektar (målføre) og nynorsk. Eg veit teksten er lang, men les du han, er du ei klokare kvinna etterpå. Du gjer lurt i det.

Notar

1 Fyrr nokon slær meg flat med rettskrivingi mi, so må eg få seia at dette ikkje er det same som språkekspert eller norskekspert; slik er det ikkje. Det eg hev, er ein mykje betre forståing av språkstoda i Noreg enn dei fleste. Sjølv um eg skriv so mykje gramatisk feil som eg gjer, so hev eg god yversikt yver idéane. Det burde ikkje vera å taka vatn yver hovudet; langt frå best forståing, men langt yver snittet (som diverre er forferdeleg lågt).

2 Dale var der dei putta dei galne menneski i gamle dagar.

Og hugs, les Målføra og nynorsken.

Oppdatert: Ei litt betre forklaring eg gav Ola etter eg ikkje var sint lengre og hadde sove:

Eg ville ikkje skriva kven som var i Språkteigen, for eg ville ikkje knytta mine negative kjenslor opp mot dei. Det er berre at heile verdi trur nynorsken sitt mål er å vera talemålsnær og at eg meiner det er feil. So når det vert slege fast som sanning mellom tvo (tri) folk i eit ordskifte (der dei eigentleg skal vera ueinige) so vert det for galt. Det er ingen/få som fortel folket kva nynorsken eigentleg er, og det gjer meg vonbroten.

2 tankar om “Nynorsken og dialektane, IKKJE dialektane og nynorsken!!!

  1. Odin

    Nett no kom det opp ein artikkel lenkja frå «nynorsk.no»:http://nynorsk.no/ der det stend:

    bq. Nynorsken min er annleis no enn da eg begynte å skrive nynorsk. Etterkvart har eg funne mi form, og det er noe av det eg synest er så bra med nynorsken. For eigen del har eg veldig sans for valfridommen i norsk, både i bokmål og nynorsk. Språket blir meir personleg, munnleg og dialektnært viss det er slik ein vil velje å skrive.

    Og det er heilt greitt å meina. Men eg vert sint når folk seier at det er slik, og at det ikkje er deira meining. Men ho her seier at det er hennar meining, godt. Eg er veldig ueinig, men det er ei anna sak. Det kann godt henda ho hev lest «Målføra og nynorsken» og er ueinig, det finst jo mange som er det. Men diverre er det få intelligente ordskifte um det (eit trist døme på dette er teksten eg nett skreiv – den er veldig «uintelligent»).

    Forresten seier Vibeke Lauritsen mykje bra. Ho skriv godt og eg er veldig einig med ho i mykje. Les gjestekommentaren hennar på Nationen si netsida, ««Valfridom, målform og målføre»»:http://www.nationen.no/meninger/gjestekommentar/article3107329.ece.

    Eg vert alltid litt flau når eg skal prøva å vera sint, unyansert og provoserande. Dessutan var det allereie for seint då eg starta skriva, og no er det langt yver leggjetid.

  2. Odin

    Eg tek det som eit teikn at ingen kjem med innspel :P Elles vart dette (av alle ting) lenkja via «Sonitus Blogg»:http://sonitusblogg.wordpress.com/2007/11/08/siste-nytt-22/#comment-2. Eg la att dette innspelet der;

    bq. So uendeleg flaut at det innlegget vart lenkja vidare frå ein plass; det er ikkje verdt noko. So ekstremt lite sakleg. Den einaste gongen eg hev vorte lenkja frå Sonitus, so er det reint fjas (som er normalt, men dette var ekstrafjas).

    bq. Eg gadd ikkje taka eit uppgjer med fordomar, forklarte ikkje kva eg meinte skikkeleg; heldigvis lenkjer eg vidare til ein skikkeleg tekst. Menmen, slik er vel internettet ;-) Moro lell.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.