Rebecca drog

No var ho lei og flytta inn hjå besteforeldri hennar. Sjokkerande nyhende. Eigentleg ikkje so mykje. Eg prøvde vel eigentleg berre sjokkera. Ho kjem attende um tvo dagar, altso på torsdag. Eg ser ikkje mykje til ho på tysdagar og onsdagar lell, men det er koseleg å treffa ho når eg kjem heim på kvelden og å sjå ho dra på morgonen. Men no ville ho hengja litt med besteforeldri sine i Asker, og det er jo koseleg det.

Det er litt teit at me umtrent ikkje ser einannan desse dagane. Eg er på sentralstyremøte i abbr title=‘Norsk Målungdom’>NMU på tysdagen, dagen etter på ringjert. På dagen er ho på Universitetet, medan eg jobber stort sett med Universitetsting (eller surfar verdsveven) heime. Når ho kjem heim er eg på fart ut.

Det er få helger (kvifor heiter det «helgar» i offisiell nynorsk, det er jo «ei helg»?) utan NMU-ting, og det skjer ofte at fleire av vekedagane òg er fylt upp med målemne. Faktisk viste Rebecca meg skræmande statistikk; dei siste 14 dagane hadde eg vore heime ein heil kveld 3 gongar. 79% vekk på kvelden altso.

Det var altso Rebecca sin tur til å draga litt vekk no. Dessutan er jo tysdag og onsdag dagar eg er vekk for det meste, so det skal nok ganga bra. Vert moro å sjå ho att, etter ho hev vore på ferie i Asker :p

4 tankar om “Rebecca drog

  1. Egil

    Bah, sensasjon. Ikkje jobb med universitetsting heime, jobb med universitetsting på ping! Å jobba heime er keisamt.

  2. Odin

    Egi: Kva du Bah-ar deg for?

    Jaja, men eg sat no ein gong heime. Kannhenda eg skal pella meg ned til PING no? Er vel lurt. Du veit kor lat eg er. Eg jobber ikkje so mykje på PING, for det er so mykje anna moro å gjera der. Dessutan likar eg Ion3-oppsettet mitt her heime. På PING hev eg berre Compiz, 3D-effektar og allslags anna som distraherer meg frå å arbeida. :S

  3. Odin

    Hihih. Sensasjon er hax. :] Mohahahawahwahwahha. Det fekk deg til å lesa innlegget, gjorde det ikkje? :]

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.