XO-1, One Laptop Per Child (OLPC)

Meg og Børge siklar som nokre småungar på denne berbare maskini. Det er ikkje rart; denne maskini er laga for å reisa den tredje verden og minska det teknologiske hólet som finst mellom oss. Dei vil prøva å gjeva ei maskin per unge slik at maskini kann brukast til å utdanna seg sjølv.

Kvar hev eg lært alt eg kann um datamaskiner? Det hev eg lært sjølv. Mykje ved hjelp av internett i tillegg til prøving og feiling på eigen maskin. Mange land (som Brazil og Peru) er ikkje totalt underutvikla (dei hev mat osb), men manglar likevel konkurranseemne til å kunna reisa seg skikkeleg. Idéen er å reisa born i heile verda og gjera dei teknologisk kompetente ved å la dei taka større del av utviklingi sjølve.

Kaup tvo, få ein!

Eigentleg prøvde dei selja til statar, men det viste seg å vera litt vanskeleg. So no, for å få starta det heile og få upp produksjonen (større produksjon = billegare maskinar), sel dei ein maskin for prisen av tvo.

«Huh? Men er det rett?», spyrr du kannhenda.
«Jeppsideppsi,» forklarar eg «den eine gjeng til deg, den andre til ein unge i eit land.»
«Kva for land?»
«Eit i tredje verdi, eller andre. Uindustrialisert iallfall.»

Teknisk

OLPC XO-1

Grunnen til at eg vil hava ein XO-1 (fyrste maskini laga av OLPC) er altso ikkje berre av di eg vil gjeva ei maskin til ein unge. Eg vil jo hava maskini sjølv òg, men kvifor? Jo, spesifikasjonane på den lille søte maskini er heilt nye. Ein ny spesiallaga skjerm som fungerer i soli, sers låg straumbruk og heile maskini er fri og open. Ja, han køyrer sjølvsagt Linux. Kjeldekoden til programmi som kjem med ligg ved maskini, so det skal vera enkelt å endra ho. Tenk so kult! Eg kann berre sitja ute i soli i timesvis og programmera!! Det er so mykje tøft med denne maskini at det ikkje er til å tru.

Korleis få då?

Dette er vel heile grunnen til at eg skriv dette fyrr eg hev fengje sjølve maskini. Det viste seg å vera sers vanskeleg å få kaupt ei maskin. Meg og Børge gjekk saman for å få det til. Me visste det ville verta litt vanskeleg, for OLPC skreiv:

  • Maskinane vil berre vera tilgjengeleg for USA og Kanada

Som er ganske teit og tullete for alle oss koselege folk i resten av verdi. Men det vart endra då dei gjorde det mogleg å kaupa maskini til 31. desember. No står det at du skal kunna kaupa maskini same kvar du er, berre du sender ho til ei adressa i USA/Kanada. Det er ikkje so enkelt. Me fekk det ikkje til med Børge sin USA-registrerte PayPal-konto og ei JetCarrier-adressa i USA. Heller ikkje med Leif Arne sitt USA-bankkort og JetCarrier-adressa i USA. Kannhenda dei ikkje sender til JetCarrier. Veldig rart.

Det ser ut som dei sel og sel av denne maskini. Ikkje rart. Men det spyrst kor raskt dei klarar pumpa opp produksjonen nok til å klara senda våre når me ein gong fær tinga dei skikkeleg.

Same kva. Trass alle dei digre problemene me hev, eg hev so inn i granskauen lyst på ein OLPC XO-1. Gaaah. Hackety-hack.

Lillesyster mi, Kitty Karina, må absolutt òg få ein; ho skal jo verta ein stor hackar. Yey! :D

Oppdatert: Endra JetDirect til JetCarrier, etter marXman gjorde meg merksam på det

10 tankar om “XO-1, One Laptop Per Child (OLPC)

  1. Skjalg

    Dette har eg tru på. Her har eg lyst å vere med… Skal sjekke om nokre av mine vener skal til Dei Sameinte Statane eller til Kanada snart….

  2. Egil

    Ein smule ironisk at dei har ein såpass lukka distribusjon for ein ting som er så open. :/ Jaja, openmoko kjem snart :D

  3. Odin

    Skjalg: Jeppjepp! Men Leif Arne hev vener i USA, so me kann alltids gjeva dei litt pengar for å senda maskinane vidare.

    Egil: Ja, sant. Men dei vil ikkje vera eit forretningsforetak; dei vil jo eigentleg ikkje selja til folk på denne måten. Dessutan er det visst veldig stress å eksportera teknologi (skjemavelde).

    marXman: Ah, takk. Eg skreiv feil, det er ikkje JetDirect me brukar, men JetCarrier! :-)

  4. Odin

    Ola: Jaja. Eg skreiv USA. :P Alle kjenner det som USA. Men eg kann vel kalla det SS òg. Mohahahahawahwhawha. (Og ikkje ver so sint :P)

  5. Ola

    Sint og sint, eg ville no berre hjelpa. Det er jo eit kult namn! Men du, har det noko for seg? Er det vits? Er det ikkje betre å gjeva ungane noko å eta før dei kan byrja å programmera?

  6. Odin

    Ola: :P = tuller med deg. :-)

    Det er den gamle «ovanfrå og ned»-haldningi. Eg trur ikkje uland reiser seg på den måten… Dessutan er ikkje dette for ungar som ikkje hev mat; men for Peru, Brasil og andre land der det ikkje er svolt. Det skreiv eg vel i teksten :]

  7. Skjalg Skribent

    Kitty Karina hev faatt si maskin! Det tok eitt og eitt halv aar! No skal eg finne ut paa nettet korleis dette verkar i dag. Eg fekk frykteleg lyst aa lage ein film om denne flotte ordninga.

  8. Kitty Karina Skribent

    weee…Nå har eg fott meg olpc XD Det er løje, men eg forstår ikke såå mye av an… Men det er løje uansett XD

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.