Eg distribuerer porno-netsider med nakne vevkamera-amatørar (jentor sjølvsagt)

Dette kjem truleg som eit sjokk på dei færraste og jubel for dei fleste, men eg hev distribuert porno rett her på velmont.net. Sjølvsagt ingen hot sexy latina chicks spread legs and ooh-ooh webcam sex directed by and starring kinky sexy amatur babes på framsida, men eitt hakk ned i hierakiet hev du kunna finna all godskapen du visste internett hadde å byda på.

Oppdatert: Dei held fram. Eg trur eg hev klart fiksa det no; det låg att ein administrator-brukar på bloggen.

Eg er sjølvsagt i hundre av å hava uppdaga at eg hev kunna spreidd det glade bodskap heilt utan vitande vilja og tanke. At eit par hot sexy latina bitches kannhenda fær litt betre betalt når halliken deira tener litt meir pengar grunna mi inkjevetta lysing, er ein annan positiv biverknad.

Alle veit jo at eg elskar porno-bransjen endå meir enn våpen-bransjen. Sjølv um båe bransjane (som er dei som omset mest pengar i verdi!) er botnsolide og fjonge bransjar; so må eg nok seia at porno stend i høgsetet spesielt i desse joletider. Ja, eg veit, det er jo viktugt å hava våpen slik at me kann skyta i stykker hovuda til menneskje som er mindre verd eller meiner feil ting; men likevel er det noko spesielt i gleda me fær av å sjå på pur kapitalistisk, utnyttande porno. Ah, det finst vel ikkje noko meir samansveisande i ein flokk menneskje enn å sjå på gruppevaldt… – eh, -sex.

Pur kommersiell sex. Det er viktugt at han finst; om ikkje kunne me jo gjort noko so fælt som å hava sex med dei me er glad i! Usj, æsj, bæsj.

Um netsida

I det siste hev eg merka at siderangeringi mi hjå den o-store søkemotoren hev vorte ganske so bra. So lenkjer eg til deg er du heldig, for då fær du søkjemotor-jus. Difor var det so jysla heldig at desse herlege porno-sidene kom på at dei ville cracka WordPress-installasjonen min og putta opp eit lite skript som gjorde at eg kunne hjelpa dei med å få meir søkjemotor-jus. Stakkars, dei hev vel godt av all stønad dei kann få; dei fær vel so mykje trafikk og so mykje pengar av gode, kåte menn at dei må få låna litt plass hjå meg.

Eg veit jo kor mykje eg sjølv betalar for å hava netsida mi oppe.

Kvar er godskapen då?

Leit ikkje lengre!
Eg hev diverre fjerna han. Av ein eller annan grunn gjorde eg noko veldig dumt og impulsivt då eg fann dette (via Technocrati og referer):

  • Vart yverraska
  • Sint
  • Prøvde finna ut korleis dei hadde klart det
  • Fjerna xml.php som vart lagt inn av crackarane
  • Oppgraderte WordPress-installasjonen min slik at eg ikkje skulle verta råka av det same um att

Å oppgradera WordPress er ikkje impulsivt, men det fær so vera. Elles leita eg gjennom heile netsida for å finna liknande brot.

Sida slik ho var

Eg veit ingen hev venta på å sjå bilete av sida; men eg legg det ut lell.

Porno på netsida mi

Godt å sjå at dei ikkje er redd for å taka seg til rette. Sjekk URL-en. Ja, det er faktisk www.velmont.net/xhtml/, ei sida som ikkje er vanleg kjend for folk. Det må ha vore menneskje som fann fram til det, og det må ha vore ein feil i WordPress. Eg synest det er veldig rart at dei fekk det til um det var ein bot som gjorde det; men truleg hev det altso vore ein person.

Elles legg merkje til morosame ting som at [Gay] hev ei spesiell markering; og TEENS ser ut som um eg hev vitja nett denne sida. Elles er puppane til nokre av jentone ganske forferdelege.

Det skjedde um att

Eg vart mildt sagt yverraska då eg såg at dette framleis fungerte. Det var godt at eg fann ut av det att og fekk sletta administrator-brukaren som låg att i WordPress. Ei lita melding til alle som kjem inn på denne sida:

Stop surfing for porn! It’s a nasty business you stupid fuck

Sex-bilete lagt opp på ny!

No hev eg gjort um dette xml.php-skriptet til eit skript som loggar alle som kjem inn (difor fær eg sjå kvar alle kjem frå). Det er ganske stor trafikk til den fili. Sida mi kjem på fyrstesida på søk med «cheerleader porn» og «horny women webcam». Eg ser det er fleire som er infisert på same måten. Eg vonar berre dei ikkje klarar utnytta sida mi meir.

Alle treffi som kjem inn til xml.php-fili kjem no til denne sida her; so dei fær noko dei ikkje vil hava :P

9 tankar om “Eg distribuerer porno-netsider med nakne vevkamera-amatørar (jentor sjølvsagt)

  1. Simon

    Høhø. Eg trudde fyrst du prøvde å skaffa deg billege treff frå søkjemotorar.

    Har høyrt om denne feilen. WP skal visst ha vore vidopen for sånne åtak. Eg nyttar sjølv WP til vevsida åt litlebror, men heldigvis er det få som veit kvar ho ligg, så dimed har han enno ikkje vorte råka. Men eg må vel oppgradera, eg òg.

  2. Egil

    Haha, den sida var jo særs bra. IamSEXY20 var jo et utruleg kreativt nick. Det var nok denne sida si skuld at du har 6 i pagerank :p

  3. Odin

    Egil: Eg trur ikkje det. Eg trur det er Universitas si skuld for det meste. «Rebecca si side»:http://rebecca.velmont.net/ hev jo tilogmed 4 i PageRank, so det hev vore ei auking yver lengre tid.

    Biletet er berre eit utdrag, sida var jo mykje større.

  4. Odin

    Simon: Haha, det er nok ein kombinasjon! :D Eg ser jo kor ekstremt mange treff Universitas fær på «Studentsex» «Student sex» o.l. Dessutan fær eg jo ein del treff på «nakne russ jenter». :)

    Men eg merkjer WordPress er ganske øydelagd no, grunna den nye versjonen. Må nok fiksa litt her og der.

  5. Simon

    Google-treffa på site:velmont.net/xhtml er skumle: «shemale free webcam chat» og «Vil du ha eit eksempel?» i same treff…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>