Eksamensperioden starta att

I dag var den store eksamensdagen. Ikkje berre ein eksamensdag, men den store. Eller, spesielle. I dag var eksamen i inf1400. Eg hadde ikkje lese ei einaste line tekst i dette faget (utanom det som vert pressa i deg) og var pisseredd for eksamen. Kjende ikkje som um eg hadde kontroll på nokon ting.

Heile morgonen gjekk til med lesing; sjølv um eg ikkje kjende eg fekk stort utav det (var mykje eg visste frå fyrr). Eg vart likevel litt tryggare på meg sjølv då eg las. Rebecca forheksa meg slik at det skulle gå bra. Det var godt. Me hadde lov å hava med allslags hjelpemiddel på eksamen, diverre ingen datamaskiner eller internett (der Wikipedia ligg), so eg tenkte eg måtte skriva ut noko. Sjølvsagt hev eg ikkje læreboki, for dei plar eg jo aldri kaupa.

So ein time etter eg hadde funne ut at raui mi skulle dra til Ping, fekk eg lyfta ho. Difor var eg der berre 20 minutt fyrr eksamen starta, og no skulle eg byrja skriva ut alt pensum frå ymse PDF-ar ute på netet. Det kunne ikkje gå bra. Eg fann til slutt ein dobbelt-skrivar (tvo skrivarar som jobbar parallelt og er difor raskare) og sprang upp til Fysikk-bygget. Eg kom inn i eksamenslokalet då dei sa «blablbalbla, då startar me!». So det var på håret :p

Eksamen startar

  1. Eg fekk eksamen. Han var på bokmål.
  2. Eg rakk upp handa, etter ei stund kom dei.
  3. Dei ville taka eksamenen frå meg for å finna den nye. Det ville eg ikkje av di eg kunne godt lesa uppgåvone medan dei fann den nynorske.
  4. Eg fekk eksamen. Han var på engelsk.
  5. Gah, gidd eg stressa meir? ….
  6. Javel. Eg rakk upp handa, etter ei stund kom dei.
  7. Dei ville taka eksamenen frå meg for å finna den nye (um att).
  8. Ein ny fyr kom. Han ville taka eksamenen frå meg for å finna den nye (atter ein gong).
  9. Eg venta litt med den engelske eksamenen.
  10. Endeleg kom den nynorske eksamenen min.
  11. Han var sjølvsagt elendig skrive. Menmen. Nok klaging.

Det viste seg at eksamenen var fleirvalsoppgåvor!!! Wow. Eg las gjennom han. Dette skal eg klara.

No sit eg her og er utruleg glad (eigentleg ikkje, men det kjem eg attende til)! Eksamenen gjekk dritbra! Eg trur eg svarte bra på alle oppgåvone. Jei! :D

Kvifor er eg ikkje so glad lell?

På t-banen heim… Eg tenkte eg skulle spara litt pengar (for det er berre nokre få dagar att i Oslo, ikkje nok til månadskort) på å snika på t-banen. Det vart dyrt. Jævla dyrt. 900 kr dyrt. Faen i helvette.

Men bra lell

Men Rebecca er her, og ho er god. Dessutan hev eg fødedag i morgon; og eg veit Rebecca kjem til å gjera det til den beste eg nokon gong hev hatt.

So i morgon skal eg vera glad! Hihihi. Eksamenen gjekk jo bra… :-)

9 tankar om “Eksamensperioden starta att

  1. Klaus

    Ouch! Den var sur. Korfor er det alltid sjekk når ein IKKJE har billett, men aldri når ein faktisk har? Eg bare spør.

  2. Nado

    Hei Odin! Eg må bare sei at sjølv om eg isje skrive innlegg så ofte som eg gjorde, så leser eg likevel bloggen din mer eller mindre regelmessig ;)

    Kjempe kjekt å hørra at du gjorde det bra på eksamen, mindre kjekt at du fekk 900 kr i bot :( E det foresten lenge te du kommer hjem til goa gamle Stavanger? Forhåpentligvis så får eg sett dokker denne julen, begynne å ble sygt lenge!

    Det må og nevnas at du e flink te å ta bilder, så koffer har du isje lagt ud merr??? Forvente ein god oppdatering itte du e ferdig med eksamener ;)

    Sist men isje minst så vil eg gratulera deg me dagen! :D

  3. Egil

    Gratulere med dagen ja. Det med snikingen var keisamt. Du får kjøpa fleksikort neste gang. Eg hev snike fleire gonger, men då hev eg gløymd å stempla eller vore på veg til universitetet. Dei sel jo ikkje studentkort overalt, så ein kan jo ikkje kjøpa det før ein er på blindern eller trafikanten.

  4. Odin

    Klaus: Hehe. Du berre spyrr ;p Det skjer vel truleg alltid av di det er dei gongene me hugsar. Eg hugsar ikkje andre gongar eg hev snike (umtrent) utanum dei då eg hev vorte teken.

    Nado: Oo, hei! Eg kjem heim 16. desember. Må absolutt få til noko, ja. :-) Eg må få lagt ut bilete, ja. Meg og Rebecca gjekk nett tur, og det var utruleg flott ljos ute; men eg hadde ikkje med meg kamera. Takktakk :-)

    Egil: Takktakk du òg ;-) Me kann jo skaffa oss studentkort fyrr det forrige gjeng ut. Nett no hev eg eit studentkort som er ubrukt slik at eg kunne kopla dei direkte på. Ville ikkje bruka det kortet likevel, sidan det hadde vore dyrt for tvo víkor.

  5. Egil

    Og du hadde det ikkje på deg? Du kunne sagt at du løp til banen og ikkje rakk å stempla. Eg trur nok det er ein samanheng mellom kontroll og ferie. Er sikkert ein del studentar som snik nå like før ferien :p

  6. Skjalg

    Det var veldig surt – og sikkert flaut og. Eg ser deg for meg med kontorlløren og 30 anlete som ser på denne ynkjelege fyren som prøvde å lure seg frå å betale… Kor har du gjort av flexikortet eg ga dikkon? Korleis var feiringa av bursdagen då ?- kankje slå turen til Fillipinene, Odin (denne var rektignok itte den 6.). Og… eg har purra Monge gonger på fleire bilete. Eg vil ha attende kamera mitt…visst ikkje det skjer noko no…

  7. Skjalg

    Det irriterer meg med denne klokka di som ikkje går rett. Når eg legg denne meldinga ut så er klokka 14.55… Men Odin si haldning til tid er som kjend noko spesiell….

  8. Odin

    Egil: Eg hadde det med meg, jo.

    Skjalg: Ikkje flaut. Eg sa eg hadde gløymd lommaboki heime. Ingen andlete som såg på. Flexikortet er brukt for lengje sidan. Fødedagen var bra. Kva med Filippinane? Alle bileti ligg på kamera; mykje godt. Diverre må eg få i gang biletearkivsystemet, dette kann eg gjera i ferien.

    Og dessutan er det ikkje berre ditt kamera; eg hev òg pengar i det kamera. :-)

    Og tidi på denne tenaren er feil. Slikt kann ikkje eg fiksa…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.