Eksponering og publisering berre for halvdugelege skular

I Stavanger Aftenblad den 20. desember kunne me lesa um og sjå utfalli av dei nyaste nasjonale prøvone. Diverre fær me ikkje heile sanningi i korkje datagrunnlaget eller i artikkelen som fylgjer med. Fleire skular er utelatne frå offentleggjeringi på grunn av for få elevar i ei av dei tri graderingsgruppone. Dette tyder fort fjerning av dei beste (og dårlegaste) skulane. Er det ynskjeleg å berre visa fram dei halvdugande skulane?

Sjå for deg ein skule med gode lærarar. Skulen klarar å lyfta brorparten av elevane upp til det beste nivået, med ein del att på millomnivå og eit par elevar som treng spesialuppfylgjing på botnen. Denne skulen som kannhenda fekk 65% bra, 30% medels og 5% dårleg hadde ikkje vorte med i offentleggjeringi av di skulen hadde for få dårlege elevar. Hæ? For dårlege elevar!? Kor tid vart det eit godt kriterium for å kåra «den beste skulen» i Aftenbladet? Me kann vera mot slike kåringar, men det er no slik utfalli frå dei nasjonale prøvone oftast vert tolka og brukt.

Den hevda grunnen til at skular med få dårlege (og få flinke) elevar vert fjerna frå listone er av omsyn til elevane i dei små gruppone. Eit edelt mål, men er det verkeleg naudsynt og fungerande? Eit tal for ein heil skule merkar ikkje ut einskilde elever. Um ein snok likevel etlar gjeta kven desse få elevane er, må han allereie vita kven som normalt ikkje gjer det bra på prøvor. Då veit han jo allereide det han vil vita og dei nasjonale prøvone vert ikkje ein inngangsport til denne informasjonen. So lengje einskilde prestasjonar er hemmelege vert snoken heller aldri heilt sikker.

So kvifor vert ikkje utfall frå alle, eller ingen, skular offentleggjort? Er det med vel vitande vilje at me framleis må leva i den norske halvdugleiken? Kor tid kann me endeleg sjå at det ikkje er noko galt i å vera flink, same um ein er skule eller elev? Tidi er inne for å kasta det pessimistiske og lite uppbyggjande målet um å vera halvdugande; me må oppfordra skular og elevar til å stræva um å verkeleg duga! Og for all del ikkje opna for sensurering av dei som er best!

4 tankar om “Eksponering og publisering berre for halvdugelege skular

  1. Odin

    Nei. Det må gjerast med sterke, flinke og glupe lærarar som mor mi. Lærarar som krev å verta respektert og respekterer elevane attende. Det må vera ro i klasserommet og god disiplin.

    Nasjonale prøvor er absolutt eit godt verkemiddel synest eg, men eg er ikkje sikker på um offentleggjering er den rette vegen å gå. Men det veit eg ikkje heilt. Det eg i alle høve er sikker på, er at eg er kjempemot ei forskjelleg handsaming av skulane. Anten offentleggjer alle, eller ingen.

  2. Jarle

    I eit land der me sperrar inne alle millom 6 og 16 år i eit klasserom 200 dagar um året, meiner eg den beste skulen må vera den der elevane mistrivst minst. Fær me vita det av Aftenbladet, tru?

    Professor Espen Schaanning hadde eit par framifrå stykke i Dagbladet i kjølvatnet av PISA-kunngjeringi:

    Skolelaboratoriet: http://www.dagbladet.no/kultur/2007/11/22/518955.html

    Kunnskapsskolen kaller (svar frå Unge Høgre): http://www.dagbladet.no/kultur/2007/11/24/519202.html

    Det viktigste kan ikke måles (svar frå Schaanning): http://www.dagbladet.no/kultur/2007/12/02/519937.html

  3. Odin

    Jarle: Fyrst, unnskuld for at det tok so lang tid fyrr innspelet kom ut; WordPress gjev meg ikkje melding um slikt lengre.

    Eg er heilt einig, eg las den fyrste teksten og han var veldig god. Eg hev stor tru på ei omlegging av skulesystemet.

    Det viser seg at unger er utruleg viljuge til å læra, men med det einsidige fokuset og tapar-produserande køyret som skulen driv med no – mistar mange den gnisten. Det er so sant, so sant at me hev forskjellege interessor og at alle heller ikkje kann driva med det same.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.