Inf2220; må nok jobba litt meir fyrr eksamen

Eksamen i dag gjekk ikkje serleg bra. Det er den fyrste eksamenen eg ikkje er trygg på at eg står. Det var inf2220; algoritmar og datastrukturar. Eg fekk lese endå mindre enn normalt, ikkje ein dag lesing fyrr eksamen slik eg plar, men ingen ting. Eg var på sentralstyre-samlingi, so det var ikkje mogleg.

Men eg kjenner eg hev lært litt meir. Kannhenda eg vert endå flinkare til å lesa til fagi mine no. Kannhenda eg til og med skal gå på forelesningar. Berre på litt vanskelege fag og dei som ikkje er for keisame sjølvsagt, som statistikk (grøss og gru). Det er ikkje det at eg gjer for lite informatikk, men mykje av det eg lærer meg og gjer er berre indirekte relevant til fagi eg tek. Eg vert mykje flinkare i informatikk som ein stor samlesekk, men det hjelper lite når skulesystem er lagt opp på ein ganske lineær og «no fokuserer me på dette»-liknande metode.

Kannhenda ein litt meir prosjektbasert metode hadde vore bra? Men det er jo moro å plutseleg verta veldig mykje betre i eit spesifikt område. Slik er det jo òg når me jobbar me prosjekt, då må me plutseleg verta gode i grafar um me t.d. skal laga ein trafikanten.

Heim!

Eg klarte skaffa meg ein komfort-billett med toget til Stavanger i morgon. So um eg klarar å stå upp, so gjeng ting godt. Eg gler meg enormt til å koma heim.

2 tankar om “Inf2220; må nok jobba litt meir fyrr eksamen

  1. Egil

    Sa eg ikkje til deg at inf2200-eksamen er stress? Ikkje for å ta ein «kva var det eg sa?», men den eksamenen har alltid vore stress. Eg var ikkje fornøgd med min, men eg fekk nå ein B. Men eg hadde lest litt då… Du får heller ta ho opp til hausten og lesa litt på vårt kjære Wikipedia. Der står jo alt særs godt skrivi. Eg lærte meg normaliseringsteorien i inf1300 et par timar før eksamen då eg leste det på wp. Forstod null og niks når eg leste om det i Skagesteins bok.

  2. Odin

    Egil: Fær sjå kva karakter som dett ned i postkassa (ikkje). Står eg, so treng eg jo ikkje taka han upp att. :-) Normalisering i inf1300 skreiv eg berre tull på. Eg vart eigentleg ikkje ferdig med den eksamenen.

    Eg fekk ikkje sett på siste oppgåva i inf2220 eingong, den talte 35%. Difor trur eg at sjansane mine er små, små. :P

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.