Ingen fred dei neste tvo dagane

No er eg på veg upp til hytta der me skal hava sentralstyre-samlingi. So eg vert vekk til i morgon. Eg dreg rett frå samlingi til eksamen i inf2220, som er den siste eksamenen eg hev att; det vert spanande. Eg eg litt usikker sidan eg fær ikkje ein dag å øva fyrr eksamen slik eg normalt har, no er eg på ei hytta og må vera med på det som skjer der…

Me skal laga jolekort for NMU og prata um stoda. Utanum det so må eg få ringd alle folki me hev sett upp på vinterlægerprogrammet; det hev eg endå ikkje fengje tid til. Dessutan gløymer eg alltid finna telefonnummeri deira. Finn heller ikkje programmet mitt. So rart, eg er sikker på det vart burte då eg byta sekk. Må hava flydd vekk eit par papir då. Klokka er sers tidleg, og t-banen gjeng um 6 minutt; eg hev ikkje fengje meg noko mat – må få ordna det seinare.

  • SST-samling frå no til i morgon, rett til
  • Eksamen 3 timar, rett til
  • Heim å laga salat (og potet, wtf?) til NMU sitt jolebord
  • Vera på jolebordet til NMU
  • Sova
  • Tog heim

Ingen fred å få dei neste tvo dagane…

Mogleg relaterte innlegg

This entry was posted in Personleg. Bookmark the permalink.

2 Responses to Ingen fred dei neste tvo dagane

  1. Egil says:

    Nå syns eg du må slutta med disse listene dine Odin. Dei får du ha i almanakken din :p

  2. Odin says:

    Eg berre sa frå um at det var mykje som må gjerast for tidi ;-) Må jo vera lov det. :]

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>