Eg hev funne ein morosam ting. Det krev ein kjærast med kniv, ein (helst tvo) kiwiar, skei og film. Dessutan må du vera van med å eta kiwi på den ekte måten, den for mannfolk og alle andre som veit korleis me et frukt.
- Få kjærasten din til å laga klar kiwiane de skal eta medan de ser «Pink Panther».
- Ho lagar han sjølvsagt på feil måte (kutt av toppen av kiwien (jentemåten)).
- Ho innser dette, men sei «OK, eg kann prøva å gjera det på denne måten» for å vera open for nye (teite) ting.
- Le medan du ser «Pink Panther».
- Tak skeii i den eine handi, og kiwien i den andre.
- Skrap av eitt lag Kiwi, putt inn i munnen og et.
- Repetér frå 5 heilt til Kiwi-en er ferdig.
- Voilá, kjenn etter ei spesiell kjensle.
Dette er kannhenda ein lur plass å gå til spegelen på badet og sjå på verket (eller skal eg seia «verken» ;-) ) ditt.
Illustrasjon
Du vil slita med nr. 3 eit heilt døger etterpå. Det vil vera stress å eta ting…
Korleis du skal eta Kiwi
For dei ulukkelege sjelene som ikkje veit korleis me eigentleg skal eta kiwi:
- Vask kiwien (skyl han)
- Putt han i handa di
- Bit i han
- Tygg
- Svelg
- Start frå 3 til det ikkje er meir kiwi att
Då er kiwien god
då er han best
til kvardag
og til fest
Jeppz! Du et altso med skalet på, nett slik me et eple, nektarinar, plommer, sitronar og anna som er godt.
Kvifor seier du «jentemåten»?
Eg hev sterkt yvertydande statistisk materiale som seier at jenter brukar skei, og gutar berre et kiwien på den beste måten. Eg hev lagd ein tabell som prov:
Dårleg måte å eta kiwi på | Den beste måten | |
---|---|---|
Gutar | 0 | 1 |
Jentor | 2 | 0 |
Som me ser, hev eg funne ut at båe mamma og Rebecca et kiwi med skei, og eg (som er gut) et på den beste måten. So der hev me det! Den dårlege måten er jentemåten.
QED.
Eg riv han i to med hendene og pressar ut innhaldet. Spis ikkje skalet. Du spis kanskje skalet på mangoen og?
Egil: Nei, eg et ikkje skalet på mango; det er ikkje etande. Som skalet på kokosnøtt og banan… :-)
Legg inn norsk ordbok i Firefox, det er skikkeleg hendig :-)
Ett langt og utfullende innlegg dette, bruker du lang tid hver gang du skal blogge? ;P Personlig har jeg alltid spist på jentemåten og jeg har alldri trodd at man kunne spise skrelle på kiwi’n, har liksom alldri hengt meg opp i det. :O Men etter å ha lest at det er spiselig her, så skal jeg ta å prøve med skrell på. ;)
Joakim Lien: Hei, koseleg at du la att innspel :-) Ser du er frå Stavanger, men eg hugsar ikkje namnet ditt. Burde eg? :-|
Eg veit ikkje heilt um spursmålet ditt er sarkastisk (med «;P»), men tenkte eg kunne svara lell. Tid. Hm. Eg brukar vel normalt sett ein time på kvart innlegg. Kjem alltid litt an på kva type det er. Når det er sagt hadde det vore moro å testa det litt meir, sjå kor lang tid det normalt tek meg.
Dette her var jo lite og lett, og ikkje særleg grundig; det tok lengre tid å laga illustrasjonen enn å skriva teksten. Dessutan lurer eg på um eg fær fleire attendemeldingar når eg brukar lister. Ser iallfall ut til at folk liker det betre.
Kiwi er godt med skalet på; det vert ein litt meir avansert smak; den søte og sure smaken av kiwien, nøytralisert litt av skalet. Det er endå klårare med sitron; det er enkelt å eta ein sitron med skal (for då nøytraliserer skalet det sure inni) – utan skal so er det ikkje like godt synast eg.
Du fær sjå um du likar den tøffe gutemåten då ;-)
Men kva med å skrella heile kiwien med potetskrellar, og so putta heile inn i munnen på ein gong? Er det berre Ola- og Elisabeth-måten?
Ola: Haha. De er no til å eta upp! :D
Det høyrast ut som eit godt kompromi millom dei tvo metodane :-)
Det er kjekkt å sjå korleis kvardagslege emne blir leste og kommenterte… Eg har ete Kiwi på fleire måtar. Eg har gjort som Egil og som Unni Elisabeth. Eg synest det er greiast å dela den og presse ut innhaldet. Eg er samd med Odin – skalet smakar og godt saman med fruktkjøtet. Som apropos til Kiwi, ein kjenning av meg havna på sjukehus etter ein omgang med den eksotiske frukta… Fekk pustevanskar og blei henta av sjukebil… Kiwi er tøffe greier.
Eg e enig med Joakim, spiser alltid på jentemåten! Eg har faktisk aldri tenkt på å spisa den en annen måte… Kanskje eg ska prøva å spisa den som Egil?