MMmm, god omelettoppskrift!

Eg hev vorte ein racer på omelettar det siste halve året. Dei siste omelettane eg hev laga hev vore heilt fantastisk gode, i dag storkosa eg meg verkeleg. Difor tenkte eg at eg kjapt skulle skriva ned grunntrinni, slik at eg kann hava det skriftleg um andre er interesserte.

Oppskrift, osteomelett med kvitlauk

Eg hev laga veldig mange forskjellege variantar, det er veldig enkelt å tulla rundt for å so koma opp med ein god omelett. Eg skriv ned den eg laga i dag; osteomelett med lauk, kvitlauk, gastromat (norsk «krydder») og ingen mjølk.

Det var ei ekstremt enkel oppskrift som smakte himmelsk:

Dette treng du (ingrediensar)

  • 1 vanleg skei med smør
  • 3 egg
  • 1 fedd kvitlauk (ein båt altso)
  • Lauk (dobbelt so mykje lauk som kvitlauk, berre kanten av ein stor lauk)
  • Ei lita neva (hand) rispa ost
  • 1 flat teskei med gastromat (du finn det i krydderhylla på butikken)
  • 1/4 teskei med oregano (vanleg krydder)

Framgangsmåte (tek rundt 10 minutt)

  1. Set steikeplata på omnen, (varme 4 (av 6)) og ha i smøret
  2. Kutt opp kvitlauken og lauken i små bitar
  3. Hiv det oppi steikepanna når smøret er smelta
  4. Ha dei tri eggi oppi skåli
  5. Putt krydderet oppi skåli, rør til det vert gult
  6. Fordel det som er i steikepanna likt utyver
  7. Når lauken og kvitlauken er brun, hell innhaldet i skåli yver
  8. Roter steikepanna rundt ein gong slik at egget lagar ein «kant» inne i panna
  9. Hell litt av osten oppå omeletten (osten vil søkka ned i han)
  10. Når eggekanten du laga fjernar seg frå plata, bruk steikespada di til å lausriva omeletten frå plata
  11. Ha resten av osten på den eine halvsida av omeletten (den sida som sit mest fast)
  12. Pass på at omeletten er passe fast på yverflata (kann renna litt, skal vera litt blaut)
  13. Bruk steikespaden for å koma under den motsette sida av osten og legg han forsiktig yver, no hev du ikkje ein rund omelett lengre, men ein halvmåne
  14. Strø litt ost på toppen som pynt
  15. Omeletten er ferdig når osten hev festa seg
  16. Skli omeletten yver på ein tallerken ved hjelp av steikespaden

Njot omeletten din med salat! :D

Variasjonar

Det er sjølvsagt veldig, veldig, veldig lov å laga variasjonar av denne. Det er berre godt og enkelt. Grunnen til at eg laga omeletten på denne måten i dag var ganske enkelt av di det var dette eg hadde. Ein av mine betre omelettar brukte eg sopp;

Sopp

  • Meir smør i panna
  • Steik soppen brun og god
  • Ha han yver på ein tallerken
  • Når omeletten er i stadiet der du puttar «resten av osten på», so heller du berre soppen oppi

Det er veldig vanskeleg å laga ein omelett som er vond, det er enkelt og godt. Vil du bruka litt mjølk i?

Med mjølk

  • Ha i mjølk når du rører eggi, ikkje for mykje, omtrent ein liten «skvulp»

Hev du ein god omelettoppskrift?

Kom med han då. :-)

7 tankar om “MMmm, god omelettoppskrift!

  1. Egil

    Det er altfor lenge sidan eg lagde meg omelett sist nå. Eg plar bare vispa samen to egg, slenge oppi diverse krydder og evt ha litt ost på toppen.

  2. Odin

    Skjalg: Heheh. :P

    Egil: Er vel nett det eg hev skrive, er det ikkje? Berre med 3 egg, ikkje 2.

  3. Ola

    Men han skreiv jo 2. Eg plar nytta oppskrifta i «Frå bollar til burritos». Den er god. Det er og veldig godt å ha tomater, paprika og kålrot oppi. HAHA! Utan kålrot sjølvsagt! Men det er lurt å hiva på litt grovkverna pepar òg.

  4. Odin

    Ola: Mi bok er på bokmål, so eg vil helst ikkje slå opp i ho. Hehe. Dessutan likar eg godt å gjera ting sjølv. Eg er einig med deg med tomatar og paprika; eg hadde det oppi saman med soppen når eg tenkjer meg um.

    Diverre manglar eg (me, meiner eg) grovkverna pepar :-/

    Forresten so slepp du å verta heldt i modereringskøen um du skriv inn epostadressa di, Ola. Greitt å vita ;-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.