Prismedvitne tjuvar

Bussen humpar nedetter eit endelaust ørkenlandskap. Men det veit ikkje eg, eller dei andre – for me søv alle saman. Det er ein ekte sovebuss med ekte senger, ikkje slik ein ekkel, rølput nattbuss som eg er van med. Praten sit laust når soli kjem upp og folk byrjar vakna.

Eg er heilt trygg på folki sjølv um eg eigentleg ikkje veit kven dei er, eller kvifor me er her.

Arizona desert gas station Bilete frå «driek på flickr»:http://flickr.com/photos/driek/84002321/ cc: «by-nc-sa»:http://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/2.0/deed.en

Sovebussen svingar inn til ei lita hytta ved vegen. På andre sida ligg ein ganske karakteristisk ørken-bensinstasjon. Me gjer oss klar for mykje hyttekos ute i ørkenen.

Etter mykje kos

Eg vert godt kjend med desse 10–15 folki. God stemning. Litt seinare utpå dagen køyrer ein vanleg buss inn på området, han er svart og ut kjem 5 gutar.

Dei er visst tjuvar og skal rana oss. Ingen av oss vert serleg sinte, men irriterte yver at tjuvane skal koma her. Ein av dei hev kort blondt hår og ser ganske ung og sprek ut. Han finn veg inn til kjøkenet der eg stend og lurer på um eg skal laga min herlege nachos-tallerken til dei nye venene mine.

Han seier ikkje noko, men leitar fram skuffen der kjøkenutstyret ligg. Han raskar ut alt etegognet (norsk for «bestikk») og tek det med seg. Eg synest han er ganske søt. Knivane, skeiane og gaflane er ikkje våre og dei er langt frå fine eller verd stort meir enn ein hundrings. Det vert likevel litt vanskelegare for oss på hyttetur uten. Då han kjem ut signaliserer han til resten av gutane at jobben er gjort; dei hev etegognet.

Bussen stend der framleis, men det gjer òg tvo racerbilar. Eg ser burt på ei av dei nye veninnene mine og spyrr um dei hugsa «fiksa» bilane. Ho smiler lurt og ser tjuvane hoppa oppi den eine racerbilen. Bilen skyt med ekstrem fart rett inn i trappa og steilar hardt fyrr han brasar ned upp-ned. Eg ottast guten vert skada, men det gjer han ikkje.

Dei slenger sekken med kjøkenutstyret på ryggen og flytter yver i den andre racerbilen. Diverre hev ikkje den nok bensin, so dei køyrer yver til bensinstasjonen. «Ai,» tenkjer eg, «no kjem dei seg unda lell!».

På bensinstasjonen

Dei pratar med mannen på bensinstasjonen. Vil at han skal fylla på, men det vil han ikkje råda dei, seier han. «Det er mykje billegare å kaupa bensin i neste by», mumlar han fyrr han kjem med kronargumentet; «25% billegare faktisk!». Tjuvane ser med ein gong logikken i dette, og vil sjølvsagt ikkje gjelda bensin hjå denne stasjonen når dei kann få det 25% billegare ein annan plass.

So legg dei i veg burtetter ørkenen i full fart og eg vert fortalt av venene mine at bilen ikkje hev nok bensin til å koma til neste by. Medan eg vert fortalt dette ser eg ei av jentone gjelda bensin-mannen ei bunka pengar.

Haha. Der fekk dei att, dei prismedvitne tjuvane.

3 tankar om “Prismedvitne tjuvar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.