Sol fungerer att!

No fungerer maskini mi att! Eg hev lodda og stade på, fiksa og mekka. Teke heile hurumheii frå kvarandre og faktisk klart å klora det saman att. Ikkje like godt som fyrr, men absolutt brukande. Det viktigaste er jo at straumen fungerer att! Eg veit ikkje korleis stoda for netet er, eg hev ikkje rørt det. Eg er ikkje automatisk hugteken av å lodda 8+ leidningar på under ein cm…

Demontering

Sol (den berbare maskini mi) i deler

Det var neimen ikkje enkelt! Eg sleit, det var alltid ei skrua til på ein eller annan rar plass som måtte av. Var aldri sikker på um eg måtte riva hardt for å få av delen; eller um det er ein annan måte å fjerna han på. For kvar nye skrue, kvar ekstra del, vart eg meir og meir fortvila. Spesielt ei av skruane til skjermen var irriterande; eg hadde øydelagd gjengane på skrua. Til slutt fekk eg ho opp då Gus (Håvard) hjelpte meg og viste meg O-store-tang.

Til slutt sat eg att med ein heil haug skruer og ein heil haug deler eg ikkje hadde peiling på kvar kom frå.

Avlodding

Eg såg likevel straumkontakten som er Sol sitt livs store problem. Eg starta lodda han av. Etter ei stund var han av. Eg ville finna ein lik del for å kaupa på ELFA.

Kauping av elektronikk på ELFA

Det var ei søt jenta bak disken. Eg forklarte og viste ho delen og kabelen, samt sa nummeret på delen eg ville sjå på (me hev ein tøff bok med alt ELFA hev her på PING). Ho fann til slutt fram ein som passa ganske bra og eg kaupte han for 15 kr. Det var langt frå gale.

Kann eg bruka denne delen?

Eg visste delen ikkje passa heilt til hovudkortet, men eg tenkte eg skulle sjå på det. Eg dreiv mykje på med slike elektronikk-testarar for å finna ut korleis desse tvo delene fungerte og korleis eg måtte lodda delen på hovudkortet til maskini mi.

Til slutt fann eg ut kva som var galt med den gamle delen. Eg gjekk inn for å heller prøva å fiksa den. Det gjorde eg. Litt lodding her, litt lodding der. Eg fiksa opp i den teite delen, og VOOPS! Der var han på kortet!

Straumkontakten på hovudkortet

Deilig!

Putta maskini saman att (men fyrst testing)

Eg var veldig redd for at eg hadde øydelagd maskini på ein eller annan rar måte. Det er jo ein resistor som hev falle ut av maskini (men det skjedde for lengje sidan), og eg hev jo drege ut allslags rare kablar og skrudd ut masse skurer. Eg sat maskini hallvegs saman att, kopla på skjerm og tastatur; og straum. Venta i spenning saman med Egil:

Odin, meg med den fungerande maskini

Yey! Han fungerer! Eg hadde ikkje sett harddisken i (med vilje), so difor skrudde eg berre resten av maskini saman (det var ikkje lett) og slo ho på. No skriv eg på Sol og alt fungerer storarta. Eg hev framleis ikkje testa nettverkskabel, men det kann eg leva med. Nett no nyttar eg trådlaust net på PING; trådlaust er herlegare enn kabel same kva.

Etterdønningar

Eg sit att med ei berbar maskin som manglar skruar i ein heil legion hòl. Dessutan sit eg att med ein heil skokk skruar som eg ikkje veit kvar skal. Haha. Dei fungerer ikkje i dei gapande hòli, so noko er veldig feil. Men det er eigentleg ingen problem for maskini fungerer jo att!.

4 tankar om “Sol fungerer att!

  1. Skjalg

    Ja dette var imponerande Odin! Eg får angst når eg tenkjer på å opne ei datamaskin, anten det er for å skifte eit platelager eller å støvsuga inne i ho. Eg hev ein berbar maskin som ikkje verkar som ho skal (ho blir for varm). Kan du taka denne for meg? Eg betalar veit du…

  2. Egil

    Er det ein pentium 4? Min pentium 4 laptop blir og særs varm. Det er sikkert mogleg å setja inn ein kraftigare vifta, men då blir det jo meir bråk.

  3. skjalg

    Maskina har ein P3 prosessor. Vifta sviv så lenge maskina har straum. Sjølv om maskina ikkje er i bruk men berre er på, blir den varm. Kan berre arbeide 15 minuttar før den skjer seg. Maskina var dyr den – eg betalte 27.000 for ho for nokre år sian!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.