Sol (maskini mi) er defekt, snart ryk batteriet

For 2 ½ år sidan hadde eg maskini mi (ECS Green 551) inne til Multicom for å fiksa straumpluggen og gjera ho stille. Eg hev umtrent berre nytta maskini på skrivebord etter den tid (for å unngå slitasje), men no er eg på denne vonde plassen att. Garantien gjeld ikkje no lengre (ho er 3 ½ år gamal), so eg fær prøva å fiksa det sjølv denne gongen. Vonar det gjeng bra, eg er so avhengig av å ha ei datamaskin med internett.

Dette skreiv eg på netsida mi for 2 ½ år sidan:

Laptopen min funka heller ikkje lengre i dag – buhuuu.. Men den er fiksbar håpar eg, får vel sende han til Multicom når eg kjem til Noreg.

Og eit utdrag frå eposten eg sende til Multicom (som òg ligg på den gamle netsida mi):

Jeg flyttet så til Oxford for et år og merket etter en periode på noen måneder at strøminngangen begynte å bli “dinglete” og slakk. … Jeg så at det var et sånnt garanti merke under laptopen – så jeg vil ikke åpne den for å prøve å fikse det selv, jeg har en anelse om at strøminngang-greia har løsnet fra hovedkortet. Uansett har jeg prøvd alle mulige stillinger nå – og laptopen får ikke strøm i det hele tatt!

Ser ein burt frå bokmålen og Oxford, so gjeld dette um att (ja, eg skreiv nynorsk på netsida mi for moro, bokmål elles).

Eit slit, nettverk òg

Det er ikkje berre straumkontakten det er noko gale med no. Òg nettverkskontakten er galen og må puttast i ein spesiell posisjon for at ho skal fungera. Det stend um millimeter, og etter litt tid so mistar eg internett att. Dette er heilt ekstremt irriterande sjølvsagt. Likevel hev meg og Rebecca hatt det slik i 2 månader no. Der mista eg faktisk internett (eit par minutt), måtte flytta kabelen opp på høgtalaren att. Men den lealause straumkontakten hev altso teke kvelden no, eg brukar maskini frå batteriet.

Lite tid att fyrr straumen ryk! Kva var det andre eg skulle skriva…? Gah. Ja-ja. Eksamenen i inf1060 gjekk greitt, men neste gjeng nok endå verre um eg ikkje fær fiksa maskini mi. Det er jo den einaste leringsressursen eg hev!

Eg er so glad i maskini mi. Ikkje døy :-(

5 tankar om “Sol (maskini mi) er defekt, snart ryk batteriet

  1. Egil

    Du får undersøkje korleis det er med reklamasjon på ho. Det må jo ver snakk om ein produksjonsfeil ettersom det skjer for andre gong. Mursteinen, ein eldre compaq med pentium 4 grøsse har ingen problem med slitasje. Bra du pratar om thinkpad neste gong. Dei lever jo usakleg lenge. (Bortsett frå når Erik finn ut at han skal fikla då :p)

  2. Nado

    Reklamasjonsrett på data e vel 5 år. Nå vett eg isje koss du har behandla maskinen, men dette gjelde under vanlig bruk. Send en mail til forbrukerådet og forhør deg me de :P

  3. Skjalg

    Trist med maksina di. Men du får prøve å reklamera. Som Nado seier så er det reklamasjonsrett på 5 år på datamaskinar osb. Eg leverte nett inn ein Nokia mobil (kjøpt for 1 år og 6 månader sian) for tredje gong. Andre gongen ville dei ikkje ta han – sa garantien var kun 1 år (det var 1 år og 1mnd sia kjøpet). Så sa eg at eg venter på Høgsterett si avgjer om reklamasjonsretten – og den gjekk i forbrukarene si føremon som dykk alle veit… Eg leverte mobilen inn to veker seinare – og vips så ordna dei han på nokre få dagar. Det høyrer på den anna sia med til historia at Nokiaen braut saman for tredje gong, ei veke etter han vart henta frå Expert.. Så nå er han inne for tredje gong – må verte fryktelig dyrt for Nokia dette…

  4. Odin

    Egil, Nader, Skjalg: Ja, det er 5 år reklamasjonsrett, men eg gidd ikkje stressa med det. Eg hev vore veldig snill med ho etter fyrste gongen ho vart øydelagd; men no hev eg teke heile maskina frå einannan og fikla med masse anna so eg vil ikkje senda ho inn att.

    No er eg på PING, men må skunda meg heim til middag. Vert lite internett på meg for tidi, ja :-(

    Vonar eg klarar fiksa maskini. Eg skal opp å kaupa ein ny del på måndag… Hev lodda straumkontakten av; tenkjer eg lodder på ein ny når eg hev funne ein. :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.