Eg hev vore veggis i snart eitt år

Eg hadde tenkt å skriva mykje um det på netsida, men eg gløymde det litt og fekk aldri starta. Eg er altso vegetarianar, noko få veit i og med at det berre var noko eg ville prøva for rundt eitt år sidan. Det var mange grunnar til at eg ville prøva dette, men kannhenda aller mest av di eg tykte eit prosjekt ville vore kult.

Heilt sidan eg slutta det fleirfasiske soveprosjektet mitt til eg drog til Nord-Noreg åt eg ikkje noko kjøt. Eg vart so vonbroten og deprimert av å mista prosjektet mitt at eg måtte skaffa eit nytt.

Mange av dei andre grunnane hev eg funne seinare. Eg visste det var betre for kroppen å ikkje eta kjøt, dessutan visste eg at det var betre for miljøet. Eg bryr meg altso ikkje noko serleg um det å dræpa dyr, men eg var og er veldig mot overforbruket vårt og ikkje minst kommersialisering av kjøtproduksjon. Eg meiner me må vera snill med dyri, og då meiner eg medan dei lever – ikkje at dei evt. vert drepne til slutt.

Den ant største grunnen min då eg starta var å leva sunnare. Med kjøt var det so enkelt for meg å berre eta grandiosa og gorby’s kvar dag. Yveralt kunne eg få tak i noko «kjapp mat» som ikkje var bra. Um eg gjorde det vanskelegare å få tak i ferdigmat, må eg tvinga meg sjølv til å laga maten sjølv. På den måten et eg sunnare, billegare og betre.

So, kvifor ville eg prøva prosjektet:

  • Testa meg sjølv
  • Verta flinkare til å eta sunt
  • Verta flinkare til å laga mat
  • I Noreg er «middag utan kjøt» det same som «ingen middag», det er eg so ekstremt mot og vil visa det!

Elles tenkte eg óg på:

  • Likar ikkje alt dei sprøyter i dyri
  • Liker ikkje kommersiell rådrift av dyri
  • Betre for kroppen
  • Lettare for jordkloden

Eg hadde eit par regler som eg starta med, men eg hev i det store gløymd kva det var.

Fase 2, som eg kalla det

Etter eg hadde vore strengt veggis ei periode gjekk eg yver til å eta økologisk kjøt og kjøt når eg vart budd det. Eg sakna ikkje kjøt i det heile teke, so det var rart å eta det att. Eg syntest ikkje det var noko serleg; eg vart faktisk litt lett vemma av det.

Feit

Eg gjekk fort yver til å berre eta økologisk kjøt og då sers sjelda. Eg var på turen i Nord-Noreg, der omtrent alt kjøtet er økologisk (hval og reinsdyr) og åt omtrent ingenting utanom kjøt i 14 dagar. Då la eg stygt på meg, vart skikkeleg feit. Rebecca vart ikkje serleg imponert. Tvert om.

No er ein del kome av, heldigvis, men det ligg der framleis. :)

Fast halvveggis

Eg hadde vorte so van med å vera veggis at eg ikkje kjende nokon trong til å gå attende til å eta kjøt. So no et eg ikkje økologisk kjøt heller; eg et fisk (som ikkje er oppdrettsfisk), men ikkje kjøt. Eg seier ikkje at eg aldri et kjøt nokon gong; men eg hev veldig lite lyst på det og et ofte heller berre potet og brokkoli um eg er på vitjing hjå nokon.

Noko anna moro er at det er kjempesuperforureinande å eta kjøt. So no som eg er veggis kann eg godt køyra so mykje bil eg berre vil – av di mine klimautslepp hev vorte so lave med dei nye etevanene mine.

Veggis er tingen! Kannhenda…

No synest eg det er lite utfordrane å vera vegetarianar; eg kann laga god veggismat og det finst mykje tøft der ute. Eg hadde verkeleg ikkje peiling på at det fanst so mykje god mat utan kjøt i seg! Når eg hev reist rundt i Noreg, viser det seg at få kann laga mat utan kjøt eller fisk i det heile teke. Det er jo kjemperart! Det er ikkje vanskeleg å laga fantastisk veggismat! Eg kjenner meg som naturleg veggis no; so då kann eg vel godt prøva å testa andre ting. Eg tenkte på veganar (ingen egg og mjølk) då eg tenkte eg ville prøva å vera veggis; men eg trudde det var for stress; det hadde jo vore eit naturleg neste-punkt. Men likevel, eg vil heller prøva noko anna… og det kjem eg attende til. ;p

Same kva, hovudpoenget er at no hev eg offentleggjort at eg er vegetarianar.

24 tankar om “Eg hev vore veggis i snart eitt år

  1. Teirik

    Bare så du vett det, kjøtt e ikkje usunt… kjøtt e ein nødvendighet! Eg leve og ånde for kjøtt! Ikkje diss kjøtt! :P

  2. Nado

    Meg og Inzi ska begynna å spia dobbelt så møye kjøtt for å jørr opp for at det manglan kjøttinntaket ditt ;) neida! Men kjøtt e digg, eg syns kjøtt og grønnsaker e ennå merr digg og :D

  3. Odin

    Teirik: Jo, kjøt er usunt. Det er langt frå naudsynt, veldig langt frå naudsynt. Kva med apekattar som berre et bananar? Kva med alle dei som ikkje et kjøt, anten av medisinske eller andre grunnar. Me er omnivore, so me overlev på det meste – men ser du på kva kroppen vår veljer um han sjølv fær lyst er det ingen kjøt i den dietten. Kjøt hev sin eine bruk; lange fjellturar der du skal eta ein gong – gå dritlengje, dritlengje og so gå meir. Men då lyt du ikkje eta for mykje kjøt då heller.

    Livstilssjukdomane og ikkje minst mykje av det enorme forbruket og presset på jordi kunne vore fjerna ved fjerning av kjøt. Og raudt kjøt er endå verre enn kvitt. :] So det so. Frukt er det optimale for kroppen.

  4. Teirik

    Apekatter øeve og av kjøtt odin! Ikkje tro någe aent! :) Vel, eg vett at det kreve sinnsykt mye ressurser for å avla opp 1kg kjøtt, men…. me like! :D For mye frukt fucke opp systemet, du e avhengig av de tingå du finne i kjøtt, uten de, så kan det gå ille…. rektigt så ille!

  5. Odin

    bq. For mye frukt fucke opp systemet, du e avhengig av de tingå du finne i kjøtt, uten de, så kan det gå ille…. rektigt så ille!

    Nei.

    Ganske enkelt nei. Det er ingenting me treng i kjøt som du ikkje finn i rå frukt.

  6. Teirik

    leste litt, og du har rett, du kan leva vegetariansk uten at du forsømme någen vitaminer, proteiner, mineraler etc som du får av kjøtt.. MEN! Du finne ingen erstatning for kjøtt smaksmessig iallefall!

  7. Odin

    Teirik: Nokre Aper et kjøt, ja (t.d. oss menneskje), men ikkje alle. Dessutan var vel meiningi mi meir at det er fullt mogleg å leva utan kjøt – og det er det mange apar som gjer.

    Står m.a. litt um det på http://en.wikipedia.org/wiki/Frugivorous

    bq. Du finne ingen erstatning for kjøtt smaksmessig iallefall!

    Tja. Du finn ikkje ekte erstatning for nokon smak – so det er litt uinteressant. Du pratar subjektivt her no, og det er ikkje so interessant for meg; for eg er ikkje so glad i kjøt sjølv. At du er glad i kjøt er ein grunn for deg til å ikkje verta veggis; men det er altso ingen grunn for meg ;-)

  8. Teirik

    Når eg går tom for objektive argumenter, så komme de subjektive fram, sånn e det alltid i kverdagen t ein kverulant ;)

    Men, ja, eg trødde igjønå någen artikler, og så at det går an å leva uten kjød.. Sjøl om det e någe eg sterkt tvile på at eg någensinne komme t å gjørr :) Men, lykke t me veggis-forsøket! :D

  9. Skjalg

    Eg spis vel mindre kjøt enn dei fleste – har og vore vegatarianar så eg veit litt om korleis kroppen ter seg med og utan kjøt…. Eg trur det og er lettare å leve som veggis i dag samanlikna med for 25 år sian -. Eg vil iallefall seie at me et for mykje kjøt i denne vestlege verda. Det er ikkje sunt og det er ikke berekraftig for miljøet vår!

  10. Teirik

    Odin, jaja, lykke t me veggis-tilværelsen då! Flisespikkeri! ;)

    Og, vel… what can i say? e gla i kjøtt :)

  11. Monique

    Congratulations to you :)

    Grunnet dette lille «jubileet» ditt, sendte eg ei vennina her inn som både e veggis og full out høgnorsk-entusiast. Hu likte siå de særs mykje, og komme nok t å lesa videre. Eg ska fortsetta med vervingå mi.

  12. Odin

    Monique: Hehe, takktakk :D

    Du er skikkeleg flink til å verva, mykje betre enn meg; det er vel eigentleg veldig få eg hev direkte fortald um netsida mi. Heldigvis finn folk ho lell (og eg hev lenkje til ho i alle straumbrevi eg sender).

    Diverre eg er langt i frå flink til å skriva norsk; so høgnorsken min lyt ikkje sjåast på som eit godt eksempel. Kristin Fritun og Jarle Fagerheim er folk på min alder som skriv sers godt og er gode språklege førebilete. Diverre skriv dei ikkje for mykje på netet (som eg veit).

  13. Kjartan

    hehe, ja du fortalte om prosjektet ditt i sommer. Du e sterk i din vilje. All respekt for at du har lagt om matvanene dine. Eg har alt for mange kompiser som spise usunt og rett og slett ikkje skjønne sammenhengen mellom et sunt, variert kosthold og kropp og psyke. Eg og spise veldig sunt, har ikkje spist frossenpizza ein gang siden eg flytta te Bergen i 2006. Eg ska leva te eg bler 110, minst! stolt Men eg komme aldri te å gje opp kjøtt, fisk eller skalldyr. Det e simpelthen for godt. Men alt med måte. Stå på Odin!

  14. Vebjørn barbaren

    Korleis fjernar du livsstilssjukdomane berre ved å kutta kjøtet? Eg meiner, livsstilssjukdomar har då like mykje å gjera med at folk sit på rauva 99 % av tida dei er vakne, og gjerne dyttar i seg usunne mengder sukker? Sjølvsagt, kjøt kan vera skadeleg i store mengder, det òg, men det gjeld alle former for mat og drikke, inkludert vatn og bananar. Variasjon er stikkordet.

  15. Odin

    Kjartan: So bra; du hev vel vorte ein flink kokk, då. :-)

    Vebjørn barbaren: Kann du unngå å endra epostadressa kvar gong slik at eg alltid må moderera innspeli dine? :P

    Livsstilssjukdomane er ein nedyver-spiral; å fjerna ein av årsakane er berre bra – det hjelper truleg mykje på resten. Å fjerna kjøtet og gjera ingenting anna vil truleg ikkje fiksa alt, det vert for enkelt. Men det vil gjera folk mindre trøytte (og kannhenda meir aktive) og taka vekk den største kjelda til alt feittet me fær i oss. Same kva, eg er absolutt positiv at det vil vera bra for det store fleirtal.

    Um folk kunne få det inn i houvdet at me ikkje treng kjøt ein gong til dagen so hadde det gjort mykje.

    Den variasjonen du pratar um er oppskrytt. Um du et tullemat som kjøt, treng du variasjon. Men t.d. vatn treng du ikkje variasjon i. Kva skal det vera? Variasjon av vatn og mjølk? Nei, me treng ikkje mjølk i vaksen alder. Same med frukt – «banan»:http://www.nutritiondata.com/facts-C00001-01c20Tm.html og «appelsin»:http://www.nutritiondata.com/facts-C00001-01c20Vm.html hev eit drøss vitaminar og mineralar.

    Eg trur ikkje «variasjon» er noko stikkord med mindre du et mat som ikkje er fullgod (som kjøt). Et du kjøt treng du frukt og grønt. Et du frukt og grønt treng du ikkje kjøt.

  16. Vebjørn barbaren

    Vel, der er eg usamd. All mat er usunn dersom kosthaldet vert for einspora. Vitaminane og minerala i bananar og appelsinar hjelper veldig lite på proteinmangelen som oppstår dersom ikkje ikkje skaffar deg protein på anna vis, for å ta eitt døme. På same måte som for store mengder vatn heller ikkje alltid er like sunt (sei «osmose» til Maria neste gong du treffer på henne).

    Ein ting skal eg gjeva deg rett i – me treng ikkje mjølk. Men, me treng heller ikkje bananar. Me treng ikkje appelsinar. Me treng ikkje salat. Me treng ikkje fisk. Me treng ikkje mjøl. Me treng ikkje gulrøter. Og so bortetter, og so bortetter. Det er ein grunn til at allergikarar av ymse slag overlever, og det er at det er veldig lite me faktisk ha av einskilde matvarer. Derimot vil eit veldig einspora kosthald stort sett alltid føra til for mykje av éin type næring (banandietten din fører nok til visse overskridingar av tilrådde daglege mengder vitaminar, til dømes), og for lite av andre typar. Difor, et du variert (med eller utan kjøt/mjølk/banan/etc), so er det sannsynlegvis den tryggaste måten å sikra at ein får i seg alle dei næringstypane kroppen ideelt sett skal ha.

  17. Odin

    Vebjørn: Proteinmangel? Hahahaha. Neineinei. Det er masse protein i banan. Dessutan resirkulerer visstnok kroppen det meste av proteinet, so det argumentet synest eg ikkje held vatn.

    Forresten trur eg du pratar um noko anna enn det eg gjer. Du dreg inn tulleargument um at vatn er usunt i for store mengder; vel, eg hev då aldri sagt at det er bra å drikkja (eller eta) «for store mengder» av noko! Eg seier berre at du ikkje treng anna drikke enn vatn, er du ueinig i det?

    Og «overskridingar av tilrådde daglege mengder»; vel, det trur eg ikkje på. Eg trur ikkje på dei som lagar desse tilrådde daglege mengdene heller – slikt må finnast ut med ekte forskning (eventuelt eigen testing); ikkje kva ein ernæringsfysiolog hev lært på skulen.

    Jadå, variasjon er viktig til ein viss grad; men eg trur ikkje den variasjonen treng innehalda stort meir enn frukt og grønt. Det er viktig variasjon. Variasjon (som i at eg må eta noko anna) utanfor det trur eg ikkje er viktig. Eg treng ikkje eta kjøt eller drikka mjølk for å framleis vera i god ålmennhelsa.

  18. Vebjørn barbaren

    Kva tid vart 1 % protein til «masse»?

    Sånn elles, du motseier deg sjølv. I det eine avsnittet meiner du at det ikkje er bra å eta/drikka for mykje av noko, og i det neste avsnittet meiner du «tilrådde daglege mengder» berre er tull.

    Vidare, det ernæringsfysiologar lærer på skulen har vel etter alt sannsyn utgangspunkt i forsking. Kvifor kvar einskild ernæringsekspert skal finna opp krutet på nytt, skjønar ikkje eg. For all del, ein skal ta kva dei seier med nokre klyper salt, ettersom sume av dei gjerne har andre motiv enn folkehelsa når dei uttalar seg, men å avfeia tilrådde daglege mengder som nonsens berre fordi dei som forskar seg fram til desse verdiane har gått på skule, vert noko snodig, spør du meg.

    Men, nok ein gong skal eg gjeva deg rett i éin ting: Dersom ein passar på at ein får i seg det ein treng, so treng ikkje kosthaldet femna om alle typar mat, sjølvsagt ikkje. Men det tyder likevel ikkje at det er usunt å eta kjøt eller fisk, eller for den saks skuld drikka mjølk. Det handlar om i kva grad ein gjer det. Berre kjøt = ikkje bra. Berre fisk = ikkje bra. Berre kaninfôr = ikkje bra. Og ein ting til: Bananar og atter bananar er ikkje variasjon.

  19. Odin

    Vebjørn: Kor tid vart 1% «lite»? Og kvifor finn du på tal? Det står jo på nutritiondata at banan hev 4% protein og appelsin (med skal) 7%.

    Les du parantesen min som pratar um eigen testing, seier eg der at slikt finn ein utav sjølv; kroppen seier i frå når du drikk eller et for mykje av noko. Gjer han noko anna er du sjuk og galen.

    Det er ein diger forskjell på «for mykje av noko» og «tilrådde mengder». Eg treng ingen til å seia meg kva som er «for mykje» – for det er noko kroppen reagerer på. Og sjølvsagt er «for mykje» dårleg uansett, det ligg jo i sjølve ordet.

    Eg avfeier ernæringsfolki litt for enkelt; av ein eller annan grunn ser eg for meg ein slik seia «du må eta kjøt» – og sidan han seier noko so teit (som eg veit eg feil) avfeier eg dei med ein gong lett som berre det. Det er berre fordomar. Eg veit ikkje kva ernæringsfysiologane seier; men eg hev ei kjensle av at dei ofte gjeng ut frå eitt tenktesett.

    Viss dei seier det ikkje er sunt å leva på berre frukt og grønt so trur eg ikkje på dei. Og av ein eller annan grunn trur eg dei kjem til å seia det.

    bq. Og ein ting til: Bananar og atter bananar er ikkje variasjon.

    Ikkje bruk slike sleipe, teite hersketriks. At eg et ein klase bananar og nokre appelsinar ein gong til dagen (og elles et full varm middag og tvo braudmåltid) er ikkje synonymt med at eg hev sagt at «bananar er nok variasjon». Les kva eg hev skrive:

    bq. …eg trur ikkje den variasjonen treng innehalda stort meir enn frukt og grønt. Det er viktig variasjon.

    Frukt og grønt er ikkje synonymt med banan.

    Forresten vil eg ikkje seia at det er umogleg (eller tilogmed usunt) å leva på berre bananar. Kannhenda eg skal testa det ein gong :P

  20. Vebjørn barbaren

    Eg finn ikkje på tal, Odin. Den eine prosenten har eg frå Wikipedia. Skyt meg.

    Når det gjeld testing, so er jo det for so vidt ei grei sak, men eg for min del har ikkje tenkt å utsetja meg for sjukdoms-/feilernæringsrisiko ved å testa ut kva kroppen min toler og ikkje. Eg veit av røynsle at variert kost med, ja, innslag av kjøt og fisk, funkar fint. Ser ingen grunn til å endra på det. Eg freistar generelt å eta mindre kjøt, av miljøomsyn, men eg ser ingen grunn til å kutta det heilt ut.

    Når det gjeld hersketriks og bananar, vel, eg tok utgangspunkt i bananmisjoneringa du har drive på skrivarstova til tider, à la «ein klase bananar til middag funkar heilt fint og er supersunt». Du har rett nok ikkje formulert det heilt likt her, men rekna dei tidlegare munnlege ordskifta inn som ein del av dette ordskiftet. Kanskje ikkje eit sjakktrekk frå mi side, men …

    Og neidå, det er sikkert ikkje umogleg å leva på berre bananar. Men eg har ein kjensle av at det fort kan gje utslag av den typen som oppstår når ein t.d. drikk for store mengder juice (dvs. at ein vert oransje i andletet), nettopp av di kroppen då gjerne får for store mengder av sume ting, og for lite av andre. Det er nettopp den balansen som er grunnlaget for klokkartrua eg har på at kosthaldet bør vera variert, og innehalda både kjøt, fisk, frukt, grønt og bakverk (no har eg sikkert gløymt ei viktig matgruppe eller noko.)

  21. Odin

    Torbjørn: Nei, eg er ein elendig mann på språk. Eg skammar meg som alltid. :( Eg hev oppgradert til Firefox 3.0, difor fungerer ikkje ordboki lengre – det er problemet mitt. Eigentleg skriv eg alltid heilt elendig…

  22. Tilbakeping: Rå frukt- og grøntprosjektet mitt er halvvegs | Velmont - Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.