Små, uavhengige foretak er tingen

No når eg hev kome attende til Stavanger etter eit år hev eg merka ei voksande trend: vekk frå digre kjeder og til spesialiserte, mindre, koselege foretak. Det er inga tvil at små, herlege uavhengige foretak er tingen. Eg misliker store kjeder, dei er utan andsvar og utan personleg preg. Det er spesielt dette med andsvaret som gjer at eg er mot aksjeselskap i det heile teke. Aksjeselskap var omdiskutert då det vart lov, no er det diverre få til ingen som ser på andre løysingar.

Problemet med aksjeselskap (og då digre kjeder) er at det er ingen som kjenner andsvaret. Det er ingen som hev skikkeleg andsvar; alt handlar berre um pengar. Eg trur ikkje livet handlar um pengar, og sidan eg ikkje trur på det – trur eg ikkje heile verda skal styrast av pengar. Små butikkar med spesialkunnskap og spesiell interesse for sitt emne er ei suksessoppskrift.

Pengar er ikkje noko problem. Ærleg talt. Eg vert so sint når folk kauper tomatar til 13 kr i staden for dei til 15 kr som smakar ekstremt mykje betre. I dag brukar me so ekstremt mykje mindre pengar på mat og anna enn det me gjorde fyrr. Me brukar for det meste pengane på tull og tøys. Me er alle rike. Eg synest me burde kaupa økologisk, skikkeleg mat.

Kvifor jobba for nokon andre, når du kann jobba for deg sjølv?

Eg synest me godt kann betala ei krona meir for mjølka for at me skal hava 10.000 kjøpmenn i Noreg som gjer det godt og elskar jobben sin. Det er betre enn 2 kjøpmenn som hev milliardar på bok og 9.998 butikktilsette som ikkje eigentleg bryr seg, men berre jobbar for pengane.

Dei fleste tunggrodde og lite framtidsretta folka vil jo sjølvsagt vera mot dette; «nei, det gjeng aldri an» osb. Vel, i Stavanger nett no ser eg fleire og fleire små, koselege butikkar som dukkar opp.

Sjokoladepiken, spesialisering er tingen

For mange år sidan la Sjokoladepiken ned, eg trur det var i den vonde jappe-tidi. Det er ein spesialbutikk for sjokolade her i Stavanger, men eigen konditor og alt. I desember opna Sjokoladepiken opp att, og det med eit pang! Eg vil mykje heller kaupa spesiallaga sjokolade frå ein som veit alt um sjokolade og heller betala litt meir. Dei store kjedene ser på pris og ikkje smak; folki som jobber der hev ikkje peiling og kjenner seg ikkje godt berre for å jobba.

Men eg er veldig glad for utviklingi eg ser rundt um oss no. Veldig, veldig bra! :D

11 tankar om “Små, uavhengige foretak er tingen

  1. Nado

    eg ser fordeler og ulemper ved både små og store foretak. Fordelen ved små er som du sier, de bryr seg som regel mye mer om det de drive me. Fordelen med store e vel at det når ut til flere – koffer isje la alle nyte godene? Men når produksjonen øker så leite di og itte måter å kutte på utgiftene. Det e då kvaliteten synke. Samtidig så e små foretak avhengig av den faste kundebasen, de e mye mer utsatt hvis det e ein dårlig periode.

    Når det gjelder mat så betaler eg gjerne litt mer for någe som smaker skikkelig bedre. Men alt har sine grenser ;)

  2. Simon

    Skulle ynskje det var sånn i Rana. Her surmuler ranværingane over at det ikkje finst McDonalds med ekle burgarar, feit og jævleg chips og sånt, medan dei let Eivinds gatekjøkken med ikkje fullt så ekle burgarar men like feit chips gå konkurs eit-par-og-tredve gong i året…

  3. børge

    Hør, hør! Synd det ikke ble noe mer av Uavhengig-databasen vår..

    Men «mindre koselege foretak»..? Tror du glemte noe der, gitt.. ;)

  4. Egil

    Små foretak har og veldig godt arbeidsmiljø. Min sambuar Camilla har arbeider i ein liten malingsbutikk, Grefsen fargehandel, og ho er særs nøgd. Ho har fridom ein ikkje finn i større selskap med strenge hierarki.

  5. Odin

    Nado: Når ut til fleire? Eg forstår ikkje heilt kva du meiner; i eit meir distribuert og meir andsvarsbalansert system vil det jo sjølvsagt poppa opp mange fleire butikkar. Altso; finst det ingen butikk i Kviteseid? Ånei, då må jo nokon taka initiativ til å laga den – altso å skapa sin eigen arbeidsplass. Er du missnøgd med dei butikkane som er i nærområdet ditt? Opprett din eigen butikk og konkurer. Det gjekk sjølvsagt an å oppretta små butikkar fyrr òg; men dei ville ikkje leva lengje når dei store kjedene kann so alt for enkelt dræpa dei små. Heldigvis synest eg at eg ser ei utvikling der det er enklare å laga sitt eige, vesle foretak og at folk faktisk bryr seg og nyttar dei.

    Godt at slaktar Idsøe hev overlevd so lengje, men det kjennast som det einaste spesialiserte, uavhengige foretaket som hev overlevd. (Men er nok fleire, kom med dei)

    Simon: Hehe. Nordlendingar.

    Børge: Fiksa :p Vel, det er no sant. Kannhenda me skal fortsetja på han. Eg hev jo godt lyst til å læra meg «django»:http://www.djangoproject.com/ (heheheehheeheheheh). uavhengig.no gjeld berre Oslo no, ikkje som vår gamle idè:

    bq. Det er på høy tid at vi slår våre kloke hoder sammen og lager en guide til lokale uavhengige butikker i Oslo. Det er en fin måte for oss å kunne verne et mangfold som dessverre blir oppslukt av kjeder.

    :)

  6. Odin

    Egil: Ah, sant. Eg ville seia noko um det i innlegget, men ser eg ikkje sa stort. Når du fær eigarkjensle for foretaket ditt, so trur eg at arbeidsmiljø vert viktigare; det vert ein del av deg og du vil at eventuelle tilsette skal kosa seg. :-)

    Eg var på Sjokoladepiken i går etter eg hadde skrive dette; og arbeidsmiljø kann eg skriva under på. Hehehe. Hekkan kor glade og koselege dei folki er ;-) Og so er dei veldig viljuge til å prata um det dei gjer og sjokoladen dei sel.

  7. Rebecca

    Jeg synes også det er koseligst med små, personlige butikker. Det er alltid lettere å komme i snakk med de som jobber der, og de er ofte mye mer hjelpsomme enn arbeiderne på omtrent alle butikkene jeg har besøkt i Oslo, for eksempel.

    Kjempekoselig på Sjokoladepiken i går! Har aldri smakt så god kakao før :)

  8. Nado

    Odin: Ja det e utrolig trist at det e så få som overleve… sånn så Delizias (tror d e de) som lager sin egen iskrem og italiensk mat. Veldig koselig plasse :)

  9. Teirik

    Det komme jo heilt an på situasjoner og ka ein e ute itte før ein kan begynna å setta mindre foretak foran større. Eg har jobba i ett lite foretak (expert tormodsen), litt større foretak (xxl forus) og nå jobbe eg i ett forbes500-notert foretak. Og la oss sei det sånn, det større det e, det merr trives eg ;) Litt personlige grunner t det, men fremdeles :P

    Fra rant t alvor: Ja, å la mindre foretak gå konkurs pga de større kan tilby ting t litt mindre penge e håpløst. «Koffor?» spørr du kanskje? Vel, ein kan tenka seg: Kor e det ein får service henne? E det de store foretakene som leve av kvantasalg, og får hjulå t å gå rundt om de bryr seg om kunder eller ei? Neppe. E det de små bedriftene som e avhengig av kver kunde de får inn? Jepp! No offence Espen, men Elkjøp e ett av de store foretakene som ikkje ofre for service i det stora bildet..

    Nei, støtt de mindre foretakene, de koste gjerna 5% merr, men ein får det igjen! Enten via service, eller fordet du vett at du e me å holde ein bedrift i live.

  10. skjalg

    Då eg las den litle trykksaken til Sjokoladepiken (kan lesast på framsida http://www.sjokoladepiken.no) blei eg rørt til tårer. Når ein startar eit foretak med med hjarta som her, så har eg tru på det. Men det er klart dei må arbeide hardt for å klare seg med eit slikt nisjeprodukt. Det er ikkje det same å drive butikk i 1960 som i 2008. Samarbeid, venlegheit i handsaming av kunder og ikkje minst kvalitet på det dei lagar er det viktig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.