Til Oslo, pakkingi att

Eg hev ei rar kjensle av at aktiviteten eg hev skrive mest um på netsida mi er pakking fyrr eg dreg ein plass. Det kann godt vera sant. Same kva, no må eg pakka fyrr turen til Oslo i morgon tidleg. 10.15 gjeng toget mitt.

Problemet mitt er absolutt at eg kjenner eg må hava so mykje med meg. Gåvone eg fekk til jol, då spesielt ljoset eg fekk, korleis skal eg få plass til alt dette i den vesle sekken min? Det fær eg ikkje. Eg sit og dreg ut pakkingstidi slik eg alltid gjer. Det er langt i frå mykje som skal pakkast, det berre kjennest slik. Der var 21 Grams-filmen ferdig på NRK1.

Nesten ferdig

Og no er eg nesten ferdig pakka. Under yver alle; eg var litt effektiv og gjekk opp og pakka. No er klokka halv eitt og eg hev allereie ein del av pakkingi ferdig. Det er faktisk berre sekken min att (den er enkel; datamaskini, kamera og småting). Ahh. Rebecca er redd eg missar toget i morgon, eg hev gjort slik fleire gongar fyrr. Eg er ikkje til å stola på.

Plutseleg vart klokka 01.00 no. Eg må pakka ned maskini mi snart. Det er litt synd, at straumkontakten til laptopen min er galen att. Delen eg brukar er so øydelagd at eg trur eg lagar eit heilt nytt system. Prøva å ha koplingi på utsida av Sol, den berbare maskini, heller.

Ops. Det vart klokka 01.30.

Oops. Der vart klokka 02.00. Men no hev eg i det minste fiksa ein feil i Universitas. Vel, strengt teke var det ingen feil, men berre eit nytt år.

Ooops. Eg hev heilt gløymd at eg liksom skal pakka. Det berre forsvann for meg i ein time. Jepp. Men eg trur eg gjer meg ferdig og legg meg. Eg må jo i alle fall prøva å rekkja toget i morgon når eg hev lova Rebecca at eg kjem til å vera der :-(

Mogleg relaterte innlegg

This entry was posted in Innenlands and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

12 Responses to Til Oslo, pakkingi att

  1. Odin says:

    Oooops. Kl. 03.30. No hev eg lese det som var nytt på verdsveven, so no kann eg endeleg slå av maskini (ekte no).

  2. Teirik says:

    såh… nådde du toget? :P

  3. Odin says:

    Teirik: Jepp. Eg brukte lang tid på å pakka, so eg la meg ikkje fyrr 04.30. Men eg rakk det. Diverre var det ikkje serleg effektivt då, masse venting, buss og forseikningar med toget i dag. Var skikkeleg trøytt då eg kom fram. Men no skal eg snart ned på fyrste forelesning. Exphil. Usj!

  4. Teirik says:

    wohoo! hørres lika interessant ut som bedøk. eller vitenskap og etikk! Heldigvis e suglefaktoren større enn i “normale” forelesinger for studiet mitt…

  5. Rebecca says:

    Jeg fatter ikke at det går an å være så himla treig med å pakke! Det er bare å bestemme seg for å gjøre det og ikke stoppe før alt er pakka ferdig. Kan synge litt i mens, eller høre på musikk, så blir det reint koselig.

    Omg, jeg tror jeg så en og/å-feil!!!!!

  6. Odin says:

    Rebecca: Hekkan kor sint du var då!!! Kvar er denne feilen?

  7. Teirik says:

    Ser ingen og/å feil jeg! MEN! Når i alle dager ble -forseikningar- ett ord? ;) Det høres iallefall ut som å være hinsides all fornuft :P

    Btw, Rebecca, det er en umulighet… For når du pakker, så kommer du på en million ting som er mer gøy enn å pakke, og som du føler har høyere prioritetsstatus! Og pakking er som rydding; aldri koselig! :P

  8. Odin says:

    Teirik: Forseinkingar. Skriveleif. :]

  9. Teirik says:

    Flinke gutt! :D Språknazien T’eirik til din assistanse, whenever, wherever!

  10. Rebecca says:

    Odin har jo selvfølgelig retta på skriveleifen nå. Han hadde skrevet “gjekk opp å pakka.”

  11. Odin says:

    Teirik: Kor tid vart «whenever» og «wherever» ord som høyrer heime i norske setningar? Eg fær raude strekar under det på stavekontrollen min her no…

    Rebecca: Der tok du meg :P

  12. Teirik says:

    haha, busted, odin! :D Eg har fritak fra normale norske skriveregler itte norskeksamenen min! :D

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>