Velmont – Odin Hørthe Omdal

15 dagar att: Rå frukt- og grøntprosjektet mitt er halvvegs

I dag er dagen, 15 dagar hev gjenge og det er 15 dagar att. Det hev vore veldig mykje upp og ned desse 15 dagane. Nokre gongar hev eg hatt so strerkt lyst på litt braud eller kokt ris at eg hev nærast rive meg sjølv i stykker. Andre gongar hev eg etla frukt og kost meg med å hiva innpå frukt, eller laga ein hjartesalat-wrap. Eg hev vore nede på botnen, vond, sliten og svolten. Eg hev spydd. Og eg hev (oftare) hatt kjempeenergi og fengje gjort ein heil haug ting eg ikkje trudde eg skulle få tid til. Eg hev starta å gå i symjehallen ganske ofte av di eg hev lurt på kva eg skal gjera med all den nye energien min.

Hjartesalatblad med avokado, tomat og masse anna digg på

Les meir…

2 innspel

Jadå, endå eit prosjekt medan eg held på med førre: Eg skal symja 10 000m til 31. mars

Etter eg hadde symje eit par lengder i dag tok eg ein lengre pause uppe på land. Eg vil læra meg å kråla, so eg ville spyrja vakten um det. Han var ikkje ledig, so eg venta. Det hang ymse plakatar der det stod «Sym til Spania» der du skal symja 10 000m frå 1. januar til 31. mars. Høyrast ut som ein perfekt ting for meg!

Falke speler vasspolo i Stavanger

Les meir…

7 innspel

Hekkans dritt-inkasso!

Kvifor kann eg ikkje berre få vanlege hekkans rekningar? Då eg kom heim frå ein månad i Stavanger vart eg møtt med eit digert inkassokrav; straumrekningi hadde eg båe fengje og gjenge ut i laupet av tidi eg var i Stavanger. Eg hev ingen problem med å gjelda straumrekningi slik han er i fyrste umgang; men dei (Scandinavien Fuckings Electric Energy, høyrast sers dansk ut) driv å sender det gjennom faens Lindorff heile jævla tidi. Kann dei ikkje berre senda rekningane til meg i staden for å senda dei til Lindorff som tek 150% oppå den førre rekningi? 200kr for straum? Javel, då tek me 300kr for å senda eitt jævla papir.

Les meir…

3 innspel

30-dagars prøveprosjekt; rå fruktdiett

I dag startar eg eit forsøk; eg skal prøva å eta ein sunn diett av berre rå mat. Då spesielt rå frukt og grønt. For å få eit god yverblikk yver korleis dette fungerer for kroppen so vil eg prøva å halda det i 30 dagar. Det er lengje, og eg vil avslutta prosjektet um eg fær store problem med det. Men 30 dagar er målet, etter det gjer eg heilt fritt kva eg vil.

Fersk, frisk frukt, herleg

Les meir…

4 innspel

Haha: Eg er kasta ut av universitetet

Ja, so kom det til det; eg er kasta ut. Sist semester gløymde eg å søkja um stipend og lån, so det fekk eg ikkje. I år hugsa eg stipend og lån; men fær det ikkje av di eg gløymde å gjelda semesteravgifti. So dei 50 studiepoenga eg skulle taka dette semesteret fær eg ikkje taka. Eg vil truleg fylgja kul undervisning lell, men det vert ein teit utsetjing for meg.

Les meir…

7 innspel

Utan treningskort, nykelkort, mobil og pengar

Eg måtte rekkja ei forelesning som eg hadde lurt meg sjølv til å tru eg måtte gå på. Eg sprang mot tbanen og kom på. På det tidspunktet kjende eg at lommaboki ikkje var med. Seinare på dagen hadde meg og Rebecca ei avtala um å svømma på treningssenteret, det kom til å verta problematisk.

Les meir…

4 innspel