30-dagars prøveprosjekt; rå fruktdiett

I dag startar eg eit forsøk; eg skal prøva å eta ein sunn diett av berre rå mat. Då spesielt rå frukt og grønt. For å få eit god yverblikk yver korleis dette fungerer for kroppen so vil eg prøva å halda det i 30 dagar. Det er lengje, og eg vil avslutta prosjektet um eg fær store problem med det. Men 30 dagar er målet, etter det gjer eg heilt fritt kva eg vil.

Fersk, frisk frukt, herleg

Kvifor ein rå frukt- og grøntdiett?

Som me seier i NMU «Kvifor ikkje?». ;-) Og so trur eg at det er ein diett som kroppen vår fungerer optimalt saman med. Eg trur at me finn den sunne dietten i naturen og ikkje i helsekostbutikkane. Eigentleg vil eg berre prøva ut korleis det er; på same måten som eg vart vegetarianar/veggis. Dessutan høyrast det ut som ein skikkeleg utfordring, og slikt liker eg.

Og so vil eg finna den perfekte dietten. Sjølv um me kann eta ditt og datt so trur eg ikkje det er naudsynt eller bra.

Dessutan er det lurt å lesa kva Steve Pavlina hev skrive fyrr sitt eige forsøk i 30 Days Raw og Raw Foods.

Eg hev stor tru på denne dietten, men eg vil testa det sjølv i staden for å synsa som ein annan… synsar. :-)

Eg gler meg stort!

Mogleg relaterte innlegg

This entry was posted in Prosjekt and tagged , , , . Bookmark the permalink.

4 Responses to 30-dagars prøveprosjekt; rå fruktdiett

  1. Egil says:

    No som du blir kasta ut frå universitetet kan du jo bli ein ekte helsefrik, skriva nokre bøker med fantastiske slagord som “Sunn og mett, nett og lett” og bli rik! :p

  2. Odin says:

    Ja! Gjer-det-sjølv: vert sunn på 30 dagar! Hehe. Ja, kannhenda det. ;p

  3. Egil says:

    Absolutt. Me treng slike bøker på nynorsk og.

  4. Andreas says:

    Jeg er litt spent på hvordan kroppen din har reagert etter to uker. Jeg ser for meg at du får i deg hekkans(!) mye fiber, og at magen din reagerer deretter :-S

    Og så lurer jeg på om man ikke vil få proteinmangel av dette, for det er vel ikke så mye proteiner i frukt og grønt? Hva med en proteinshake av og til?

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>