Ja, so kom det til det; eg er kasta ut. Sist semester gløymde eg å søkja um stipend og lån, so det fekk eg ikkje. I år hugsa eg stipend og lån; men fær det ikkje av di eg gløymde å gjelda semesteravgifti. So dei 50 studiepoenga eg skulle taka dette semesteret fær eg ikkje taka. Eg vil truleg fylgja kul undervisning lell, men det vert ein teit utsetjing for meg.
Søknad
Eg søkte um å få verta teken upp som student lell, men dama eg leverte det til var særs skeptisk. Grunnen min var at eg gløymde det. Eg trudde eg hadde sett semesteravgifti upp til forfall i banken. Det hadde eg ikkje gjort. Teit.
Jobb
So eg hev lite pengar, båe for førre semester og dette semesteret. Eg må plutseleg betala inn-i-helvettes-mykje for å taka tbanen og mistar alle andre fordeler med å vera student. Ikkje berre mistar eg stipend og lån, men eg må jo sørenmeg betala meir for alt! Det er jo totalt mongo.
Menmen, det er ikkje eit digert problem, berre litt irriterande. Eg fær jobba meir med firma mitt dette semesteret, so lengje eg fær nok uppdrag. Det gler eg meg eigentleg til… Hell i uhell ;-)
Å, så surt! Jeg føler med deg..! :) Men det er ihvertfall godt at du har arbeid å gå til. Om dette hadde skjedd med meg veit jeg ikke hva jeg skulle gjort.
Men jeg har hørt veldig lite fra deg i det siste, ingen tweets, ingen IM. Vi må snakkes/treffes snart!
Berre å henga på ping det ;)
Hehe. Ja, eg er jo stadig ein PING-buff. ;-)
Du får legga inn Final Cut Pro på den nye lampen (Som skal heite bimbo frå riskhospitalet tenkte eg) så kan du jobba på ping med foretaket ditt :)
Neh, likar ikkje proprietær programvare (og difor ikkje FCP). Vil helst bruka Cinelerra; og då helst den nye, um han heiter Cameo, Vedira, Venera Live, Verite eller kva det no enn vert. ;-)
Du må ikkje gje deg så lett – ein slik bagatell kan du vel lett ordne opp i Odin….
Skjalg: Eg synest det er ein bagatell, men det synest ikkje universitetet. Dessutan hev eg levert søknad, – det er ikkje stort meir å gjera. Når dei fjerner meg frå systemet er det ikkje mykje eg kann gjera med det…