Hekkans dritt-inkasso!

Kvifor kann eg ikkje berre få vanlege hekkans rekningar? Då eg kom heim frå ein månad i Stavanger vart eg møtt med eit digert inkassokrav; straumrekningi hadde eg båe fengje og gjenge ut i laupet av tidi eg var i Stavanger. Eg hev ingen problem med å gjelda straumrekningi slik han er i fyrste umgang; men dei (Scandinavien Fuckings Electric Energy, høyrast sers dansk ut) driv å sender det gjennom faens Lindorff heile jævla tidi. Kann dei ikkje berre senda rekningane til meg i staden for å senda dei til Lindorff som tek 150% oppå den førre rekningi? 200kr for straum? Javel, då tek me 300kr for å senda eitt jævla papir.

AvtaleGiro

Veit de kva som er endå verre? Eg hev jo sørenmeg AvtaleGiro med ScandinaviEN Fuckings Electric Energy; eg må nesten innrømma at eg er ganske dårleg til å halda styr på kva rekningar som er gjelda og kven som ikkje er; men eg trudde AvtaleGiro gjorde alt slikt enkelt.

Og kva med å senda purring? Ein lett måte å tena 50kr ekstra på for firmaet; i staden for å «outsourca» driten til helvettes Lindorff, det superduperkapitalistiske mongoselskapet som er so grådig at det sikkert hadde drepe sine foreldre um dei hadde eit par hundrelappar på konto. Pisseselskap.

Jaja, no gjelder eg endå eit stygt inkassokrav; men no er det best at det ikkje vert fleire. Og kvifor hev ikkje universitetet AvtaleGiro på semesteravgift!?

3 tankar om “Hekkans dritt-inkasso!

  1. Torstein

    BillReminder er eit open og fritt mjukvare for å hjelpa brukaren å huska rekningane, personleg vil eg seia at eFaktura er det som reddar meg fra store inkassokrav.

  2. Odin

    Eirik: Takk!

    Torstein: Tingen er at dei ikkje hev AvtaleGiro på alt. AvtaleGiro er tingen. :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.