Fruktprosjekt dag 19, sjukdom og nedkorting

Sjølve dagen då eg var halvvegs i «rå frukt»-prosjektet mitt var den verste eg hev hatt. Trass i at dagane fyrr var kjempegode. No er eg endeleg god att, noko eg var i går òg. Eg hev sett på planen min og ser at eg ikkje kann halda prosjektet til sin sluttdag, dag 30. Det vil øydeleggja planene mine litt.

Sjukdom

Eg måtte tidleg upp for å dra på målferd til Brumunddal. Eg kjende meg ganske dårleg av å stå opp so tidleg, eg åt ei pæra. Eg kom meg ned til Sentralstasjonen, der byrja eg kjenna meg veldig dårleg. Det pressa på, eg var kjempekvalm. Eg sprang og fann toalettet til slutt, men det kosta 10kr. Og eg hadde ingen pengar på meg (berre bankkortet som vanleg); det trengde på, eg sprang, fann ingen plass – ah, bak der med heisen gjeng det få folk. Ein mann kom mot meg medan eg sprang mot heisen og såg på at eg spydde på golvet inne i kroken. Faen i helvette. Eg kjende meg sjølvsagt heilt utruleg dårleg. Medan alt dette hadde skjedd hadde toget gjenge i frå meg. Eg sette meg til å venta på neste, ein time seinare.

Eg kaupte ein fruktdrikk for å få masse papir eg kunne tørka spya ut or skjegget (ekkelt). Eg sippa so vidt på han. Toget kom, eg gjekk inn. Vart supersjuk at – reiv opp ein bosspåse som låg ved setet og spydde oppi den. Det er ganske innljosande at det ikkje var lurt å stå opp tidleg å eta ei pæra, – eller noko anna. Eg hadde ikkje lyst på nokon anna mat, men vart frastøtt av alt. Til slutt kom eg fram til Brumunddal der 60 elevar hadde venta på meg i tvo timer; eg kom fram til slutten av timen men gadd ikkje gå inn. Eg var kjempedårleg. Eg fekk ei seng på skulen og fekk sova eit par timar.

Betring

Då eg vakna var eg mykje betre. Eg heiv i meg litt frukt, heldt målferd (som gjekk yverraskande bra, eg eigde, wohoo) og var i god form. Etter eg kom heim att på kvelden vart eg dårleg att. Den neste dagen fortsette det, eg hadde ikkje lyst på noko, eg vart frastøtt av all mat utanum småting som nøter, vassmelon og… braud. Men eg heldt meg litt lengre, sjølv um eg var superklår til å gjeva upp. Eg tenkte; vert eg skikkeleg sjuk att, so vurderer eg skikkeleg å gje upp. Det var godt å eta nøter.

God att

No kjenner eg meg bra att. Meg og Rebecca var ute å kaupte inn masse forskjelleg god frukt på sundag (på Joker) – dadler, nøter, meloner, jordber, maiskolber, bringeber og gode modne bananar. Eg trur problemet mitt dei siste dagane var at eg åt for lite, eg hadde ikkje lyst å eta og difor fekk eg for lite i meg. No hiver eg innpå att, og passar på at det er nok.

Nedkorting av prøveperioden grunna Sør-afrika

Det er veldig, veldig, veldig dumt å gjera det. Men eg kjem til å korta ned prosjektet til berre 25 dagar, i staden for 30. Det hev praktiske grunnar: eg skal til Sør-afrika. Avreisa var dagen etter slutt på prosjektet, – men det gjeng ikkje bra dersom eg vert sjuk av å gå attande til vanleg veggis (eller veganar (men eg ventar heller med å prøva vegan-liv)). Eg vil ikkje vera sjuk i Sør-afrika den vesle tidi eg er der! Turen er òg alt for dyr til å sløsa med.

So med 25 dagar so fær eg 5 dagar på meg til å verta frisk veggis, det burde vel halda.

4 tankar om “Fruktprosjekt dag 19, sjukdom og nedkorting

  1. børge

    Synd at du har blitt så veldig syk! Jeg tror nok det kan være smart å avslutte litt tidligere, ja, i hvert fall siden du skal reise. Utrolig kjipt å være kvalm og måtte kaste opp på fly, spesielt en så lang flytur. Men så kult at du skal til Sør-Afrika, da! Hva skal du der, og hvor lenge blir du? Hadde vært utrolig kult å bli med! :)

    PS: Jeg savner å kunne kommentere med OpenID! Det er dritenkelt med «WP-OpenID»:http://wordpress.org/extend/plugins/openid/.

  2. Odin

    Børge: Ja, men eg hev funne ut no at det var den ekte tilvenningsfasen; han kom berre litt seint. So no er alt godt. Må nesten venta at me vert litt sjuke når me legg um kosthaldet so drastisk.

    Eg skal ned å vitja ein kamerat frå Nederland; Michaël de Boer, saman med Mats. Michaël kom berre på sumarlægeret til NMU for tvo år sidan og prata normert nynorsk, då hadde han lært seg nynorsk på 2 månadar heime i Nederland og kom på sumarlægeret for å trena. Ganske moro. Han er veldig flink til å skriva og prata norsk, betre enn mange nordmenn – han hev eit rikt ordtilfang og nyttar få dansk/tyske ord. Ganske stilig.

    Eg vert diverre berre ti dagar, av di me tinga billettane då eg framleis trudde eg gjekk på universitetet (med obligatorisk exphil). Eg skal sjå på innstikket :-)

  3. Skjalg

    Odin – du må spise mykje meir i volum og oftare når du går på ein slik diett. Det har eg sjølv erfara gjennom fleire år.. Godt du er komen til hektene att. Når du dreg til Sør-Afrika så må du vere flink å skrive på heimesia di, minst 3 kvar dag. Og mange bilete håpar eg det blir.. Det har ikkje vore så mange på nettsia di. Kanskje Rebecca kan få avløysing no på framsia?

  4. Odin

    Skjalg: Eg et mykje meir, men då eg var sjuk so gadd eg ikkje av di eg var – ja – sjuk. Eg hadde ei spy-kjensle yver meg heile tidi.

    Ja, eg må få lagt ut nokre nye bilete. Eg hev jo evig mange, er det å leggja ut eit par…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.