Fruktprosjektet er ferdig (dag 26)

Eg hev endå ikkje sett tennene i kokt mat, eg er eigentleg ganske redd for det. Etter eg var sjuk i omstillingsperioden (dag 12–16) endra fordøyingssystemet mitt seg; det omstilte seg til å forventa rå frukt og grønt. Dessutan hev eg halde eit lågt feitt- og proteininntak og levd for det meste på karbohydratar.

Symjing med symjeprosjektet

I tillegg hev eg jo dette symjeprosjektet mitt. Eg ventar eigentleg at eg kjem til å verta litt dårleg når eg gjeng attende til å vera vanleg vegetarianar – og vera sjuk + måtta symja masse er ikkje heldig. Eg trudde eg hadde symd 5 000 meter i dag tidleg, so eg symde nett 2 000 meter for å koma opp til 7 000. Då eg sjekka loggen eg hev i symjehallen vart eg imidlertid positivt yverraska, eg la alle tala saman og fann ut at eg hev symd 7 900 meter. Det er altso berre 2 100 meter att, og det kann eg godt klara på ein enkelt dag. Eg legg ut lista når eg er ferdig med symjeprosjektet.

Matlyst

For å seia sanningi: av ein eller annan sjuk, sjuk grunn hev eg ikkje so lyst på stort anna enn vassmelon, mango og tørka tomat nett no. Eg vil jo ikkje pressa i meg noko mat berre av di «no er prosjektet ferdig og eg skal verta veggis att». Eg må jo ha lyst på det. Før omstillingi so etla eg ofte «vanleg mat», i alle fall annan kvar dag. Midt i omstillingsperioden var eg sjuk og so ekstremt lei av heile prosjektet, eg ville gjeva upp mange gongar. Eg hadde aldri trudd eg ville verta so likegyldig til å få eta kokt/steikt mat, sjokolade, kaker, braud og ost att.

Likevel hev eg ikkje lyst til å halda fram med å eta rå frukt og grønt,—eg kjenner meg veldig bra no, eg hev kjempegod energi – eg vaknar kjempetidleg kvar morgon, og ventar ofte i 1–2 timar fyrr Rebecca vaknar. Alt peikar mot at det er lurt å fortsetja… men… Eg vil ikkje. Det er meir stress, eg må eta so mykje heile tidi. Eg kjenner at det ikkje gjeng ein time utan at eg stappar i meg eit par bananar, nokre appelsinar, tygger litt spinat og hiver nedpå ein sopp. Det hev vore lite spinat og sopp i det siste, og fruktmiksaren eg kaupte (blenderen) vart øydelagd – hekkans Clas Ohlson…

Men eg vil altso attende

Mykje av det sosiale med eting er borte, no et eg aldri det alle dei andre et. Folk tilbyd meg mat, braudskive med ost – men eg må seia nei. Rebecca lagar kjempegod middag; pannekaker, linsegryte, risotto og so et ho det åleina. Det er eg ganske lei av. Då ho åt pannekaker sist, vart eg ikkje overvelma av ein trong til å eta pannekaker, eg etla det ikkje; men eg var veldig lei meg av di eg ikkje kunne setja meg ned og eta saman med ho. Og der trur eg mykje av grunnen til at eg vil gå attende til å eta vanleg veggismat ligg. Dessutan saknar eg litt å stå framfor grytene og laga mat. Det å vera veggis er ikkje rart i det heile teke for meg no, ikjke veganare heller—alt er mindre ekstremt enn berre rå frukt og grønsaker (og rå nøter).

Sumardiett

Forresten prata eg med ein kjend på tbanen, då eg fortalde han um dietten min nikka han godkjennande og sa at ein kjærast han hadde åt berre frukt og grønt kvar sumar. Ho hadde gjort det sidan ho var liti. Ho orka berre ikkje eta tyngre. Veldig interessant. Det kann godt henda eg vert frista til å prøva dietten att ein annan gong; det ser eg absolutt ikkje vekk frå.

Jepp. So litt seinare i dag so kjem eg nok til å hiva i meg ei skiva eller laga kokt ris. Vonar berre ikkje eg vert alt for dårleg…

Ein tanke om “Fruktprosjektet er ferdig (dag 26)

  1. Odin

    Eg vart ekstremt trøytt etter dette… No byrjar eg verta betre att, 6 dagar etter eg byrja eta «normalt»… Men eg finn at eg hev veldig lyst på frukt heile tidi framleis. Eg vakna mykje seinare enn det eg hadde vorte van med; fleire timar. Kroppen vart trøytt. Hadde litt mageproblem og problem med fordøyingi òg, men ikkje lengre enn ein dag.

    Men no gjeng det altso bra. :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.