Klippa hår, no er eg (endeleg) skalla

Ja, so var det endeleg gjort; håret er vekk. Rebecca lyt ikkje lesa vidare med mindre ho vil sjå bilete av det. Eg fekk fleire kompliment for det i går, og eg synest sjølv det er mykje herlegare utan hår – dessutan ser det betre ut. Eg tok skjegget òg.

Eg hev det med å skriva um når eg klypper håret; sist gong tok eg ikkje alt håret, men kutta det kort. Tvo månadar fyrr der vart eg klyppa på 16. mai av russ – det vart ikkje superfint akkurat. Eg er flinkare sjølv. Dessutan hev eg jo klypt soldat Espen sitt hår ganske kort.

Då Rebecca drog ut og eg hadde skikkeleg stått opp drog eg fram den tøffe hårklippemaskini eg fekk til jól. So var det berre å starta. Resultatet er her:

Odin med klypt hår, heilt skalla

Forresten ser eg endå tøffare ut i ekte live, og spesielt med skinn-jakka mi!!! :D:D:D

11 tankar om “Klippa hår, no er eg (endeleg) skalla

  1. Egil

    Eg må få klipt meg snart eg og, men tror ikkje eg går for clean shave denne gangen.

    Du sko ha beholdt trailerbart så hadde det blitt ekstra tøft :p

  2. Odin

    Bror: Eh, av di eg ikkje er teit og klipper håret med klede på. Då vert dei jo fulle av hår!

    Egil: Eh, nei. :P

  3. Ola

    Du skulle latt skjegget vera, so hadde du nesten likna på C-note i Prison Break.

  4. børge

    Ja, det må jeg si var litt av en forandring! Ser bra ut, da. Men jeg tror kanskje jeg er enig i at du burde beholdt skjegget. Ikke sikker. Har du dratt til Sør-Afrika ennå? Hvis ikke får du ha en god tur! :)

  5. Odin

    Ola: Humf.

    Børge: Neinei, ingen skjegg. Takk for kompliment! :D Hyhy.

    Forresten sa Nader dette: «hekkan så kult bilde! e d ekte?». Hehe, moroklumpen, sjølvsagt ;-)

  6. h den p, eller h ho v til AP

    Eg trur du like å ta bilete av deg sjølv naken! Er elles samd med Ola, skjegg er tingen!

  7. Odin

    H ho v: Haha! Ja, eg klippa håret med klede; so kledde eg meg naken for å taka bilete av hovudet mitt. Veldig lite truleg, og ingen vits. :p

    Eg hev jo båe skjegg og hår no. Når eg tek skjegget, ser eg yngre ut – og det likar eg godt so gamal som eg er. Voops, eg gløymde heilt at du var eldre enn meg.

  8. h den p, eller h ho v til AP

    Knurr…

    Men, ja.. hadde eg vore deg ville eg ha gjengje fø den mandige stilen, gutteaktig sjarm fønke berre for 40-åringar:)

  9. Odin

    H ho v: Javel sjef.

    Elles, skriv inn epostadressa di slik at eg slepp godkjenna innspeli dine :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.