Ooops, 9 000 meter på 10 dagar

Eg gløymde jo heilt å sjekka kor uppteken eg eigentleg er frametter då eg fann ut at eg skulle symja 10 000 meter til 31. mars. Men det viser seg at eg dreg til Sør-afrika um 12 dagar (!) og etter det hev eg ingen tid til symjing grunna landsmøtet i NMU. Dessutan hev eg vore sjuk i det siste, og dimed hev eg ikkje fengje symd slik eg skulle.

Dessutan er laurdagar og sundagar i symjehallen «familidagar» med evig ungar, gamle og midt i mellom i bassenget – med andre ord vanskeleg å få symd. Då sit eg altso att med 10 dagar der eg skal symja dei resterandee 9 000 meterane. Det vert 900 meter/dagen, og det midt i avvenningi mi av rå fruktdietten

I dag tok eg eit kraftak og symde 1000m utan pause (utanum då eg måtte flytta meg for å ikkje kræsja meg folk), so det vert vel eigentleg berre 8 000 meter på 10 dagar. :-)

Same kva, det vert spanande frametter; eg skal klara det…!

5 tankar om “Ooops, 9 000 meter på 10 dagar

  1. Teirik

    Lykke t mann, bare ver forsiktig sånn at du ikkje kjøre deg sjøl ner i bånn… Viss du plutselig trappe opp treningå, så kan du få ein smell, og viss du i tillegg ikkje ede skikkelig, så kan den smellen ble navla hard… Så pass deg, ikkje treff kjelleren me så hard kraft at du knekke kroppen heilt :) For der e risiko for det!

  2. Odin

    Teirik: Eg et meir skikkeleg enn det eg nokon gong hev gjort fyrr. So det er eit lite problem. Yvertrening er kannhenda eit større problem: men der vil eg spyrr um noko; er ikkje symjing ei ganske «ufårleg» form for trening?

    Eg kjenner ikkje eg strekker ei einaste grensa når eg symjer, det er berre so enkelt og greitt. I dag symde eg 1900m og ville fortsetja (det var so deilig!), men eg måtte på SST-møte. Kann eg øydeleggja kroppen slik heilt utan vidare? Eg anstrenger meg ikkje, og det vil eg heller ikkje prøva på. Dessutan må eg jo kjenna eit par teikn fyrr kroppen eventuelt bryt saman? Andreas, veit du noko?

  3. Teirik

    Husk at under hard trening så må ein fylle på de energilagrene en bruker under trening, og det e som regel litt andre krav t å fylla de enn det ein kanskje e vandt me, så det må ein passe på litt.

    Svømming e ein «ufarlig» form for trening då ein ikkje overbelaste kroppen med hurtige bevegelser og retningsforandringer, men det betyr ikkje at ein ikkje kan tappe kroppen for energi! Eg vil tørre påstå at ein kjenner det på kroppen, en kjenne vel ein matthet, at ein ikkej føler seg så bra, men eg vett at du har psyken t å ignorera de tegnå viss du bare vil någe nok. Du ødelegge nok ikkje kroppen sånn uten videre, nei, men du risikere ein liten smell, ett møte me veggen, viss du ikkej får fyllt opp energilagrene dine og fortstetter å presse seg.

    Nå har eg aldri dreve ekstensivt me kondisjonsidrett, så eg e ikkje 100% sikker på alt innenfor det, men eg vil tro at viss du bare e forsiktig, ete nok, får i deg næring itte symmeturane for å starta restitusjonen, så e du i sikkerhet, så lenge du hørre på kroppen ;)

    Der e ingenting bedre enn sjokomelk og banan, eller yoghurt og banan max 20 min itte ei økt, kickstarte restitusjonen som bare nøkk!

  4. Odin

    Teirik: Ja, men energien er det inkje problem med; medan eg fyrr fekk i meg under 2000 kaloriar til dagen, er eg no ofte oppe i yver 3000. Men eg skal tenkja på det, passa på at eg hev nok energiyverskudd alltid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.