Sør-Afrika, dag 0 og 1, reisa og fyrste tur

Me kom oss vel fram til Sør-Afrika. Turen var lang og trøyttande, men me hadde ein lang dag etter me kom fram.

Heathrow, engelskmennene og invalide Mats

Allereie på Gardermoen so merka me at flyplassfolk handsama Mats på ein spesiell måte. Han gjeng jo med foten i gips og hoppar rundt på krykkone sine. Då me snart var framme i tryggleikssjekken på Heathrow etter me hadde gjenge ein kilomenter omtrent, vart han sluppen forbi ei sperring som sparte han rundt 10 meter. Tryggleiksvakten utførde det med stor pomp og prakt. Eg byrja le stort og sa at dei hjalp han med alt mogleg (hadde vore ein god del fyrr) – då me runda svingen var tryggleikssjekken der. Ein mann ropte etter Mats og slapp han inn til ein flyplasscannar utan noko kø, medan eg måtte inn i den digre køen. Dama som var bak oss lo godt då (ho var frå Noreg).

Invalide Mats på flyplassen

South African Airways vidare

Me vart forresten flytta lengre fram i flyet grunna vanføre Mats, ganske tullete og rart. På flyet viste det seg at nokon nordmenn me prata med på bussen skulle same vegen. Det som var rarare var at dei sat rett framfor oss.

På flyet var det slike skjermar i setene, slik det var då eg drog til Filippinene for 11 år sidan. Flyet vart ein god time forseinka grunna tekniske problem, men til slutt kom me upp i lufti og kunne sjå på film osb. Eg såg desse filmene på turen:

  • Enchanted (Eventyr i New York
  • Love in the age of colera
  • Biefilmen

Eventyr i New York hev eg sett fyrr, men han er so fornøyeleg at eg godt såg han um att. Eg fekk ikkje sett heile Biefilmen av di dei viste ein mongo turistfilm på flyet fyrr me landa. Irriterande. Elles `la eg meg ikkje` fyrr 0400, og etter det sov eg ikkje i det heile teke. Eg spelte ein heil del poker.

Dag 1: Sør-Afrika

Me måtte kasta all maten me hadde pluss alt Mats tok med til Michael grunna teite tollreglar i Sør-Afrika.

Michael i Sør-Afrika

Michael kom og henta oss, og køyrde endå verre enn det han gjorde i Noreg. Skikkeleg elendig. Var ingen setebelte i bilen heller. Heldigvis vart eg fort van med båe køyrestilen og ingen belte. Me køyre forbi ein sokalla Township som er ein ghetto for negrar, små blikkskur som dei bur i. Vonar me fær koma litt nærare på det seinare. Hadde vore interessant å sjå skikkeleg. Eg var ganske redd for kriminalitet i byrjingi – men det dabba heldigvis fort av. Eg liker ikkje å gå rundt å vera mistruisk og småskvetten.

Academia

På vegen såg me sjølvsagt mange digre, digre eigendomar med ekstreme gjerde rundt (såg nærast ut som fengsel). Slik var det og i den vesle (ganske store) ghettoen Michael bur i. Dei slapp oss rett gjennom tryggleikskontrollen, me var jo trass alt kvite alle saman.

Etter ein kjapp tur innum hybelen stakk me til byen for å finna solkrem, shorts og sandalar. Det var ein heil haug ungdom i eit slags senter i sentrum, umtrent berre kvite. Utanum all kassapersonalet, vaskepersonalet, servitørane o.l. Det var ein herleg atmostfære i bygget, Michael kjenner veldig mange her nede. Det er ganske tydeleg at dette er ein universitetsby. Han viste oss puben politiet hadde raida for narkotika med 50 politifolk, skutt i taket og plaga folki der.

På tur med Dien og Hans

Dien og Hans

Me møtte foreldri til Michael, som og vitjar Michael no. Me køyrde ut til ein sumarfuggel-plass og åt lunsj. Og so hang me i hagen lengje, det var skikkeleg herleg og fint. Masse, masse dyr og herlege insekt.

Michael i Sumarfuggelhagen

Me drog vidare då dei stengde. Køyrde rundt i umrådet. Brått punkterte dekket. Me fann til slutt ein jekk, og eit ekstradekk – men det var ingen skiftenykel, so me fekk ikkje teke av dekket. Me var midt uti ingenting, so det var litt stress. Etter ei stund stoppa ein av desse mange pickupane som hev lasteplanet fullt av negrer som køyrer til/frå jobb, ein liten bil stoppa og. Dei lurte på kva problemet var, og me forklarte. Til slutt stoppa dei ein annan pickup av same type og fann ein skiftenykel som passa.

Bilproblem, poffa dekk

Me køyrde so vidare og såg på store hus med digre, vonde piggtrådar (slik alt hev her umtrent). Me såg på vakker natur og tok ein lang biltur fyrr me til slutt åt middag på ein fin restaurant. Starta med Sushi og hadde etterpå ein fiskeplata og ein veggisplata. Perfekt. Eg smakte svartsopp, det var so utruleg himmelsk godt.

5 tankar om “Sør-Afrika, dag 0 og 1, reisa og fyrste tur

  1. Odin

    Simon: Hehe, so moro. Eg hev gjort noko «nytt», og skrive mindre per dag. Slik konsentrerer eg meir um det viktuge og det vert det enklare å lesa. Det gjeng vel slik når eg skriv um dagane ei tid etter dei var ferdige.

  2. skjalg

    Dette vert spanande! Og no kjem det endeleg bilete på sia di igjen. Det er mange som har venta lenge no på nytt frå Odin… (iallefall 4..).

  3. Mamma

    Dette var kjekt!! Hærlege bilete og sååååå kjekt å sjå Michael igjen. Eg gler meg til å lesa meir :-)

  4. Odin

    Mamma: Å! :D So kjekt å få innspel frå deg! Eg hev mange bilete, eg legg berre ut nokre få inne i teksten. Skal sjå um eg klarar hugsa kvar einaste dag frå turen sidan eg fær so mange gode innspel ;p

    Michaël vert nok glad for å lesa dette :>

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.