Symd 10 000 meter

Det var som eg tenkte, veldig enkelt. Det viste seg at det ikkje var fyrr i morgon at eg skulle dra til Sør-Afrika, difor tok eg meg ein lang symjetur (ok, han var ikkje lang og eg hadde tenkt å taka han same kva) og fullførde dei 1000 metrane som var att.

_ Dato _ Meter _ Totalt
tors 26/2 400 400
fre 27/2 600 1000
mån 3/3 1000 2000
tys 4/3 1900 3900
ons 5/3 250 4150
tors 6/3 1050 5200
fre 7/3 700 5900
mån 10/3 2000 7900
fre 14/3 1100 9000
laur 15/3 1000 10000

So, eg symde 10 000 meter på 19 dagar, altso umtrent 500 meter dagen. Um me berre tek med dagane eg faktisk symde so var det 10 dagar og det vert difor 1000 meter/dagen.

Dette var moro, eg kjem til å halda fram med å symja, men eg må kannhenda setja meg litt høgare mål enn det eg hadde no. Problemet mitt var sjølvsagt at eg verkeleg ikkje hadde peiling på um 10 000 meter var mykje eller ikkje.

Prosjekt ferdig, suksess!

5 tankar om “Symd 10 000 meter

  1. Odin

    Eg seier sjølvsagt frå um eg vinn, men det er evig mange som er med på konkurransa. Då Nokon(tm) fortalde at eg nett hadde symd 10.000 meter (det var ikkje meg, og eg hev ikkje peiling på kvifor det skulle vera nyttig informasjon å seia rundt eit etebord) viste det seg at Kjell Schmidt hadde gjort det same.

    • Er du med i konkurransa, då?, spurde eg

    • Jeppz0rz, svara han. Berre at han sa «ja» i staden for Jeppz0rz.

  2. Victor

    Der stend vel for fåe nullar i tabellen din? Det er vel tusund, ikkje hundrad meter?

  3. Odin

    Victor: Nei, er heilt rett dette her. Totalt tel upp mot 10 000 meter. Det minste eg symde ein dag var 250 meter som det stend. Siste dagen symde eg 1000 meter.

  4. Odin

    Ahh. Ja, takk, fiksa. Men det var jo ikkje so viktugt. ;-) Takk same kva. Hadde so få innspel på dette innlegget, so godt med litt lagt til. Hehe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.