Til Sør-Afrika!

No er det slett ikkje lenge til eg tek flyet til Heathrow som gjeng vidare til Cape Town i Sør-Afrika. Wohoo. Eg er på PING for å senda ein del epost fyrr eg må skunda meg til Gardermoen. Internett fungerte plutseleg ikkje i heimen.

Som sagt i 10 000 meter-innlegget mitt so tok eg feil av avreisedagen, det var visst i dag. So no er meg og Mats klare til å taka fly yver lange strekk. Turen ned tek 16 timar, turen opp att 17. Me skal vitja (og bu hjå) Michaël, vår Nederlanske nynorske (høgnorske) kamerat. Det vert superbra, vonar eg.

Eg kjem vel til å skriva litt medan eg er der nede um eg finn internett på høvelege plassar. Eg hev kaupt eit lite drittvideokamera slik at eg kann taka litt video av turen òg—dessutan hev eg jo med meg det fine, flotte fotoapparatet! Yey.

Eg hev ikkje hatt problem med å pakka denne gongen, heller ikkje med å taka uppvasken fyrr eg drog og kasta den maten som var mest på kanten. Det hev vel mykje med at eg plutseleg på laurdagen fann ut at eg ikkje skulle reisa same dagen lell.

Men no tikkar klokka mot møtetidi vår på Gardermoen, so eg lyt vel koma meg av garde. Vil helst ikkje missa dette flyet!

2 tankar om “Til Sør-Afrika!

  1. Skjalg

    Ventar i spenning her i Kviteseid. Håpar du legg ut nokre ord snart…. Nett ferdig med ei storøkt med maling og reingjering. Badet er ferdig, kjøkken er ferdig – her er det blitt så flott! Na kan du ta med deg venene dine hit til eit flott sumarhus…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.