Eg hev jobb, mange

Eg skreiv aldri då eg fekk jobb i Universitas. Helder ikkje då eg vart tilsett i Nei til EU som IT-andsvarleg. Dessutan skreiv eg ikkje um då eg fekk ei vikarstilling på Randaberg VGS. Eg skreiv um då eg uppretta firma mitt, men eg hev ikkje skrive um alle uppdragi eg fær heile tidi. Det vert uansett litt mykje å skriva på bloggen, men same kva; eg gjer mykje for tidi.

Eg lyt segja at eg er kjempeuppteken for tidi. Eg bur i Stavanger att (det hev eg vel helder ikkje skrive um) og jobbar på full spreng her. Med mange jobbar. Den eine overlappar den andre. Alle fekk sitt høgdepunkt på likt. Det er veldig moro, og eg jobber berre med bra og interressante ting. Men eg hev fengje svevnproblem og er litt for sliten.

Faktisk hev eg skrive litt um Universitas etter kvart. Er jo ein stadig større del av kvardagen min, so er kannhenda ikkje rart at slikt smitter yver til den offentlege dagboki mi. So eg treng ikkje skriva meir um det. Utanum, jo, det må eg:

Universitas, oppreinska prodsys, og masse problem

Eg fekk lov til å reinska upp prodsys. Det vart dyrt. I tid. Og flauskap for meg. Eg hadde nytta ein del tid på oppreinskingi, so kom dagen då det skulde ut til journalistane. «Det tek 20 minutt,» segjer eg. Ein halv arbeidsdag seinare gjeng eg. Fikser eit par feil dei neste dagane. So kjem dagen då netavisi skal ut. Eg hadde venta med å fiksa min del av prodsys. «Det tek eg når den tid kjem,» hadde eg tenkt. Eg rekna ein halv arbeidsdag (4 timar) på å fiksa det og leggja ut netavisi. To-tri arbeidsdagar seinare og mange dagar for seint klarte eg få netavisi ut. Men min del av prodsys fungerer framleis ikkje rett. Hekkan. Masse masse jobb.

Dessutan skal Universitas gjera ei netsatsing no; so masse jobb der òg. Veldig moro jobb. Eg liker godt å jobba med Universitas.

Nei til EU

Eg hev fengje ei dritbra 50% stilling i ein organisasjon som er betre enn nesten alle (sjølv um ingenting slær O’store heilage Norsk Målungdom). Stillingi er litt drifting av epost, intranettet osb, osb. Dessutan er ein del utvikling og framyvertenkjing på planen. NTEU vil verta digre når EU-kampen kjem, datasystemene må tóla det, dessutan må organisasjonen vera supereffektiv og få pumpa ut god informasjon. Nett no er det ikkje mykje jobb eg kann gjera, – sjølv um det tek litt tid å planleggja kva eg skal gjera og ikkje minst setja seg inn i korleis ting heng saman der burte no. So det gjer eg no.

Lærarvikar Randaberg VGS

Dette er grunnen til at eg hev flytta heim til Stavanger att no. Eg vart tilbydd ein dritbra lærarvikarstilling på RVGS. Eg hev no ei klassa i vevutvikling, der dei skal laga ei netsida som prosjekt. Dei kunde ein god del frå fyrr visst, diverre viste det seg å vera litt mangelfullt lell, so eg burde nok ha gjenge gjennom det for dei. Eg merkjer eg lærer mykje meir enn dei, – eg lærer å verta ein betre lærar. Det treng eg. Vonar dei fær noko ut av det.

Eg gjeng mest rundt og hjelpar ein og ein no. Funne ut det er litt ineffektivt for dei store tingi; småproblem og slikt kann eg fort fiksa og forklara – problemet vert litt meir strukturelle problem. Hev ikkje tid til å sitja tvo timar og forklara det til kvar einskild elev. Diverre. So slikt burde eg nok teke i plenum. Men eg trudde dei kunde/hugsa det. Menmen. Eg skal jobba hardare denne víka for å få poengi mine gjennom.

Men eg er superglad for å få tilbodet. Er berre so redd for at eg ikkje gjer det godt nok. Etter vevtimene er ferdig so skal eg hava kvar (av dei 4) klassone ei víka kvar i Illustrator. Eg fyretrekk sjølvsagt Inkscape, men eg skal læra dei Illustrator og so gjeva dei innføring i Inkscape for dei som ynskjer òg. Er jo trass alt teknikken osb dei skal læra, ikkje so mykje programmet i seg sjølv. Skal jo verta tenkjande, ganglege menneskje må vita!

Firma mitt, Velmont Film, elder eigentleg berre Velmont

Og so hev eg mange prosjekt med firma mitt. Russkilde 2008, eit Stavanger 2008-prosjekt, kulturruss. Eg filma litt. Skal kannhenda gjera meir. Eg jobber med ei netsida til ein illustratør, men han er uppteken for tidi. Hev eit dokumentarfilmprosjekt. Hev endå eit dokumentarfilmprosjekt. Hev ei DVD-omsetjingsjobb, ein portugisisk dokumentar trur eg. Pappa hev dei vanlege DVD-kopieringsjobbene, og der må eg skriva programvaren han brukar for det. Hm. Og so fær eg heile tidi fleire jobbar av Skjalg. Eg må forresten fiksa netsida honoms. Men det ligg litt langt nede i køen.

So eg hev mykje å gjera

Dei siste dagane hev eg jobba frå kl 8 (vakna 6) til kl 2 (sovna kl 2). So 4 timar med svevn kvar natt, tri netter på rad og fullt køyr på dagane. Rett nok er eg supertrøytt og sliten nett no. Eg kviler masse no for å gjera ein best mogleg jobb i lærarjobben, heldigvis kann Universitas no venta so lengje eg fær neste netavis ut på tidi. Same kann Nei til EU so lengje problemene med epost og netsida er vekk snart. Firma mitt er jo berre meg, og eg hev ingen harde innleveringsprosjekt nett no, so det gjeng godt. Eg vil verkeleg gjera ein god lærarjobb, det er viktigast for meg nett no. :-)

Jepp. So eg prøver taka det litt med ro no. Og der fekk eg endeleg uppdatert netsida og skrive litt um jobbane mine!

11 tankar om “Eg hev jobb, mange

  1. Odin

    Synnøve: Sant, sant. Det er nett som endå ein jobb. Heldigvis roer ting seg ned litt no etter landsmøtet. Eg er ikkje i sumarlægernemndi, so ingen stress der. Men eg må få lagt ut og fiksa den meir eller mindre ferdige nye netsida; diverre kjem det under alt det som er so mykje meir viktugt. Eg kann ikkje lata 20 stk i redaksjonen i Oslo sitja med fingen i raui eller la alle dei tilsette til Nei til EU vera utan internett og epost ein heil dag.

    Men eg er framleis i sentralstyret i NMU og det skal eg gjera ein jobb for framleis. Berre ikkje nett denne stressande víka her.

  2. Yvonne

    Så bra at elevene på Randaberg endelig har fått en lærer som virkelig er «inn» i web. Jeg satt og tenkte på at du hadde vært perfekt for jobben når du lærte meg det samme for to år siden. :)

  3. Odin

    Yvonne!!!!! :D:D:D:D Heei!

    Hmm. Ja, men problemet mitt er som eg sa at eg ikkje hev lært dei noko. Men no på tysdag skal eg prøva å ganga gjennom litt. Prøva å visa dei litt god bruk av HTML og kva som ikkje er bra. Visa dei korleis CSS kann endra sidone radikalt og so gå gjennom posisjonering i CSS. Det er trass alt det aller vandskelegaste, men likevel det dei fleste treng gjera for å laga litt interessante sidor.

    So moro at du tydelegvis fylgjer med på bloggen min, du var utruleg kjapp med innspel når det var noko relevant du kjende att. :D So kos! :) Eg las den gamle, eigenlagde uoppdaterte bloggen din nett, du burde hava noko slik at me lettare kann fylgja med og sjå at du hev det bra. :-)

  4. Klaus

    Blir sliten berre av å lesa innlegget ditt, jo! Du har mykje å gjere Odin, men heldigvis verkar alle jobbane å vera interessante. Berre ikkje slit deg heilt ut, då! :-)

  5. Monique

    Ooh, du filma på Russkilde, seie du? Såg du Pubertetskoret fra Kongsgård då? :D Eg vonar du komme innom neste uke, right? :)

  6. Yvonne

    Odin!!!! :D:D:D Selvfølgelig følger jeg med, må jo sjekke at alt står bra til. Du var fin på håret, og Rebecca er fortsatt verdens søteste på bilder, hørtes ut som en knalltur, og jeg holdte på å le meg i hjel av det forrige innlegget ditt med bilen (og isen). Selvom jeg syns litt synd på deg òg :p

    Hahaha :D Nei, ikke den gamle bloggen der :p Grunnen til at den ikke er oppdatert er fordi jeg ikke har en sånn, ehm, «ting» som du har på din side. At innlegga ikke legger seg sånn at siden blir uendelig lang og at folk faktisk kan skrive tilbake. Sånn klarer ikke jeg å lage. Ennå :D

  7. skjalg

    Monique: Eg hjelper Odin med Russkilde2008. Det vert ein DVD frå framsyninga på onsdag. Den skal vere ferdig på onsdag og selgast til alle som var med. Skal og lage ein dokumentar som skal vise kva russen kan i Rogaland. Det er meiniga at alle fylke i Noreg skal gå i gang med slike prosjekt kvart år.

  8. Egil

    Kjekt å lesa om noko så vanleg som jobbing. Veldig bra at du kjem ut frå semesteravgiftstullet med så kule og relevante jobbar. Du kan jo fortsetta pedagogikken din med inf1040 til hausten :)

  9. Odin

    Klaus: Nei, — eg hev jo, slem som eg er, trappa ned på SST NMU ting nett no. Men eg må snart få sett av nokre timer til å få ut netsida. Tingen er at WordPress hev kome med ny versjon, og eg må passa på at alle mine hacker fungerer framleis.

    Monique: Gjorde det. :-) Kjenner jo Henrik (i 3.). Kvar skal eg vitja deg? :D

    Yvonne: So bra! :D Ja, men eg brukar andre sin kode. Det kann du òg, enkelt og greitt. Kann hjelpa deg i gang, det er enkelt.

    Skjalg: Det er vel eigentleg ditt prosjekt, so er vel meir du som leiger meg enn motsett ;-)

    Egil: Hehe. Du liker det du, ja vel. :P Tja, eg er ikkje so hugen på fleire jobbar. Nei til EU er stor nok den for dei neste semesteri.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.