Forpult billevering i jævla Oslo

Ok: faen i helvette for ein jævlig dag det var. Å satan. Og no lurer du på, kva i all bokmålsveldet kann få meg so stormande mongosint? Jo, kva anna enn Oslo + bil. Eg hev spydd ut litt eder og ein dæsj galle på dette fyrr, men so skjer det altso um att. På ein annan måte. Lat meg forklara:

Start på dagen

Fin morgon. Eg vaknar 0800. Rebecca dreg. Eg legg meg ned att. Fine dagen. Brått er klokka 1330 og eg vaknar. Faen i satan helvette. Kvifor er dette so dumt, tenkjer du? Jo, for eg skulde levera den stygge Rent A Wreck leigebilen klokka 1400. So eg hev dårleg tid. Eg er dømd til å koma for seint å måtta betala gud veit kor mykje i bot.

Start på dagen del 2

Eg kastar min trufaste ryggsekk på ryggen og kjenner han er blaut. Hm. Eg ser oppi han. Faen i satan helvette. Trur du ikkje den jævleg dyre isen eg kaupte billeg på Drageset (50%!!!) hadde smelta ut yver alt innhaldet i sekken min, inkludert å gjeva sjølve sekken ei god bringebæris-marinering? Jo, sjølvsagt. So alt måtte ut. Alt måtte vaskast, inkludert golvet som hadde vorte klissete rosa. Dette tok sjølvsagt tid. Og det var utruleg irriterande. Eg putta sekken i dusjen og forlot bustaden som eit helvettes rot.

Start på bilen

Inne i bilen var det sjølvsagt NMU-ting som me hadde gløymd å leggja frå oss på skriverstova. Faen i satan helvette. Eg måtte gå attende til bustaden med det. Tid, tid.

Til vrak-sjappa

Då eg kjem ut på vegen 1415 eller kva det var stend alt bom stille. So det tek meg jæ-ve-lig lang tid å koma fram til leveringsplassen. Eg kjem fram ein gong. Alt for seint.

Diesel

Eg skal til å levera nykelen, men so kjem eg på: eg hev gløymd å fylla på den hekkans leigebilen. Faen i satan helvette! Eg spyrr ein fyr kvar næraste bensinstasjon er, og køyrer ut att på vegen.

Rundtur

Eg vert ståande bom fast i kø – og mister totalt retningssans, av di dei jævla vegane berre snur heile tidi. Eg vil t.d. vest, men so dreier jo plutseleg den helvettes vegen og byrjar gå mot sør, kva faen i satan helvette!!??

Der er det jo sjølvsagt mor til alle køar og alt gjeng drittreigt. Etter ei dritlang stund merkjer eg at eg køyrer inn mot sentrum. Ulurt. Eg snur av (dette tek lang tid) og køyrer til slutt attende same vegen.

Eg er midt inne i det digre trafikkmaskineriet med vegar uppå og under kvarandre att – alle saman fulle med biler som umtrent ikkje gjeng framyver.

Endå ein tur

Eg gjer FAENMEG det same um att, køyrer inn på ein annan veg som viser seg berre gjeng til gokk og ikkje til umiddelbare bensinstasjonar. Satan i faen helvette so jævla vandskeleg det skulde vera å finna ein helvettes forpult bensinstasjon då!

Etter ein halvtime er eg attende i krysset, og eg veit sørenmeg ikkje kvifor. Det hadde sikkert teke 2 minutt utan kø – då kunde eg lett innsett feilen min og køyrd ein annan plass. Men kvar gong eg gjer ein liten feil no, snur inn på feil veg – so kostar det meg alt frå ein halvtime til ein time ekstra biltur. Det er nok til å kutta samtlege fingrar av seg, inkludert tær. GRRRR!!!

Og endå meir

Eg køyrer inn ein tredje veg denne gongen – ein det ser ut til at det gjeng mange bilar inn i. Det snik seg av garde og etter eit par timar i den køen bannar eg høgt då eg ser dette no plutseleg vart E6 (eller noko) og at eg er på veg mot Trondheim. Javel! So fær eg berre køyra til Trondheim då! Det må vel finnast ein hekkans bensinstasjon der i motsetnad til jævla forpulte Oslo.

Eg ser ein bensinstasjon, men han er umogleg å koma til

Gah. Motorvegar er ikkje lagd for kø, det tek ekstremt lang tid å koma til ei utkøyring. Til slutt (ei tid etter eg hadde sett bensinstasjonen) kom ei avkøyring. Der låg ein bensinstasjon ganske nært, so eg hadde endeleg funne ein. No hadde det gjenge 3 timar sidan eg skulde hava levert bilen. Eg hadde nytta 2 timar på å finna ein bensinstasjon.

Kort

Eg veit ikkje korleis eg skal få sagt dette.

Eg sjekka lommaboki mi og alt eg hadde med meg. Eg hadde eit-par hundre ran (Sør-Afrikanske pengar), mange kvitteringar, førarkortet og studentkortet mitt. Ja, pluss Coop-kortet som ler i trynet mitt med kor jækla unyttig det er. Men ingenting anna. Eg kann ikkje skriva kor frustrert eg vart. Det var heilt ekstremt.

Eg byrja (med ristande hender) skriva ein ilsint melding til Rebecca det eg skulde forklara um helvete mitt, men ho ringde meg nett då. Samtala gjekk umtrent slik (eg fekk lesa dei relevante delene i Rebecca sin dagbok):

“GRRRRRARAAAARRGHHHH, EG E´ SÅ JÆVLA SINTE!!!!!”
“Ehhh, hva, hvorfor det, hva har skjedd?”, svarar ho, tydeleg redd.
“Eg har hatt så jævla mangen problemår me å levera denn´her HELVETTES bilen!!!”

Eg fortsetter med å forklåra Oslo sine vegar med alle moglege bannord eg kjem på, og endar upp med: so eg må heim å henta kortet. Rebecca fann kortet til meg i bustaden. Eg slutta av med:

“Så eg må hjemm å henta kårte, d komme sikkårt t å ta HELVETTES LANGE TI!”, etter den setninga skreiv Rebecca dette i dagboki si: “Hjelp!”.

Til Kringsjå

Det gjekk ikkje verre enn noko anna i dag. Tok sjølvsagt masse tid.

Endeleg bensinstasjon

Eg stal med meg Rebecca (som hadde laga nistemat til meg), eg følte eg trengde nokon med meg no. Me køyrde til ein bensinstasjon rett her nede som eg visste godt kvar var. Fylde på.

Til Lån-eit-vrak

Framme her att. No med full tank. 2–3 timar seinare enn sist gong. Eg gjekk mot kontoret og banna og steikte um at dei sikkert kom til å vilja taka pengar for ein ekstra dag, blodiglone. Eg kjem til døri. Og… Ho. Er. Låst.

Dei hev stengd for dagen!

Kva
faen
i
satan
helvette!!?!!?

Eg slengjer drittnykelen inn i brevsprekken og drit i alt.

Slutt

Og det er faenmeg grunnen til at eg tek kollektivtransport i Oslo! FOR FAEN!

13 tankar om “Forpult billevering i jævla Oslo

  1. Klaus

    Eg skal ikkje le, men trass i uflaksa di var dette eitt av dei mest underhaldande blogginnlegga eg har lesi på lenge! Men uff. Hadde det vori meg hadde eg heilt sikkert blitt så forbanna at eg hadde begynt å grine. Kanskje kasta meg hardt inn i ein vegg eller noko – eller kanskje nokon andre :-P.

  2. Odin

    Hehe, du er so søt. Du må berre le ;D

    Eg hev liknande innlegg andre plassar i bloggen um eg hugsar rett. Eg vert litt forbanna av og til – men mest forbanna når det kjem til køyring i Oslo. Det gjeng skikkeleg sterkt inn på meg :)

  3. Egil

    studentbil.no er fint om du ikkje treng fleir enn tre sætor. Ikkje langt frå bensinstasjon heller. Eg hev heldigvis aldreg gløymd is i sekken, berre mjølk :)

  4. Ola

    Stakkars deg då. Eg kjenner til oslotrafikken utanfor sentrum om ettermiddagen. Det er forferdeleg. Men korleis gjekk det då med bilen? Fått nokon rekning?

  5. Synnöve

    Hoi! Dette er som teke rett ut av Bridget Jones» dagbok, berre verre. Skjönar godt at du vart frustrert.

    Men kva sa Rebecca daa ho kom heim og fann bringebaeris over heile golvet (og sekken din i dusjen)…?

  6. Skjalg

    Eg blir og ganske umogeleg i humør når eg kjøyrer i tett biltrafikk (og ikkje finn fram). Difor syklar eg mest…. så herleg å sjå ner på dei stakkars bilistane som kaster vekk så mykje tid på så unyttig verksemd!

  7. Victor

    Eg hev stødt meint at kollektivt er betre … Eg ser deg fyre meg der du stend ved den låste døri og ser skummel ut.

  8. fridtun

    Aha. So det er frå deg Helene hev denne «kva i all bokmålsveldet»-greida. Tenkte eg det ikkje. ;D

    -KF

  9. Odin

    Victor! Fritun! :D Velkomen! Eg må seia eg fekk litt av ei gullrekkja av nye folk til å koma med innspel her. So koseleg.

    Ola: Eg veit ingen ting. Maria hev ikkje klikka mongo på meg, so truleg ikkje.

    Synnøve: Trur ikkje ho turde seia noko. For det fyrste hadde eg jo vaska stova (difor alt tok so lang tid), for det andre tok jo eg ordet då ho ringde fyrr ho fekk sagt noko. Å klaga på at det var litt rotut i heimen trur eg ikkje hadde vore ein vinnande strategi for mi vesle Labecca i dette høvet.

    Kristine: Eg veit ingenting betre enn latter. :-)

    Victor: Hehe, godt du tykkjer eg kann sjå skummel ut – for det kann eg verkeleg.

    Fritun: Hahaha :D So ho nyttar det? So kult! Heheh. Yey! Der fekk eg adressa til bloggen din (og ein del andre méd). Godhug i heimen!

  10. Odin

    Vops. Eg ser at lenkja mi til det gamle Oslo-bil-innlegget ikkje er med. Eg fær leggja han inn.

  11. Odin

    Janne-Kristin: Meldingi di um teen kom då eg var på bensinstasjonen. Orsak for at eg ikkje svara. :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.