Sør-Afrika dag 4: Daffing, slappa av

Ein dag eg ikkje hugsar stort av diverre. Eg trur nok det heller ikkje er stort å hugsa. Eg kunde hugsa på masse små koselege detaljar, men det er eit kjempeflott landsmøte i NMU sidan, so eg hugsar ingen småting.

Eg tok få bilete denne dagen óg. Kannhenda av di dette var det me gjorde: Museum, bytur, piknik på vingard og meg og Mats åt åleina. Ahh! Nei, me møtte litt folk óg. Ikkje stort, men vent å sjå.

Museum

Cape Town sentrum

Det var ikkje serleg interessant. Var ikkje museum faktisk, det var kunstgalleri. Museum plar jo vera kjekke, kunstgalleri derimot…

Bytur

Dien og Michael utanføre parlamentet i cape town

Tja, ikkje mykje til bytur. Litt i ein sentrumspark. Ah, jo me var på waterfront. Det var kos. Turistpakka, men kos nok.

Piknik på vingard

Piknik, mats og michael

Herleg. Eg las masse i yndlingsboki mi, Eat, Pray, Love.

Middag åleina på Academia

Dien og Hans ville eta mat med Mikkel åleina. So meg og Mats sat på hybelen. Me gjekk til slutt burt til den vesle kaféen i ghettoen. Der møtte me ein neger som stod og prata høgt med homofil stemme. Me byrja prata med han, og han var veldig koseleg. Skikkeleg skrullehomofil. Dei hadde nett vunne lokalvalet. Han var veldig for. Me óg. Kos.

Michael sin ghettobustad, på Academia

Litt seinare gjekk me attende. Der var ei søt jenta, afrikandar (altso kvit sør-afrikanar). Og so gjekk meg og Mats tur rundt i ghettoen og møtte mellom anna ein fyr som fortalte oss at det var mange nordmenn frå fredsinstituttet i Oslo her. Han var koseleg.

4 tankar om “Sør-Afrika dag 4: Daffing, slappa av

  1. Klaus

    Haha! Kva står det forresten på den oransje t-skjorta? Du får forresten litt heiderleg omtale i det eine blogginnlegget mitt.

  2. Odin

    Klaus: Du er so flink til å koma med innspel for tidi! :D Er vel av di dette er reiseskildringar og du hev reisefeber :)

    Eg såg du nemnde meg, ja, herleg :D

    Det stend «Nynorske agurkar veks fortare» på t-skjorta til Michaël.

  3. Skjalg

    Eg trur eg veit kvifor du har svekka hukommelsen for tida…..det må vere det spinkle kosthaldet ditt. Kan ikkje vere noko anna. Slik er det med den saka….!

  4. Odin

    Skjalg: Ja, det var dumt av meg å gå att til vanleg veggiskosthald. Eg saknar rå frukt og grønt dag inn og ut. So det kann godt henda eg gjeng att til å eta meir og meir slik att…

    Dessutan trur eg (i tillegg til det at eg no et kokt mat att) noko av det hev med so mykje som hev skjedd i det siste. Det er lengje sidan eg var i Sør-Afrika no av di det hev skjedd so ekstremt mykje i det siste. Landsmøte er inga lita hending for oss i Sentralstyret i NMU skal eg seia deg!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.