Sør-Afrika dag 5: Table mountain

Tvo dagar tidlegare hadde me gjenge upp ein pissebakke som ingen utanum engelskmenn vil synast var noko å skryta av i det heile teke. Ærleg talt, slike bakkar må me jo ofte gå upp for å koma til det hekkans sjukehuset i regionen; då er det lite interessant at nokon med krykkor gjer det. Men desse engelskmenni altso. Denne dagen skulde me prøva noko langt meir tøft, me skulde stiga Table mountain (bordfjellet :p)!

Dien brukar rullestol og er ikkje so flink til å ganga etter ei ulukka eller noko, difor tok Hans og Dien kabelbanen upp. Den var diger kø – men dei slepp fram fyrst av di ho sit i rullestol.

Table mountain, Sør-Afrika

Vegen bak fjellet for å koma upp til Table mountain var det absolutt ingen kø på. Den kann sjølvsagt sluka fleire folk enklare, men det var altso ganske folketomt i motsetning til kabelbanen. Me hadde med oss eit par liter vatn. Mats, som den kjipingen han er, bar ingen ting. Medan meg og Michaël, sterke og mandige menn som me er, bar alt. Soli skein og me visste frå byrjingi at turen ville verta hard og veldig varm.

Mats humpa uppetter i eit normalt gå-tempo, det er sjølvsagt alt for gale for meg som er so barsk at eg helst vil springja upp fjellet og kutta den 2 timar lange gåturen til ein 1 timar lang superbratt joggetur. Difor veklsa eg mellum å lata M&M (haha, so lur eg er som kom på den forkortingi!) koma langt framfor meg til å jogga kjapt upp bakkone og liggja langt framfyre dei.

Michaël og Mats upp til table mountain

Sidan Mats ikkje er so flink til å ganga (haha på han) so måtte Michaël passa på honom, i alle fall i byrjingi.

Møter med folk

Sjølv um det var folketomt, møtte me mange. For med folketomt meiner eg sjølvsagt relativt folketomt, for alt er jo relativt som me hev fengje høyra på skulen. So me møtte masse folk på vegen uppetter, nokon tok me att og nokon tok oss att (men so tok me dei att att, av di me kann jo ikkje verta forbigått!!!).

Mats upp bakkane

Sidan engelskmenn er so forbanna late og helst vil taka kabelbane, møtte me ikkje so mange av den sorten. Men de kann jo godt tenkja de til kva dei me møtte sa; “w000t, oh my god dude – are you sure you can make this? Pure respect, man. Wow” og liknande. Dei vart kort sagt imponerte. Dei trudde at dei var supertøffe som den 1%-en av landet deira som klarte gå upp ein liten fjellbakke på 2 timar, men so gjer sørenmeg ein krøpling frå Noreg det same på krykkor – nei då vart dei himmelfalne skulle du sjå!

Men me veit jo allereie at engelskmenn vert imponert for ingen ting, so det var ikkje serleg imponerande for oss. Dei er søte og gode, koselege og snille – me hadde mykje godhug til engelskmenni. Men dei er absolutt ikkje eit godt mål på kva som er vandskeleg og lett.

Brå uppstigning

Same kva, poenget mitt er at ikkje berre engelskmenni sa noko denne dagen. Nei, dei fleste me møtte sa faktisk eit par ord. “Impressive” osb. Me gjekk forbi tvo søte jentor, i forbifarten sa dei “Imponerande” og Michaël var snøgg til å snu seg og spyrr “Er de nordmenn?”. Det var dei, og so prata me litt med dei. Dei var veldig imponerte, og søte (dei var jo norske, trass alt). Diverre gjekk dei ikkje upp at saman med oss – for dei var altso på veg ned.

Den siste knausen, eller ant siste, upp til table mountain

Tvo timar seinare var me uppe på det vidgjetne fjellet. Ein ekstra liten knaus der Mats måtte hiva frå seg krykkone og klatra med eitt bein og so var me uppe. Eg hadde sagt det heile tidi, nett som på kappen: “Ok, frå no av trur, nei, veit alle at me tok kabelbanen – so ingen meir respekt til oss”. So me vart alle saman ganske leie oss. Me hadde vorte ganske glad i å få høyra so mykje moro på turen upp.

Mats med dei siste strabasane

Oppe på platået

Det vart slik eg hadde fyrespegla; ingen respekt eller godhug til oss lengre. Berre masse, MASSE folk som hang der uppe utan den flotte turen upp. Slakkingar. Og alle trudde me var slakkingar óg. Det gjekk hardt innpå meg. Faktisk. :p

Uppe på platået

Me fann Dien og Hans på kaféen og åt og drakk. So tok me kabelbanen ned for å kunda gjera meir resten av dagen.

Waterfront

Me stakk til Waterfront trur eg. Ikkje dag 4 slik eg trudde. Ikkje so mykje å seia, eg fann ikkje objektivet eg leita etter. Eg kaupte eit norsk flagg og gjekk med det i sekken til eg vart flau og gøymde det (tok ca 10 minutt :P).

Eg såg óg etter ein slik kul hatt som Michaël hev, men fann ikkje.

7 tankar om “Sør-Afrika dag 5: Table mountain

  1. Simon

    Mats får gjennomgå i desse reiseskildringane dine. Hehe.

    Viss du vil ha ein fedora i høg kvalitet, kan du titta på «Herbert Johnson»:http://www.herbert-johnson.co.uk/ . Rett nok er prisen i meste laget, 1500 kroner. Ein litt billegare (har frå 500-800 kroner) og langt meir brukarvenleg butikk (HJ er jo ganske snobbate – dei leverer varar til kongelege) er «Hatsdirect»:http://www.hatsdirect.com/ , som har mange tøffe hattar. Og for eit par dagar sida opna «Indiana Jones Shop»:http://shop.indianajones.com/ der du kan kjøpa fedoraen til Indiana Jones for rundt 200 kroner. Tøffare enn det får du ikkje!

  2. Skjalg

    Eg kan ikkje koma utenom dette eg heller – kor tar Mads den veldige energien og pågangsmotet frå? Imponerande med krykkjer. For dykk andre er det jo ikkje meir enn ein vanleg sundagstur… Eg savnar forresten meir bilete frå andre stader enn «turistfeller».

  3. Odin

    Simon: Mats er ein skikkeleg fyr, han tóler det. Eg fann mange nesten-like hattar, dei held ikkje. Eg vil hava ein billeg og som hev hól i for luft. Menmen, fær kaupa ein når eg dreg til Australia eller noko.

    Skjalg: Ikkje Mads din danske!

    Saknar bilete frå andre stader? Vel, me var ikkje på andre stader. Er fint å hengja på turistfeller, det plar nemleg vera ein grunn til at turistar vil dit. Ahh, vel, var jo mange andre plassar óg – men eg tok tusen bilete, og kann ikkje leggja ut altslag. Dei fleste bileti tok eg óg på turistplassane. Men fær sjå etter litt anna óg då; problemet er at bileti skal passa litt til teksten.

  4. Ola

    Men det vert jo originalt og stilig med bilete som ikkje passar til teksten òg! Og då får me dobbelt so mykje reiseskildring, når bilete og tekst fortel ulike ting. Wowow, fantastisk godt påkome.

  5. Rebecca

    Nå har jeg lest alt du har skrevet om Sør-Afrika, og det var moro! Hadde hørt en del av det før, men det var gøy å lese likevel. Ellers blei jeg veldig glad i ordet «bavianproblem.» Genialt!

  6. Kjartan

    Sør-Afrika er fantastisk! Var på Table Mountain i 2003, men lat som eg e tok eg kabelbanen :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.