So sat eg att med fira galne når eg ville hava ei god

Eg prøvde og prøvde å få ho til å koma med meg. Men ho hadde ikkje berre meg. Eg gav stadig meir, men til slutt kunne eg ikkje gjeva meir – og ho gjekk med ein annan. Tårevåt i mi eiga ulukka søkte eg trøst i andre, langt frå like sofistikert og fantastiske, nokon meir heime på dynga enn med meg. Men eg drukna no sorgen min i dei… Og det kjendest godt.

Tja, det var ikkje nett slik, meir slik som dette:

Den ekte historia

Odin på sykkelauksjon der dei berre tek kontantar. Odin hev ikkje kontantar, men skrapte saman 550kr frå mamma og pappa sine jakkelommer. Eg fær ikkje dei syklane eg byr på, dei gjeng høgare enn 550. Opplagt. Eg tenkjer, jaja, eg vil no hava med meg ein sykkel eg kann fiksa litt på lell. Eg saknar jo ein sykkel noko heilt inn i granskauen. Hev våte draumar um racersykkelen min i Oxford. Ah, den flotte Peugeoten… (mimre).

So stend denne sykkelen på podiet. Eg hev då verkeleg ikkje peiling på kva stand han er i, men eg roper no ut «50!», som eg hadde fengje for vane å gjera (eg pla slutta då dei kom upp i 100–200). So fær eg han. Javel:

Sykkel 1

Dekki fungerer ikkje skikkeleg. Heilt holete. Forbremsa fungerer, det gjer ikkje bakbremsa. Giret fungerer ikkje skikkeleg. Men eg set meg på han og kann sykla litt utan problem. Jaja. Ein bussbillett heim frå byen det.

Ein ny sykkel kjem upp. Hmmm, tenkjer eg. Den der ser jo betre ut enn denne eg hev no. Tjaaa.
«50!», roper eg ut.
Og fær han:

Sykkel 2

Ja. Marginalt betre. Bremsene fungerer betre, giret litt betre, men ikkje skikkeleg. Dekki er litt betre, men stadig ikkje ein fungerande sykkel. Han treng ein del mekking.

Ein ny sykkel vert sett upp på Falken-bilen. Ingen byr på han. Eg tenkjer, «æsj, men den sykkelen er jo betre enn dei tvo eg allereide hev». So eg roper ut «10!». Og ingen byr yver. Velvel, 10 kr:

Sykkel 3

Dekki er gode, girsystemet fungerer på ein måte, bremsene fungerer sjølv um dei er harde. Ganske bra eigentleg.

Ant siste sykkel vert sett upp på bilen. Ein gamal DBS Tricky Track. God kvalitet på dei syklane. Ingen byd. Eg hiv meg frampå:
«20!»
«30!», svarar ein fyr.
«50!», svarar eg.
«60», svarar han.
­«100!», roper eg ut. Og han er stille. Og eg fær sykkelen:

Sykkel 4

Jaja. Langt frå kva eg eigentleg såg etter. Men det er ein fungerande sykkel som er betre enn å gå. Dekk, bremser, gir, sete, alt fungerer og er bra. Det er langt frå ein racersykkel, langt frå toppstand – men han er no perfekt til å koma seg frå a til b litt raskare enn dei bare føtene mine tillèt meg.

So der er leksa frå sykkelauksjon; du vert raskt rive med og kauper fort yver evne…

9 tankar om “So sat eg att med fira galne når eg ville hava ei god

  1. Skjalg

    Eg humra jo litt då eg las dette. Om dei ikkje kan fiksast på rimeleg vis blir det ikkje så lett å bli kvitt dei att, men kanskje me kan ha nokre syklar på sumarhuset i Kviteseid?

  2. Egil

    It aint a bike, it’s a tricky track bike :D Du får mekka litt på dei. Kan jo ta demparen frå den fyrste sykkelen og montera den på trick track’en, testa kven som renn best osb. Eg fekk lyst å ta opp sykkelen min nå. Endelig kjem våren i Oslo :)

  3. Odin

    Egil: Eg liker ikkje demparar på syklar. Dei tek energi som heller burde vorte brukt på å koma framyver.

  4. Victor

    Du er heldug som fær kaupt so billege syklar. :) Lukka til med mekkingi! No hev eg vore veggis ei vìka, forresten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.