Velmont – Odin Hørthe Omdal
Flyproblemer endå ein gong: Jævla flystreik
Ei soga frå yngre dagar: Eg kræsja med ein annan bil!
KRARAAASCHIIISSSSSJIIIIICTTSH!!! B00m!! Slik høyrest det ut når Toyota-metal møter Peugeot-metal i til saman 80km/t. Eg hugsar ikkje skikkeleg kva som skjedde rett før, og under kræsjet, men det gjekk raskt. Minnet om då eg banna lett, knakk opp den innmoste døra mi og gjekk ut for å møta den ilsinte sjåføren hugsar eg derimot soleklårt. Lite visste eg då om kor mykje verre turen skulle bli…
3 innspelMista fly, som vanleg
Eg hadde jobba heile dagen på Nei til EU, endeleg fengje upp heile netverket der. So skulle eg laga ein 5-minutter av eit 2 timar langt upptak. Etter nokre raske timar stress redigering var eg ferdig. Macen hadde hengt seg fleire gongar, meldingi «Out of memory» hadde eg sett 17 gongar for mange. Då var det berre å eksportera fili og leggja han upp til Acona.
5 innspel






