Eg kræsja med ein annan bil!

KRARAAASCHIIISSSSSJIIIIICTTSH!!! B00m!! Slik høyrest det ut når Toyota­-metal møter Peugeot-metal i til saman 80km/t. Eg hugsar ikkje skikkeleg kva som skjedde rett før, og under kræsjet, men det gjekk raskt. Minnet om då eg banna lett, knakk opp den innmoste døra mi og gjekk ut for å møta den ilsinte sjåføren hugsar eg derimot soleklårt. Lite visste eg då om kor mykje verre turen skulle bli…

Dette er etter landsmøtet til NMU på Lista i mars 2006, leeengje sidan mao.

Tenk, eg kræsja. Med ein annan bil. Det er jo heilt superrart. Kjensla eg hadde før eg steig ut av bilen og det nett hadde hendt er ikkje lett å forklåra. Er vel best fortald som absolutt, ultimat fortviling i eit par hundredelssekund, alle andre tankar og ting skyve vekk. I ei bobla med ein einaste tanke der du spør deg sjølv; «Kva skjedde no? Kvifor er den andre bilen så smæsja på venstresida?». Alt i alt hugsar eg det som ei «stille etter stormen»­­­-tid, sjølv om arbeidet med å skriva ned hendinga skulle starta.

Litt tidligare på dagen venta dei på at eg skulle få raua i gir og pakka sakene mine. Det tok si tid, medan alle andre var ferdige. Me hadde vore på landsmøte i NMU, koseleg, men hev vore mykje skriving om NMU i det siste (dei er nær hjarta mitt). Eg hadde Mats Indrefjord Høllesli, Ulrikke, Anne Karen og Ingvild i bilen. Vebjørn hadde køyrd tidligare med andre, eg satsa på at me tok dei igjen sidan Vebjørn berre hadde hatt sertifikatet i nokon få dagar. Turen oppetter byrja godt, det var endå tettare med snø enn på nedvegen. Då sklei me litt i svingane og mista veggrep. Utruleg moro, eigentleg. Køyreforhalda var vanskelegare denne gongen, det snødde og hadde ikkje vore brøyta. Difor sakka eg ned farten.

Vebjørn hadde køyrd seg fast. Ein vanskeleg bakke der dei hadde sklidd ut! Han tilrådde oss å snu og køyra inn til Lyngdal i staden for rett til Kvinesdal. Dette var eg mot, og me fortsatte. Kunne alltids hjelpa Vebbis og gjengen. Dessutan hadde me køyrd forbi avkøyringa. Det gjekk ikkje lange tida før me då såg ein Peugeot koma mot oss i rundt 50…

Kræsj-b00m-bang

Me slakka litt på farten båe. Ein smal sving. Fjell på mi side, stup med autovern på hans side. Vegen var brøyta smal. Eg hadde ein venstresving, eg hadde 40km/t. Eg hugsar ikkje dette, men eg veit ikkje om eg kunne leggja meg heilt inn i snøfonna med denne farten. Eg kunne nok ikkje det, for stor fart – kunne ikkje senkja han utan å skli. Eg reiv upp sida på bilen.

Det var kaldt ute. Tok ikkje lange tidi fyrr eg fraus masse. Eg hadde ikkje skadeskjema det hadde han. Me fylte det ut, tok lang tid – var litt ueinige. Han ville at eg skulle taka på meg all skuld med ein gong. Eg visste ikkje um andsvarsforsikring og var sikker på at eg måtte betala 50 000 for reperasjon ut or mi eiga lomma. Det viste seg at slik er det ikkje i Noreg. Takk for det!

Etter ein time (!) var me ferdige. Bensinnåla låg på 0, men han kvilte ikkje på ingenting-plassen endå. Dei andre i bilen klaga fælt og mykje – dei ville at me skulle gjera som Vebbis sa og taka Lyngdal-vegen. OK. So me snudde og køyrde den vegen. Det var jysla vandskeleg å koma ned bakkane til Lyngdal, kjempekrappe, kjempe*bratt* og ikkje minst kjempeglatt. Nede i dalen som ikkje hadde mobildekning fekk me eit anna problem; me klarte jo sørenmeg ikkje koma upp frå dalen att. Vebjørn hadde teke oss ned i eit helvettes høl det ikkje gjekk an å koma upp frå. Dette skjedde:

Er nede i dalen, køyrer upp den nye bakken for å koma vidare. Det gjeng, det gjeng seinare, seinare seinare seinare. Til slutt kann eg ikkje gassa på meir i det heile teke; for dekki mine sklir berre heile tidi. Ingen sjangs å koma upp. Eg prøver å stoppa bilen, men det er so glatt at han ikkje vil stå stille. Ikkje med bremser og ikkje med handbrekk. So bilen gjorde slik biler gjerne gjer når dei hev 0 veggrep og stend i ein uppyverbakke: bilen startar å renna nedyver. Eg prøver å bremsa, stogga farten, men neidå; dette gjer berre at hjuli på bilen låser seg og eg mistar all kontroll yver styring.

Bilen køyrer stadig raskare bakyver, eg rattar og rattar med styret; prøver å halda bilen på vegen, raskare, raskare, raskare, nedyver bakken feil veg – svinger eg til vìnstre gjeng bilen til høgre. Eg rattar litt for mykje og fær for mykje fart, bilen fær sving på seg og svinger fram og tilbake. Det vert ein vill dans, alle er redde. Bakenden smell inn i brøytekanten og bilen snur seg raskt rundt 180 gradar. Altso som um me skulle gjort ein veldig rask sving. Eg heng i beltet mitt og POOOFFFFF, der smell vínstresida til bilen inn i brøytekanten og me ser ingenting lengre. Det er ikkje svart, men kvitt. For heile bilen er sjult av snjo. Me er heilt nedgravd. Eg gjeng ut, ah, faen. Finn ut at me må nesten prøva å koma oss upp att helvettesbakken me køyrde ned og heller prøva den vegen Vebbis meinte var «oh so vandskeleg». Den vegen er sjølvsagt ikkje nokon ting mot denne vegen her.

Upp att frå Lyngdalvegen?

So me prøver oss. Tek god fart og køyrer tilbake. Nei, kjem ikkje langt fyrr bilen er i stopp og eg må rygga forsiktig tilbake. Eg kastar alle saman ut or bilen, dei fær gå upp att, medan eg sjølv tek fart frå andre sida av dalen med bilen. Eg køyrer på eit ekstremt glatt føre, speedometeret visar 60, 70, der framme er ein sving fyrr bakkane startar uppyver, 80, eg svingjer og vonar bilen held seg på vegen i 80, jodå. Presser på gassen, treff 90 – no fyk eg uppetter bakken og nåli gjeng stadig seinare mot 100, men ganske fort må eg sleppa gassen for bakken gjer ein krapp sving for å gå vidare uppetter den andre vegen. So eg er nede i 60 ganske fort, ikkje bra, for no klarar eg ikkje koma i høgare fart att og det gjeng stadig seinare.

Den siste svingen og so ein farleg siste uppyverbakke fyrr me er oppe. Eg hev 40, 30, 20, 10 – satan. Det er ein 60 meter att til toppen og fridom. Men nei. Me prøvde oss på bakken fleire gongar, so høgt som dette hadde eg ikkje kome fyrr. So lite att!

Me prøver å dytta bilen upp, men det er heilt umogleg. Me klarar jo ikkje stå i bakken sjølv ein gong!

Plutseleg høyrer me ein vond romleljod frå toppen av bakken – og ein diger brøytebil kjem mot oss! Eg vert seriøst livredd, eg trekk upp bremsa og ryggjer bakyver. Dei klarar å stoppa fyrr dei knuste meg og bilen. Godt. Etter ei stund forstår eg at dei vil trekkja oss upp dei 60 metrane. Ja! :D Herleg! So dei redder oss.

Bensin

Uppe fær me endeleg mobildekning att, men so hev me det siste problemet som hev plaga oss desse 3 helvettestimane frå Lista upp til Kvinesdal (snarveg som absolutt ikkje vart det). No ligg verkeleg bensinmålaren på «ingenting» og kviler. Det gjeng ikkje an å koma lengre ned, han er langt lengre nede enn der han skal vera når det er tomt.

Me køyrer effektivt, merkar ikkje bakken der dei andre sleit ein gong, den var so latterleg enkel å koma upp. Vart ganske irritert då ja. Same kva; lang historie kort (eg hev jo trass alt late denne her liggja i 2 år av di eg aldri gadd skriva ferdig): me vert veldig stressa, kjem til slutt ut på vegen og klarar akkurat koma fram til ein bensinstasjon. Eg fekk aldri betalt dei 500kr i bensin, men det er jo det vanlege. Eg gløymer slikt.

Eg fekk forresten skryt av bilkøyringi mi frå mamma i dag. Det same fekk eg for ei stund sidan av Helene. Og det er sant; eg er ein flink sjåfør – eg hev vel berre vorte betre etter all denne kræsjingi mi. Eg hev nesten-kræsja ein gong fyrr.

3 tankar om “Eg kræsja med ein annan bil!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.