Jævla flystreik

Ja. Endå ein gong problemer med fly. Men denne gongen er det teite, teite Avinor og flyplasspersonell (eller noko slikt) som skapar problem. Dessutan er Norwegian veldig lite interesserte i å hjelpa:

  1. Dei hev jo sørenmeg ikkje epostadressa til å fiksa slikt
  2. Eg hev sitte til saman 1,5 timar i telefonen i kø no, og vorte fråkopla ein gong («the person you are calling is not available, call later», mongo)
  3. Netsidene segjer berre tull («tak kontakt med oss»), eg hev då andre ting å gjera enn å sitja i telefon i 2 timar!!!

So eg tek buss. Men hekkan for nokre irriterande greidor.

Bussen er no mykje betre lell. Kann lita på buss, ikkje på fly.

6 tankar om “Jævla flystreik

  1. Egil

    Streik er ikkje teit, streik er viktig. Er berre Avinor som er teite som ikkje likar sine arbeidarar og/eller kundar. Kor tar du bussen forresten? Eg tok buss til Kristiansand ein gong. Det tok særs lang tid. Då er tog betre.

  2. fridtun

    Dette gjeld noko heilt anna: fær eg løyve til å leggja deg til (det vil segja bloggen din) på vinstresida av min eigen blogg? Under «Stundom er eg å finna her»? -KF

  3. Odin

    Egil: Humja.

    fridtun: Hehe, sjølvsagt! :D Det var jo òg ein ting å spyrja um.

    Eg lenkjer diverre ikkje attende, av di eg aldri klara å halda slike listor uppdatert. Eg prøvde meg på det ein gong, men det var ein stor fiasko. MEN: eg held jo styr på alle bloggane eg les på netvibes, og eg trur eg publiserer lister o.l. der slik at folk lett kann sjå alt eg les. Der ligg bloggen din ganske høgt (på fyrste skjermbiletet faktisk) av di du:

    Skriv bra (og gode ting)

    Oppdaterer oftare enn andre

    Juppjupp! :-)

  4. Janne

    Å stakkars deg. Eg ser på Gaute og Gullit, den barne-TV-serien frå Sogn og Fjordane, og den er superunderhaldande.

  5. Jens

    Tenk på alle dei som no, kanskje for fyrste gong, faktisk ser seg om for å finne andre og meir miljøvenlege alternativ! Som kanskje finn ut at nattog kan vere fint, eller at bussen kanskje ikkje tek så mykje meir tid enn flyet når alt kjem til alt. Og i mellomtida tener buss og tog meir pengar medan flya tapar. Og arbeidarane i Avinor får (truleg og vonleg) betre arbeidsvilkår.

    Dette blei veldig snusfornuftig. Jamvel om eg hatar snus.

  6. Odin

    Jens: Sant. Alt det er bra. Men av og til er det ein grunn til at eg tek fly, og då ventar at eg skal vera framme til ei viss tid. Men hev teke bussen kjempemykje i det siste no. Likar turen ganske godt eigentleg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.