Juks på norskeksamen med bærbare datamaskiner

Eg var eksamensvakt tvo dagar den siste víka. Ikkje moro på nokon som helst måte, eg kjem til å segja nei til det vidare med mindre eg fær veldig godt betalt. Same kva, eg vart brukt som ein slag dataekspert, sidan desse eksamenane var gjort med datamaskiner.

Oppgåva vart delt ut på internett (http://pgsa.udir.no) og levert på same sida. Sjølvsagt var mange tryggleiksinnstillingar inne; det trådlause netet var slege av. Det var berre mogleg å gå inn på pgsa.udir.no, greitt nok. Dessutan var alle dei bærbare maskinone (laptopane) levert av skulen, so det var ikkje noko rusk på dei. OK. Alle elevane fær eit brukarnamn og passord, dei logger seg inn på pgsa – og so gjeng me (eksamenvaktane) rundt og skriv inn dagspassordet som berre me kjenner. På den måten kann dei ikkje berre mista lappen med brukarnamn/passord på golvet ved lufting slik at mammaen kann koma og logga seg inn, lasta ned uppgåvene, gjera ei av dei og levera.

Norsk er eit vandskeleg fag å juksa i, det finst ikkje svar og det skal godt gjerast å finna ei god uppgåva på netet som andre ikkje finn og som er relevant til uppgåvene du hev fengje. Likevel kann du med internett få hjelp av folk utanfor, dei kann skriva uppgåva for deg etter dei hev fengje uppgåve og senda ho. Voilá enkel 6-er. Men internettilgangen var jo blokkert, so det gjeng jo ikkje!

Lokale ad-hoc netverk

Men du treng ikkje internett! Mori di kann sitja utanfor eksamenslokalet på Linux-maskini si og setja upp eit trådlaust Ad-hoc netverk. Då er det berre for deg å kopla deg til netverket «Mamma sitt überkule netverk for konsulenttenester på nynorsk og bokmål, eller nynorsk og sidemål som er det er kult å kalla det», eventuelt det litt meir anonyme namnet «RRFK-PED». Frå der er det berre å setja på kryptering av pakkone, og vips – du og mamma kann prata fritt med kvarandre medan eksamensvaktane ikkje anar nokon ting. Du kann senda ho PDF-en der uppgåvone står, ho kann enkelt skriva heile uppgåva og senda ho til deg fyrr eksamensslutt. Superenkelt. Og du fær vips 6-er.

Dessutan, viss du berre vil ha 3-er, eller mori di syg, so kann du jo òg avtala på fyrehand med ein kamerat i klassa som òg hev eksamen at de gjeng inn på netverket «RFK-0PEN» (med 0-tal) med passord «booyah» og chattar der/retter kvarandre sine uppgåver slik at de unngår 2-en.

So kva gjorde eg som den hippe eksamensvakten som eg var

Jo. Den dagen på Randaberg VGS var det ingen som kunne juksa på denne måten. Kvifor? Jo, for eg sat jo sjølvsagt med Linuxmaskini mi (Foss) og lytta på all trådlaus trafikk. Eg sat uppe med airodump-ng pluss det trådlause netverkskortet i «monitor»-mode for å henta all trafikk på netet, og so brukte eg hendige Wireshark for å sjå på, analysera, laga grafar og overvåka netverket. So dette brukte eg tvo dagar på.

Diverre vart eg betalt som vanleg eksamensvakt, eg trudde eg skulle få meir sidan den jobben kann ikkje einkvar pensjonist gjera. Velvel, aldri igjen. Og no veit de kor enkelt det er å juksa på norskeksamen um du sit med bærbar datamaskin og um eg ikkje er ein av eksamensvaktane.

5 tankar om “Juks på norskeksamen med bærbare datamaskiner

  1. Ola

    Det høyrtest no artig ut, tykte eg. Kvifor likte du det ikkje, eigentleg? Og var det nokon som prøvde seg med noko slikt juks som du skriv om?

  2. Odin

    Ola: Det er dritkeisamt. Sitja å sjå i ein vegg i 6 timar. Du fær ikkje røra deg stort, du fær ikkje gjera på noko og rommet eg sat i var ikkje ventilert. Elendig luft.

    Det var ingen som prøvde seg. Eg trur elevane anten er for smarte eller for dumme til å prøva. Eg hadde aldri prøvd av di eg ikkje hadde sett verdien av å la ein haug 3-erelever prøva å hjelpa meg med ein tekst. Og dei som er betre enn meg hadde ikkje villa vore med på det. So slik! :-)

    Same kva; dette er grunnen til at eg meiner dei lyt betala meg masse pengar for å sitja å sjå på slikt. Det er ikkje mange som kann passa på at det ikkje vert juksa med datamaskinar med trådlaust net.

  3. Egil

    Ærleg talt Odin, etter alle eksamenane du hev teke må du vita at å vera vakt er særs keisamt. Det er ein grunn til at det stort sett berre er pensjonistar som gidd. :p

  4. skjalg

    Du må sende denne utgreiinga til skuleledelsen (eller helst til Oppleringskontoret)- så får dei noko å grubla på til neste eksamen på datamaskinar. Kanskje dei legg på løna di neste gong!

  5. Odin

    Egil: Sant.

    Skjalg: Tja. Eg veit ikkje. Kannhenda sidan du segjer det. Dei er vel truleg klår yver det. Er jo trass alt enkle greidor, alle kann koma på det der.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>