Mista fly, som vanleg

Eg hadde jobba heile dagen på Nei til EU, endeleg fengje upp heile netverket der. So skulle eg laga ein 5-minutter av eit 2 timar langt upptak. Etter nokre raske timar stress redigering var eg ferdig. Macen hadde hengt seg fleire gongar, meldingi «Out of memory» hadde eg sett 17 gongar for mange. Då var det berre å eksportera fili og leggja han upp til Acona.

MEN NEI! DEN SATANS MACEN VIL SJØLVSAGT IKKJE DET HELVETTES SATANS MAC OS X.

Grrr. Eg truer Macen med å leggja inn eit skikkeleg operativsystem på han heile tidi (Linux, ja)—men han veit at eg treng Final Cut Pro for å redigera video. So irriterande Apple. Irriterande Mac OS X. Eg hev skrive um kor mykje eg hatar Windows fyrr, men rart nok fann eg ingenting um eit anna operativsystem frå eit digert drittselskap som berre skal tyna meg for pengar. Eg irriterte meg sterkt for Apple og Mac på Twitter for litt sidan då.

Same kva, det er ikkje poenget. Poenget var at eg vart sitjande der for å få det fiksa. Ingen hell der nei. Vops, plutseleg hadde litt for mykje tid gått. mortehu kom burt og spurde um ikkje eg skulle taka flyet.
­«Jo det skal eg jo», svara eg.
«Kor tid gjeng det?»
«Hmm. 2220.»
«Og dette skal du rekkja med kollektivtransport? Det rekk du aldri. Hev du gløymd kor treigt kollektivtransport er?»
«Faen,» sa og tenkte eg. mortehu hev jo heilt rett.
«Det spyrst um me rekk det, men eg kann prøva å køyra deg».

W00t, w00t! Eg sa sjølvsagt ja med ein einaste gong. Kledde på meg og so hoppa me upp på motorsykkelen. For dei som ikkje veit det so hev eg planar um å taka lappen for tung motorsykkel, dette fekk meg ikkje akkurat mindre gira på planen. Det er skikkeleg akselerasjon på slike motorsyklar! Eg måtte halda hardt; det var ingen rygg å lena seg til og eg var sjølvsagt litt skeptisk til å falla av. So eg heldt tett.

Me raste ut mot flyplassen. Det var nervepirrande iom. at det er ganske langt ut til Gardermoen. Kilometrane gjekk raskare enn det fartsgrensa tillet, men likevel tek det lang tid. Eg fekk sagt «Tusen takk» fyrr eg sprang inn i terminalbygget. Ingen kø i tryggleikssjekken. Likevel var det litt vel dårleg tid. Eg måtte taka av meg ting og tang. Drog ut det som var i lommene,—då rauk mobiltelefonen min i golvet og falt i fleire deler. Fleire enn normalt, for frontomslaget vart brukke i tvo. Bah.

Tryggleikspersonalet lo av meg, eg smilte stort attende – eg synast no slikt er moro. Han eine merka at ting tydelegvis hadde gjenge fort iom. at eg hadde genseren på feil veg. Haha. Eg stressa med å få av meg klokka som er teipa til armen min, det er ingen enkel jobb – men eg fekk gå gjennom med han på. Det peip ikkje!

Då eg kom fram til gaten såg eg at det var for seint. Eg spurde flypersonalet um det var mogleg å skaffa billett med eit seinare fly. Eg sjekka nemleg flyavgangane, og SAS hadde eitt fly til som gjekk fyrr flyplassen stengde. Eg skulle taka flyget i dag. Absolutt, absolutt, absolutt. Same kva pris.

I SAS-skranka møtte eg ei litt sur dama. Ho brukte sikkert eit kvarter på å skaffa denne billetten min, og sa ikkje stort um kva det ville kosta. Eg stal masse sjokolade frå SAS på denne tidi. Flyavgangen nærma seg stygt. Til slutt ropte ho på meg (eg hadde sjølvsagt vimsa meg ein 100 meter vekk grunna all ventingi – er begrensa kor moro det er å hengja på same plassen og stela sjokolade), og eg fekk betalt. Eg vimsa rundt og fekk til slutt samla alle dei 10 småtingi eg hadde liggjande på skranka.

Eg gjekk frå ho. «Orsak!­» sa ho, og vops, der låg visst VISA-kortet mitt att på skranka. Eg gliste stort, og wow ho smilte:
«Ja, greitt å ikkje gløyma det»
«Nei, men det hadde no vore typisk meg», svara eg. Ho smilte, såg ned, og vart sur att. So stakk eg.

5 tankar om “Mista fly, som vanleg

  1. Egil

    Om du måtte betala meir for flyet, så fekk du iallefall taxitransport bort gratis, og det er neimen ikkje billig det heller. :)

  2. Odin

    Egil: Ja. Vart ein ekstra SAS-billett på meg det. Men er veldig takksamd for at mortehu køyrde meg.

  3. Simon

    Du er no lik deg sjølv, det skal du ha. Bra du fekk plass på sistflyet. Er kjipt å måtte venta til dagen etter.

  4. Odin

    Simon: Og nokre gonger er det endå verre enn å berre måtta venta til neste dag. :-) Når meir står på spel.

  5. H ho V

    Hahahaha so bra! So søt du er med mongismobil, gensaren feil veg og samanteipa klokka:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.