Endå meir fiksing på mobiltelefonen

Når du er ute og reiser hender det at ting vert øydelagd; då er det godt å hava med elektrikerteip, eit brukt brett med pollentabellettar og restar av ein flybillett. Tenner er òg greitt.

Det finst sjølvsagt mykje betre fiksingssett, men når du sit på fly nummer 2 som ikkje kjem seg av garde og keier deg noko heilt intenst mykje, er det ikkje stort mykje anna du hev tilgang til. (skit, dansk setning)

Tingen er at mobilen min er litt ribba og stygg for tidi. Heldigvis fiksa Helene han for meg med elektrikerteip etter ein flytur eg hadde til Bergen. Torstehu hev sagt han hev ein mobil med blåtann til meg, det høyrast dritbra ut – men eg hev ikkje fengje avtalt noko. Dessutan er eg veldig glad i mobilen min. No datt «Legg på»-knappen av etter ei stund, men det gjorde ikkje so mykje – det er ikkje moro å leggja på telefonen lell. Med mindre det er ein telefonseljar, men då kann eg alltids finna fram til den vesle sensoren. Eg tykkjer vel eigentleg det er ein positiv funksjon at mobilen ikkje legg på medan du dreg han ut or lomma.

Same kva; dette er små avsporingar, men kann du venta anna når eg hev reist i 16 (!) timar der under 6 av dei var reising og yver 10 var fantastisk keisam venting som for det meste gjekk ut på å sjå i veggen eller på flyseteryggen framfor meg. Hadde dei i minsto hatt straum til datamaskini so kunne eg gjort noko nyttig arbeid. Men neidå; ikkje noko slikt. Helder ikkje fungerande trådlaust net; lurer på kva verdi hev vorte til! Og sidan óg Italia er eit ekte u-land som flyplassane med tanke på internett, so hev eg ikkje vore på verdsveven på dritlengje! So gale at eg hev fengje Helene til å gjera ting for meg via superdyre mobiltelefonsamtalar. Rett fyrr eg dikterte epostar til folk som ho kunne senda for meg. Gale. Dette var forresten ei endå større avsporing.

Attende til mobiltelefonen

Kvar var eg? Jo! På byrjingi av denne turen min fann eg ut at 1er-tasten òg hadde dotte av – det var jo absolutt ein uting. Eg fann altso ut etter ein heil del dritkeisam venting at eg kunne prøva å utbetra dette. Den vesle trykkesaken under knappen var der framleides sjølvsagt, so eg måtte berre få laga ein ny knapp som stakk ut og var enkel å trykkja på. Her kjem me til tabelettbrettet; eg beit/reiv av ei tom ruta til knapp. Knappen var moro å trykkja på – men han måtte jo koma borti sensoren nede på mobilen; her kjem me til flybillett-resten. Eg reiv av litt og bretta det slik det fekk plass inne i pillerommet; voilá. Trykknapp!

Men det er jo inget godt um eg må halda mobilen i horisontal stilling heile tidi – då er han jo ikkje serleg mobil! So då var det berre å bruka Helene-patentet og putta ein ekstra svar teipbit rundt mobilen. Og so? Ja:

God som ny, med supertøff 1-knapp!

Ein tanke om “Endå meir fiksing på mobiltelefonen

  1. Skjalg

    …få i stand med dei hjelpemiddel ein har for handa – er rett omsetjing av ordet improvisasjon frå dokpro.uis.. Dette er god bruk av ressursar!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.