Helgetur i Stavanger (flyturane fram og tilbake)

Natta fyrr sat meg og Klaus uppe til klokka vart 0700. Dete var faktisk same dag som me hadde vakna 0700 av di Klaus hadde eksamen (eg sov litt til etter det). Kva gjorde me so heile natta? Jo, me såg på TV-shop, imiterte TV-shop og lurte på kven i alle dagar som kaupar slikt. Då me i går kveld fekk vita at ei i bufellesskapen kaupte noko derifrå (og det i tillegg ikkje virka) lo me oss skakke.

I dag vakna eg og stod upp 0600, eg hadde lagt meg 0200. Kvifor, spyrr du? Ja, det gjer eg òg – men eg tenkte eg skulle vera litt tidlegare enn det eg absolutt måtte. So eg drassa meg då ut til flyplassen. Jadå – eg veit at halvparten av det eg skriv um er fly – men eg hev stort sett ikkje mykje å gjera på flyget, so då vert det skrivings.

Då eg hadde sjekka inn bagasjen (ja! Bagasje!), var det heile ein time att til flyget gjekk. Røynde lesarar trekkjer likevel ikkje letta på skuldrane for det; eg hev hatt endå betre tid enn det, men likevel mista heile flyget slik at eg måtte vera 2 dagar i London…

Utruleg nok kann eg segja no at alt gjekk fint og at eg eigentleg ikkje hev ein einaste ting å melda; utanum kannhenda eit par-få ord um tryggleikssjekken (som òg er eit av mine favorittemne):

Vondt i magen og «stikkprøve»

Som alle veit so hev no desse helvettes drittryggleiksfolki funne ut at det er ooh-so-farleg å taka med seg vatn elder kannhenda litt jus på flyget. Eg ser verkeleg ikkje problemet. Terrorisme er ekstremt oppskrytt og eg kjenner heile greia berre er til for å irritera kraftig.

  1. Vil nokon sprengja flyget/kapra det so ER DET INGEN PROBLEM; dei finn alltids ei løysing på problemet.
  2. Kor superdupersjeldan skjer noko slikt? Det er nesten so me kann segja aldri.

Problemet mitt var at eg hadde kaupt ein ikkje-so-billeg bringebærdrikk på 1 liter. Denne hadde eg sjølvsagt masse att av, og tryggleiksmannen ville taka han frå meg. So eg kunne jo ikkje gjera anna enn å bruka eit par minutt på å drikkja upp. Det var slett ikkje enkelt å drikkja so mykje so raskt. Eg byrja kjenna meg uggen og ur i magen. Det er visst lovleg å hava 1 liter med seg; men han kann ikkje vera i éin boks, han må fordelast på 10. Eg ser ikkje forskjellen utanum eit stort ekstra-irriterande bonuspoeng til fly.

Eg trur eg må laga og taka med meg eit reisesett med 10 100ml flaskar for å hava drikkevarone i – etter tryggleikssjekken kann du då (um du ynskje) putta innhaldet attende i 1L-flaska. Då fekk du han gjennom lell. Mongosystem spyrr du meg! Det er nesten som um eg vil sprengja eller kapra eit fly berre for å visa at det gjeng an og at dei som vil fær det til. So kann dei taka vekk dei helvettes drittreglane sine elles. Dessutan demonstrerer eg jo alltid når eg flyg med å ikkje slå av elektronisk utstyr og hava på mobilen heile turen. Ein gong skrudde eg han då dei sa me skulle skru han av.

Då eg endeleg, vond i magen (må jo drikkja upp nå eg hev kaupt det!), kom fram, vart eg vinkta ut av tryggleiksvakten.

«Berre ei stikkprøva,» segjer jento. Haha! Akkurat; eg vert kroppsvisittert oftare enn ikkje, då eg ikkje vart kroppsvisittert i Italia vart eg faktisk skikkeleg yverraska. Dei vel seriøst alltid å kroppsvisittera meg. Den siste víka hev eg vorte kroppsvisittert på flyplass 3 gonger! Denne gongen måtte eg av med skoi óg. Usj.

Men, alt godt

Gjekk og vimsa i ymse butikkar. Rakk flyget med ekstrem margin. Eg fann ikkje noko spesielt å vera superuppteken av, so eg sat berre å venta. Makan til antiklimaks!

Ei helg seinare

Ei helg seinare tok eg no dette i eigne hender. Odin på Sola flyplass etter morgonrushet (og forseinkingi grunna det). Jadå; eg er litt sein, men ikkje so sein, tenkjer eg. Men det tenkjer tydelegvis ikkje innsjekkingsmaskini som plent nektar meg å sjekka inn. I innsjekkingsskranka møter eg Tonje. Veldig koseleg, trass i at eg ikkje veit kva eg skal segja. Nei, for sein til innsjekk men eg kann berre fiksa det på gaten.

Lang kø i tyggleikssjekken! Panikk! Eg lurer på um eg skal snika, men nei – det er so teit. Likevel ville eg sjølv ha sluppe nokon med dårlegare tid framfyre meg. Endeleg framme ved sjekken spyrr ei kjend stemma um ho kann koma framfyre meg av di flyget hennar er «gate closing». Ho hadde hatt endå dårlegare tid enn meg då ho traff køen, men ho hadde kutta forbi han.
Eg smilte stort «Ja, men det er mitt óg». For eg sveitta allereide av at flyget skulle gå um tvo korte straksar (og eg hadde ikkje klokka).
«Ok,» svara ho.
«Til Oslo du skal?», spurde eg.
«Nei, Bergen,» sa ho, «gjeng 0805». Haha! Det er jo nett som meg på mine verste dagar. Klokka var allereide litt yver 0805!
«Aah! Då hev du dårlegare tid enn meg,» forstod eg, «du må koma framfyre».

Det lot ikkje til at ho høyrde meg so eg flytta ganske enkelt bagasjen hennar fram eit hakk. Eg kjende att bumerket på sekken. Ah! Difor stema var kjend, eg såg burt på ho – det er jo Siri M. Kalvig i Storm Weather. Ho virka uppteken med noko so eg tenkte eg berre fekk gå gjennom sjekken, men dei lot meg ikkje. So eg sa Kalvig kunne gå fyrr meg. Då takka ho fint.

Dei funderte fælt på kva som var i sekken min, byrja kjenna presset frå klokka. Fekk alt med meg til slutt, såg at verkjendisen hadde kome seg på flyget sitt medan eg trippa mot mitt. Det viste seg at eg hadde ganske god tid – eg kunne fint ha vore 5 minutt seinare og likevel rukke flyget!

Trur eg byrjar verta betre på dette med fly no når eg flyg heile tidi!

3 tankar om “Helgetur i Stavanger (flyturane fram og tilbake)

  1. Vebjørn

    Eg tykkjer i grunn desse «tryggleikssjekkane» er eit sabla bra tiltak. Ikkje at det minskar terrorfåren i det heile teke, men det gjer i minsto livet surt for folk som flyg i tide og utide … ;)

  2. Mamma

    Godt at du endeleg hadde god tid. Du får helse ho Siri frå meg neste gong då :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.